To riksdekkjande skriftspråk
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
Bjørn Kristen Ørbæk samanlikna i HA 14.02. ei
setning frå Stange-dialekten med nynorsk og bokmål
og kom fram til at den nynorske setninga ikkje passa
til stangesetninga. Igjen kunne Ørbæk ha vore
”flinkare” til å byggje opp argumentasjonen sin mot
nynorsk. Begge dei to skriftspråkvariantane er jo
faktisk like nære eller fjerne det konkrete dømet
frå Stange som blei brukt. Ørbæk punkterer dermed
sin eigen argumentasjon.
Den andre delen av argumentasjonen som går igjen i
Ørbæk sine innlegg, er at nynorsk er eit regionalt
særspråk som ikkje burde vere riksspråk. Så når
Ørbæk då samtidig indirekte påstår at vestlendingar
snakkar nynorsk og dermed ikkje vil føle bokmål som
sitt naturlege skriftspråk, lurer eg på kva Ørbæk
meiner med eit ”riksdekkjande” skriftspråk. Korleis
meiner Ørbæk den same argumentasjonen vil sjå ut
ifrå perspektivet til dei som definerer nynorsk som
sitt skriftspråk?
Det verkar som om Ørbæk konsekvent definerer
Vest-Noreg og/eller nynorskbrukarar ut av riket. At
Ørbæk ønskjer at partia skal ta opp denne type
separatisme inn i politikken, får han sjølvsagt lov
til å ønskje og meine. Men om eit parti i neste
omgang faktisk vil velje å høyre på Ørbæk og
offentleg erklærer at nynorsk er eit særspråk som
ikkje fortener å vere riksspråk, ville jo vere enda
meir oppsiktsvekkjande enn Ørbæk sin eindimensjonale
propaganda mot nynorsk.
|