Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Nynorsk og meiningar". Hamar Arbeiderblad, 16.08.2010, s. 31.
[Mellomoverskrifter er sette inn av redaksjonen.]
[>pdf av denne artikkelen]
Nynorsk og meiningar
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Med jamne mellomrom dukkar det opp innlegg i HA der nokon ytrar seg imot nynorsk.

Nokon prøver seg med noko som kan likne på ”argument”, andre berre meiner; og det er jo heilt legitimt i Ordet Fritt. Per Johansen skreiv t.d. 11.8.: ”Alle må ha rett til å ha sin egen mening”.

Meiningar kan vere så mykje. Nokon gonger er det ein meiner, basert på subjektive følelsar. Andre gonger er det ein står for, basert på objektive fakta. I vår kultur er vi gjerne relativt strenge med ungane våre når dei seier at dei ikkje likar dette eller hint. Vi aksepterer sjeldan meiningsdanning basert på synsing, men krev argumentasjon. Ungen kan gjerne mislike agurk eller tomat; vi menneske er forskjellige, og alle kan ikkje like det same. Men som regel krev vi at ungen i alle fall har smakt på maten før han eller ho tek eit ”offisielt” standpunkt.

Følelses- eller faktabasert
Når det gjeld mat, er det ein relativt personleg ting. Vi kan la vere å ete det vi ikkje likar. Når det gjeld ting som på ein eller annan måte involverer andre menneske, blir saka straks meir komplisert. Ungen vår kan godt mislike ein annan unge på skolen, og det er heilt i orden å prøve å unngå medeleven. Men dersom ungen hadde sett i verk tiltak for at medeleven ikkje kunne leve i samsvar med sine eigne meiningar, hadde nok dei vaksne gripe inn og snakka om respekt og toleranse for andre menneske. Modningsprosessen til ungane føregår gjerne slik at ein utviklar seg frå å ha følelsesbaserte meiningar til meir faktabaserte meiningar. Som vaksen vil ein bl.a. kunne spørje kva som er den eigentlege årsaka til at ein mislikar eit anna menneske. Finst det konkrete ting ein kan peike på, eller blir meininga eventuelt påverka av irrasjonelle eller feilaktige tankar?

Sjeldan 25 prosent
Per Johansen meiner at nynorsk har ein altfor brei plass i både media som NRK og teksting av utanlandske filmar. Norsk lov krev minst 25 % nynorsk i statskanalane. Fakta er at dette kravet sjeldan blir oppfylt. Når ein i tillegg tek med at det finst eit hav av andre radio- og TV-kanalar, er nynorskdelen i media forsvinnande liten. Så når Johansen med sin aversjon mot nynorsk meiner nynorsken tek altfor mykje plass i NRK, strid dette mot den faktiske situasjonen. Dersom eg som nynorskbrukar derimot hadde meint at bokmål tok altfor stor plass i NRK, hadde det reint statistisk vore meir korrekt. Men både Johansen og eg kan sjølvsagt bruke eit ord som ”altfor” i forhold til våre subjektive meiningar.

Praktisk gjennomførbart
Når Johansen meiner at ein burde ha eitt språk, nemleg riksmål, er det eigentleg to meiningar. Den eine meininga er realistisk, den andre er mindre realistisk. Det er absolutt praktisk og framleis gjennomførbart å ha eitt skriftspråk i Noreg. Men i den grad det blir eitt språk, blir det nok bokmål og ikkje riksmål, sidan riksmål ikkje er noka offisiell målform i Noreg. Eg nemner dette for å vise at ein kan meine kva ein vil, men det tyder ikkje nødvendigvis at eins personlege meiningar alltid er like realistiske eller godt funderte.

Retorisk
Når det gjeld Bjørn Kristen Ørbæk sitt innlegg 5.8., som Johansen sluttar seg til, har eg diskutert argumenta hans tidlegare då vi hadde nynorskdebatten i HA i 2008. Det kan vere retorisk lurt å bruke ei ”svak” samfunnsgruppe, som t.d. innvandrarane, som eit argument imot nynorsk. Spørsmålet er berre om ein ser konsekvensen av dette i ein større samanheng. Ørbæk krev at ein skal ta omsyn til innvandrarane og derfor fjerne nynorsk. Men folk med same politiske ståstad kritiserer gjerne innvandrarane for at deira kultur pregar det norske samfunnet på måtar ein ikkje ønskjer, og at norsk kultur kan komme i bakgrunnen.

Språkleg identitet
Den praktiske konsekvensen av å fjerne nynorsk heilt, ville vere at hundretusenvis av nordmenn ville miste sin språklege og kulturelle identitet. Den indirekte bodskapen som Ørbæk og Johansen sender ut, er at dei ønskjer å vise meir respekt og toleranse overfor dei som av ulike grunnar flyttar til Noreg, enn overfor alle dei nordmenn som av personlege, geografiske eller politiske grunnar ikkje bruker bokmål. Ved å bruke innvandrarintegrering som eit argument mot nynorsk argumenterer ein indirekte for tvangstilpassing av alle dei som føretrekkjer den formelt sett sidestilte norskbaserte målforma nynorsk framfor det meir danskbaserte bokmål. Det er hyggeleg at ein ønskjer å hjelpe innvandrarane på best mogleg måte, men det er merkeleg at ein samtidig er villig til å vise så lite toleranse og respekt overfor sine eigne landsmenn.

Retorisk knep
No er nok ”innvandrarargumentet” mest eit retorisk knep for å fremme si eiga personlege haldning mot nynorsk. Det er i alle fall vel drygt å påstå at alle innvandrarane som ikkje lærer seg norsk, gjer dette fordi dei er forvirra av dei to målformene vi har i Noreg, og at ein derfor, ifølgje Ørbæk, heller ser på arabiske satelittprogram. Det er like naturleg for innvandrarane å ville følgje med på det som skjer i heimlandet, som det er for nordmenn i Spania å halde kontakten med Noreg. Eller meiner Ørbæk kanskje også at det er ”familiens mannlige bestyrere” som bestemmer korleis ein oppfører seg i Spania?