Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Meir om uttrykket "O.K”. Hamar Arbeiderblad, 16.06.2010, s. 22.
[Mellomoverskrifter er sette inn av redaksjonen.]
[>pdf av denne artikkelen - nettartikkel på h-a.no]
Meir om uttrykket "O.K."
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Theodor Abrahamsen knyter i HA 19.5. an til ein tekst om uttrykket ”OK” i Huskelappen og konkluderer med at det synest mest sannsynleg at uttrykket oppstod som ei militær melding.

Eg personleg høyrde som skoleelev at det amerikanske uttrykket ”OK” (uttalt ”okay”) oppstod som ein motsetnad til ”KO”, som blir brukt i boksesporten, og betyr ”knocked out”, dvs. slått ut. Når eg såg at Abrahamsen og andre meiner at ”O.K.” opphavleg er eit militært uttrykk, fekk eg lyst til å sjekke litt fleire kjelder.

Ifølgje dei fleste ordbøkene eg har konsultert, er opphavet til uttrykket – offisielt – uoppklara. Dvs. ein er rett og slett ikkje sikker på korleis uttrykket eigentleg har oppstått. Men det inneber jo sjølvsagt ikkje at ein ikkje kan føreslå sannsynlege – eller pedagogiske –forklaringar.

Nokon meinte t.d. at ”okay” var eit indiansk ord med tydinga ”det er slik”, men denne forklaringa er kanskje ikkje så sannsynleg. Det er også føreslått liknande ord frå andre språk (skotsk: och aye, gresk: ola kala, fransk: aux Cayes eller au quai), utan at ein festar lit desse teoriane.

Éi av bøkene eg sjekka, konstaterer at det i dag er relativt allment godteke at ”O.K.” er ei forkorting av ”Old Kinderhook Club”, som var ein organisasjon til støtte for Martin van Buren, som i 1840 for andre gong stilte som presidentkandidat i USA. Sidan van Buren kom frå bydelen Kinderhook i New York, blei han av tilhengjarane sine bl.a. kalla ”Old Kinderhook”. Tilhengjarane brukte så ”O.K.” som emblem på alt av propagandamateriell. I den samanhengen blir det sagt at dei politiske motstandarane spottande sa at Kinderhook-tilhengjarane ikkje kunne stave ”all correct”. For å ikkje miste andlet skal så Kinderhook-partiet berre ha akseptert denne polemiske framstillinga, og sidan då skal O.K. ha blitt brukt med den tydinga vi kjenner i dag, dvs. ”alt i orden”.

Ei anna bok eg har konsultert, meiner også at ”O.K.” har å gjere med feilstaving, men at det starta med at nokre journalistar i Boston rundt 1839 spøkte med kvarandre pga. andre feilstavingar, t.d. ”K. G.” for ”no go”, som blir uttalt som om det kunne vere ”know go”. Eit anna døme er ”o.w.” for ”all (w)right”. Dette måtte jo heilt openbert vere ei morosam sak for folk som driv i denne bransjen. Den første skriftlege førekomsten av uttrykket ”O.K.” skal ifølgje denne boka finnast i ei Boston Morning Post frå 1839 [trykkfeil i avisartikkelen], noko som kan styrke ”avisteorien”. På den andre sida er dette tidspunktet også samtidig med Old Kindhook-kampanjen. Avisfolka kan altså ha plukka opp uttrykket i denne samanhengen.

Elles er det også føreslått ein sannsynleg teori om at uttrykket kjem frå eit vestafrikansk språk og blei brukt blant slavane med den same tydinga, ”all i orden”. På Wikipedia kan ein lese at den første dokumentasjonen av O.K. kjem frå 1790 i samband med slavehandel. Eit anna døme skal vere frå 1815, og der er det for så vidt med ei militærhistorie, men ikkje slik Abrahamsen skriv om.

I ingen av dei (redigerte) kjeldene eg sjekka, meiner nokon at ”O.K.” er eit militært uttrykk. Uansett ser det ut til at uttrykket oppstod lenge før Boarkrigen, som var forklaringa til Abrahamsen sin lærar.

Mens eg leita etter moglege forklaringar, kom eg også over ei side på Internett der det er presentert så mange som tjuefem ulike teoriar på korleis uttrykket kan ha oppstått.

For oss her i Europa er ”OK” eller ”okay” uansett eit lånt uttrykk, og for å forstå meininga skader det ikkje med ei pedagogisk forklaring – om ho stemmer eller ikkje, er ikkje så nøye i denne samanhengen. Så her er eg heilt på linje med Abrahamsen.