Den 23.9. kunne HA fortelje om
HA-redaktøren Per Wiedswang som blei verva av
tsjekkoslovakiske KGB, men som var dobbeltagent og
samarbeidde nært med norske hemmelege tenester.
Denne historia er spennande nok
i seg sjølv. Men det som fasinerte meg personleg
mest, var kodenamnet til Wiedswang. Han blei kalla
Vydra, som er tsjekkisk for ”oter”. Eitt eller anna
dekknamn skal ein jo ha som spion, og ordet ”oter”
er vel dekkjande nok for den aktiviteten ein driv
med som spion; vanskeleg å få tak i fordi han alltid
dukkar under ein stad.
Men for meg som språkforskar var
det nokre trekk ved dei to orda ”vydra” og ”oter”
som gjorde at forskartrongen min blei vekt. Frå
gammalnorsk og germansk veit eg at o og u er to
bokstavar/lyder som er svært nære. ”Oter” er jo t.d.
”utter” på svensk. Elles veit eg at y kan vere
avleia av u. Eg veit òg at d og t er nesten den same
lyden. Det er berre at den eine er stemd, og den
andre er ustemd. Så her er det god grunn til å tru
at ”vydra” og ”oter” går tilbake til det same
grunnordet.
Det gammalnorske ordet for
”oter” var ”otr”. E-en vi har i endinga i dag, er
ein såkalla ”svarabhaktivokal”, ein hjelpevokal som
kom inn for å gjere uttalen av t + r lettare. Når
ein så ser på ”ydr” og ”otr” som ein slags
grunnstamme, er ikkje orda ”vydra” og ”oter” mykje
ulike lenger. Ifølgje Falk og Torp si etymologiske
ordbok finn ein grunnordet som ”udrá-” i sanskrit
med tydinga ”vassdyr” eller ”oter”, mens ein i gresk
hadde tydinga ”vass-slange” (jf. t.d. den mytiske
Hydra). Grunntydinga viser altså til eit dyr som
lever i vatnet. Den indogermanske grunnrota var
”udro” for ”vatn”. Ein ser òg fort sambandet til ”hydro”,
som er gresk for ”vatn”.
I litauisk har ein ”údra”, mens
ein i gammalslavisk hadde ”vydra”. Og her ser ein
altså v-en som ein finn i bl.a. tsjekkisk. I spansk
har ein ”nutra”. Her er det ein n som har komme inn
framfor u-en, mens ein kjenner igjen resten av
grunnordet som ”utr”. Det latinske ordet var ”lutra”
med ein l, mens moderne italiensk har både l og n, ”lontra”.
I norsk har ein altså ordet
”oter”, mens ein i tysk og engelsk har
”Otter/otter”, og svensk har ”utter” med to t-ar.
Forskjellen mellom norsk på den eine sida og tysk på
den andre sida er som regel svært systematisk når
det gjeld gamle korte vokalar som stod framfor ein
enkelt konsonant, i dette tilfelle o og t. I
overgangen frå gammalnorsk til moderne norsk blei
den korte vokalen som regel forlenga, mens tysk
hadde som ”strategi” og forlenge konsonanten. Derfor
har vi i dag ord som ”åker” (gno. akr) vs. ”Acker”,
”open/åpen” (gno. opinn) vs. ”offen” eller ”tak”
(gno. þak) vs. ”Dach”.
Når vi veit at ”otr” viser til
dyret som lever i vatnet, og at ”udro” er grunnordet
med tydinga ”vatn”, er det ikkje vanskeleg å sjå den
direkte samanhengen vidare. Ei anna indogermansk
grunnform var ”uedor/uodor”. Den første lyden vil
lett bli uttalt som v, og straks ser ein utviklinga
vidare til moderne germanske språk, engelsk:
”water”, norsk: ”vatn/vann”, tysk: ”Wasser”. Og
russisk vodka er språkleg sett heller ikkje noko
anna enn (litt) vatn. Ordet ”våt” (gmn. vátr) finn
også sin naturlege plass i denne samanhengen. Og ein
trur òg at ordet ”vinter” (gno. vetr) høyrer heime
her og var namnet på den våte årstida.
Det er tydeleg at ordet
”vinter” opphavleg kom sørfrå/austfrå. Her oppe i
nord er vinteren stort sett den kalde årstida. Men
den kalde krigen er heldigvis over, og dermed kan
otrane vere relativt trygge i sitt våte element
uavhengig av sommar eller vinter.