Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Samfunnsnyttig forsking?”. Hamar Arbeiderblad, 15.04.2010, s. 4.
[Mellomoverskrifter er sette inn av redaksjonen.]
[>pdf av denne artikkelen]

Kva er samfunnsnyttig forsking?
 

Harald Eia er i vinden igjen for tida, og igjen klarer han å skape debatt. Den eine sida av debatten dreier seg om måten Eia presenterer dei ulike tema på. Den andre sida av debatten er meir generell.

JENS HAUGAN
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
DEBATT

Spørsmålet er om det er arv eller miljø som er forklaringa på ulike fenomen i verda. Det er mange forskarar som er interesserte i denne problematikken ut frå ulike ståstader.

Enda ei side ved dette er at det finst mange som har ulike meiningar om forsking i seg sjølv. Kva er det som er viktig å forske på? Og kven er det som eventuelt skal bestemme kva ein skal forske på? Einar Lang-Ree uttalte seg på s. 25 i HA 7. april om forskarane ved Høgskolen i Oslo som kravde forskingsmessig fridom. Lang-Ree trekte fram eit døme frå Eia sitt TV-program der nokre forskarar hadde bytt fugleegg for å forske på om endra oppvekstmiljø ville påverke songen til fugleavkommet. Lang-Ree stiller spørsmål ved om dette kan seiast å vere forsking til samfunnets beste, og han går så langt som å kalle dette å ”leike”. I tillegg skreiv Lang-Ree at ”gjøken ’galer’ i dag, akkurat som den gjorde for hundre år siden” for å latterleggjere forskarane – ”burde det ikke heller forskes på området ’vett og forstand’?”.

Eg sjølv fekk i fleire år statlege middel til å forske på gammalnorsk og har vel heller ikkje verken vett eller forstand, sidan mange lekfolk (leikfolk?) vil kunne meine at dette ikkje er samfunnsnyttig forsking. No er eg jo tilsett som lærar og forskar i norsk, og eg bruker kunnskapen min både i undervisninga og i dei språklege artiklane eg skriv med jamne mellomrom. Det er ikkje sjeldan eg viser til gammalnorsk for å forklare fenomen i moderne norsk. Sånn sett vil kanskje den eine eller andre innrømme at alle dei åra eg prøvde på å forstå gammalnorsk grammatikk, også er samfunnsnyttige.

Men korleis er det no med desse fugleegga? Eg har verken sett TV-programmet eller prøvd å finne ut kva dette forskingsprosjektet går ut på. Men eg ser utan større problem korleis dette kan vere samfunnsnyttig forsking. I språkvitskapen har det etter at Noam Chomsky på nittenfemtitalet byrja å utvikle ein teori om ei universell språkevne, blitt forska meir og meir på i kva grad språkevna er medfødd (arv), i staden for at ein går ut ifrå at absolutt alt er innlært (miljø).

Dersom vi aksepterer at mennesket har svært mykje felles med dyra, vil det alltid vere relevant å forske på dyr for å lære om mennesket (samfunnet). Det meste vi veit om menneskehjernen, har vi t.d. lært via å forske på musehjernar. Ei rekkje forskingsprosjekt er etisk sett lettare å gjennomføre på dyr enn på menneske. Det vil t.d. ikkje vere så enkelt å byte ut barn for å sjå om dei utviklar seg annleis hos ein annan familie. Det finst likevel mykje forsking også på dette feltet, fordi det finst barn som av ulike grunnar ikkje kan bu saman med den biologiske familien sin.

Når det gjeld Lang-Ree sitt døme med gauken, er det faktisk slik at gauken som dyr og ”fenomen” har utvikla seg slik at gaukungane blir fostra opp av andre fugleartar. Dette har tydelegvis vore eit evolusjonsmessig fortrinn for akkurat gauken, og gauken har utvikla seg genetisk slik at han kan leggje egg som liknar på andre fugleartar sine egg. Ein kan altså ikkje nødvendigvis bruke gauken som eit døme på kva som vil skje med andre fuglar, sidan gauken har hatt tusenvis av år på å tilpasse seg genetisk til akkurat denne situasjonen.

Ut ifrå min ståstad vil eg tenkje på fuglesong som eit slags språk. Vi menneske lærer jo morsmålet gjennom det miljøet vi blir utsett for. Likevel kan vi ha genetiske feil som gjer at vi ikkje lærer alle delane av språket like godt. Det er ikkje usannsynleg at fuglane i forskingseksperimentet vil syngje på same måte som om dei hadde vakse opp hos sine genetiske foreldre. Men kva slags konsekvensar vil dette eventuelt ha? Vil dei bli kasta ut av reiret fordi dei snakkar/syng ”utanlandsk”? Vil dei bli hakka på av eventuelle ”sysken”?

Vi menneske har utvikla avanserte samfunn, og vi trur gjerne at vi også har utvikla oss slik at vi sjølve er ansvarlege for og bevisste på alt vi tenkjer og gjer. I vårt samfunn er det mange fremmende fuglar i ”reiret”, og dei snakkar ofte på ein annan måte enn ein sjølv. Dessverre er det slik at fremmende fuglar med aksent eller dårlege norskkunnskapar blir hakka på eller ekskluderte i det norske samfunnet, sjølv om dei eventuelt har ”rett” hudfarge. Det hadde derfor vore eit svært interessant og samfunnsnyttig spørsmål om denne fremmendfrykta delvis har genetiske årsaker, eller om ein utelukkande kan skylde på miljøet. Når det er sagt, teknologien til mobiltelefonen blei oppfunnen i Noreg i si tid og tydelegvis funnen så lite samfunnsnyttig at ideen blei seld til ein dekkprodusent i Finland. Dei som ikkje såg på dette som samfunnsnyttig den gongen, angrar seg nok den dag i dag. Så kanskje er ikkje egg-prosjektet så ”koko” likevel.