Én
ting som er interessant med språkdebatten - og det har
vært sånn siden den begynte på 1800-tallet, er den høye
temperaturen den kan få, og det til tider svært
personlige aspektet. Det er liksom ikke bare å diskutere
morsmålet uten at noen føler seg personlig angrepet
eller får lyst til å angripe noen som har ei anna
oppfatning enn en selv. Språk er en svært personlig sak,
og språk har selvfølgelig også å gjøre med identitet.
Reaksjoner
Men er det ikke interessant at man ikke bare definerer
seg selv gjennom det språket man bruker, men at man også
blir definert og vurdert av andre på grunnlag av
språket? Jeg veit at mange ikke leser debattinnleggene
mine rett og slett fordi de er skrevet på nynorsk, og
mange har sikkert ei bestemt oppfatning av hvem eller
hva som skjuler seg bak skriftspråket mitt. Men sist jeg
skreiv et innlegg på bokmål (HA 9. juli), fikk jeg
faktisk også reaksjoner.
Noen forbinder meg med nynorsk og meiner at det blir
«feil» når jeg skriver på bokmål. Det er berre når eg
skriv nynorsk at dei høyrer meg igjennom teksten. Dei
som kjenner meg, høyrer nordlending gjennom orda. Dei
tenkjer vel ikkje så mykje over om eg skriv på bokmål
eller nynorsk; dei høyrer meg; dei fokuserer på
innhaldet i det eg skriv, og ikkje forma. Dei ser
individet, og eg har ein identitet. Er det ikkje flott i
grunnen?
Stigmatisert
Men hos dei som ikkje kjenner meg, blir eg kanskje
stigmatisert. Det er berre ord som står på trykk, og ord
kan vere farlege - og nynorsk er spesielt farleg.
Kanskje kan eg finne på å skrive «naudsynt» istf.
«nødvendig». Kanskje nokon føler seg personleg angripen
fordi eg bruker ei ordform som verkar unaturleg for
nokon med eit anna dialektgrunnlag? Slike som Ørbæk gjer
det.
Dei blir rett og slett irriterte på enkeltord (HA 30.
august). Eg personleg bruker ikkje ordet «naudsynt». Det
finst ikkje i dialekten min, og Nynorskordboka «tving»
meg heller ikkje til å skrive det. Men bør ein ikkje
kunne bruke kvardagsspråket også i skrift? Skal ein
ikkje kunne bruke eit ord i skrift berre fordi det
kanskje ikkje finst i ein annan norsk dialekt? Er ikkje
alt norsk? Må ein skrive «vaskeklut» istf. «kopptue»
fordi det potensielt sett finst nokon som ikkje skjønner
ordet med ein gong, eller som ikkje likar ordet?
Enda verre
Som om det ikkje var «ille» nok med slike «faneord», som
Ørbæk kallar det, så blir det faktisk enda verre når ein
bruker ord som Ørbæk forstår og aksepterer; for då er
det bokmålsord, og det skal ein ikkje ha i nynorsk.
Dagens nynorsk er jo ikkje «ekte», ifølgje Ørbæk. Det er
berre Aasen sin normal som er «ekte». Så det at
nynorsken faktisk har utvikla seg (akkurat som bokmålet
har gjort i same periode), er ikkje akseptabelt. Men
bokmål er det einaste perfekte skriftspråket, uavhengig
av kva rettskrivingsreform ein bruker sidan 1907? Er det
sånn at bokmål blir betre og betre, mens nynorsk blir
dårlegare for kvar reform? Eg må innrømme at eg har
problem med Ørbæk sin argumentasjon.
Faglege debattar
Nynorsken har utvikla seg mykje sidan dei første
forslaga til Ivar Aasen. Aasen var éin mann, som for det
meste heilt åleine prøvde å lage eit skriftspråk bygd på
variantar av norsk talemål. Rettskrivingsreformene etter
Aasen kom på bakgrunn av faglege debattar. Eg er ueinig
i mange av dei nynorske formene, men språknormering er
svært vanskeleg - nettopp fordi språk er identitet, og
identitet er knytt til enkeltpersonar.
Dersom 75 prosent seier «nødvendig» og 25 prosent seier
«naudsynt», skal ein då velje den forma som dei fleste
bruker i daglegtalen som den einaste tillatne
skriftforma? Eller kan ein faktisk tillate begge
formene? Er det verkeleg slik at eit språk blir
dårlegare fordi ein har fleire ord for det same? Eg
«skriv e-brev», mens dei fleste andre «mailar». Dei
skjønner meg, og eg skjønner dei. Treng vi å bli uvenner
fordi vi bruker ulike ord eller uttrykk for det same
konseptet?
Utvida ordtilfang
Dei fleste av oss har måtta lære seg visse «vanlege»
omgrep som har komme inn gjennom engelsk, spesielt i
samband med datateknologien. Vi «mailar» og «googlar» og
skriv e-brev og søkjer etter informasjon på Internett.
Vi utvidar ordtilfanget, og vi utvidar
erfaringshorisonten. Det er vel det som populært blir
kalla for «læring».
Og då har eg komme til same sluttpoeng som i fleire
tidlegare innlegg: læring er den beste vegen til eit
betre liv, både som individ og som medlem av eit
samfunn. Openheit, inkludering, respekt og likeverd er
viktige verdiar i eit velfungerande samfunn.
Mange av nynorskmotstandarane argumenterer med at ein
bør lære fremmendspråk. Eg reknar med at det er fordi
dei trur at dette vil betre kommunikasjonen og respekten
i eit verdssamfunn. Korfor er ein då ikkje villig til å
investere i betre kommunikasjon og meir respekt for
enkeltindividet her heime?