Trass i at eg gjentekne gonger
har kommentert faktafeila i Bjørn Kristen Ørbæk sin
antinynorsk-propaganda, kjem dei same tekstane
tilbake like sikkert som trekkfuglane om våren.
Ørbæk skriv framleis om
”nynorske språkprivilegier” uavhengig av at nynorsk
ut ifrå hans eigen argumentasjon jo faktisk er eit
minioritetsspråk ”i vårt lille land”. Alle
privilegia ligg altså faktisk på bokmålssida. Ørbæks
bruk av ord som ”rettferdighet” blir merkeleg i ein
slik kontekst.
Det blir heller ikkje rett av
Ørbæk å påstå at dei politiske partia sviktar ”sin
oppgave når det gjelder å fjerne de nynorske
privilegier”. Faktum er at Noreg ved lov har vedteke
å ha to offisielle skriftspråk. Det er dermed ingen
politiske parti som bør ”ha som oppgåve” å gå imot
lova.
Ørbæk bruker også uttrykket
”fordummende språktvang” i meir eller mindre kvart
einaste innlegg imot nynorsk, som det har blitt svært
mange av med åra. Sjølv om han likar å bruke
skoleforsking som eit liksomargument, nektar han å
ta innover seg at all forsking viser at å lære
fleire språk fører til enda betre læring. Å kunne
fleire språk er aldri fordummande.
Det er elles riktig at elevane
som regel ikkje sjølv vel sitt hovudmål. Det er i
praksis foreldra og politikarane som bestemmer kva
som skal vere hovudmålet i grunnutdanninga. Kanskje
Ørbæk bør byrje å tenkje litt over kor udemokratisk
dette eigentleg er. Det er dei vaksne som bestemmer
kva dei meiner er best for barna, og det finst
sjølvsagt mange gode (praktiske) grunnar for dette.
Men vi har også opp igjennom historia sett kor gale
det kan gå dersom ein satsar på einsretting i staden
for mangfald og reell valfridom. I lys av debatten
om boka til Einar Lang-Ree kan ein jo tenkje på kor
vanskeleg det har vore for eit barn å velje noko
anna enn det som foreldra og dei nærmaste rundt
eventuelt stod for. Det er berre i eit ekte
demokrati ein kan velje fritt. Derfor har vi også
fått RLE som fag i staden for eit reint
kristendomsfag. Vi skal lære så mykje som mogleg om
alt, for så å danne oss våre eigne meiningar – om
ikkje anna for å skjønne at det er lov å vere ueinig
i den typen argumentasjon som Ørbæk gjentek og
gjentek som eit mantra. Så kan ein jo vere ein del
av ei språkleg motstandsrørsle fordi ein trur på
språkleg demokrati.