Men når ein
profesjonell skribent skriv ei overskrift over to
sider: ”-Slutt og klag over kulda!” (HA 7.1.), føler
eg som norsklærar at eg bør gjere noko for at ikkje
”folk flest” trur det er greitt å bruke ”å” og ”og”
om kvarandre.
Dei to orda ”å” og ”og”
tilhøyrer to heilt forskjellige ordklassar og har
heilt forskjellige grammatiske funksjonar. Ordet ”å”
er infinitivsmerket i norsk og tilhøyrer ordklassen
”subjunksjonar”, som tyder at ordet innleiar ei
underordna (jf. sub) setning (leddsetning).
Ordet ”og” sideordnar (bind saman, jf. con)
frasar eller setningar og tilhøyrer ordklassen
”konjunksjonar”. Det er altså heilt forskjellige ord
med heilt forskjellige funksjonar, sjølv om dei
fleste av oss uttalar orda likt.
Trykklette ord og stavingar er
gjerne utsette for lydleg slitasje. Dette er ein av
hovudgrunnane til at moderne norsk har endra seg
gjennom hundreåra frå urnordisk til gammalnorsk via
mellomnorsk til moderne norsk. Det finst enkelte
lydar (i skrift bokstavar) som er meir utsette enn
andre. Eg kunne komme med mange døme her, men vil
konsentrere meg om berre ”å” og ”og”.
Utfordring
Infinitivsmerket ”å” blei uttalt og skrive ”at” i
gammalnorsk, dvs. det hadde den same forma som det
framleis har i dansk (at skrive) og svensk (att
skriva). I islandsk har t-en blitt svekka
til ð
(að skrifa),
og i norsk har utviklinga altså gått enda lenger ved
at lyden forsvann heilt (vi uttaler t.d. vanlegvis
heller ikkje t-en i ”huset” og ”barnet”
(islandsk húsið
og barnið).
Ofte vil ei slik ”forsvinning” bli kompensert ved at
den føregåande vokalen blir lenga, dvs. a-en
blei til ein lang a, som seinare endra seg
til å bli uttalt som å.
Konjunksjonen ”og” blei uttalt
og skriven ”ok” i gammalnorsk (jf. ”och” i svensk).
K-en er ein lyd/bokstav som i mange
samanhengar har blitt svekka til g eller
eventuelt forsvunne heilt. I norsk står det framleis
ein g i skrift, men dei fleste uttaler ikkje
denne g-en. Dermed har vi to ulike ord i
moderne norsk med lik uttale. Med dette følgjer det
ei utfordring når vi skal bruke desse to orda i
skrift, sidan skrivemåten ikkje samsvarer heilt med
uttalen.
Setninga ”slutt og klag over
kulda” gjev strengt teke ikkje noka meining. Orda
”slutt” og ”klag” er formelt sett bydeformer, dvs.
imperativ. Dei fortel oss at vi skal gjere noko. Her
får vi ikkje vite kva vi skal slutte med, men det
står at vi skal klage over kulda. Og det er jo ikkje
det journalisten vil formidle til oss. Verbet
”slutte” kan også stå med preposisjonen ”med”. Ein
kunne altså teoretisk sett skrive ”slutt med ... og
klag over kulda”. Det hjelper oss derimot ikkje
vidare med å forstå overskrifta. Men kanskje det
hjelper skribenten med å skjønne at det må komme eit
anna ord enn ”og”. Ein kunne også prøve å omforme
setninga til ”folk skal slutte ...”. Vil ein då
kunne skrive ”slutte og klag over kulda”? Det kan
ein sjølvsagt ikkje. Ein bør oppdage at ein i alle
fall må skrive ”klage”, dvs. ei infinitivsform. Og
infinitivsforma skal normal stå saman med
infinitivsmerket ”å”, med mindre det står eit modalt
hjelpeverb først (skal slutte, vil klage, må
fryse, men slutte å klage, begynne å fryse).
Inga unnskyldning
Det å skrive – og spesielt det å skrive på PC – er
ein komplisert prosess. Det ser ut til at
skriveprosessen først går gjennom ei eller anna form
for lydmodul i hjernen før den blir omkoda til
bokstavar etter dei skrivereglane ein eventuelt har
lært. Det er altså fullt forståeleg at ein skriv ”å”
i staden for ”og” og eventuelt omvent. Eg må
innrømme at eg av og til har oppdaga slike ”feil”
hos meg sjølv i samband med å skrive e-post eller
lengre digitale tekstar og ein har mange tankar i
hovudet samtidig. Og det er også eit faktum at ein
gjerne ser seg blind på sine eigne tekstar. Dette er
likevel inga god unnskyldning i samband med feite
overskrifter over to sider i ei seriøs avis som går
gjennom fleire ledd før den går i trykken. Den
31.12. stod det i ei overskrift på side 4 i HA ”Får
dårleg”, og teksten handla om NSB og ikkje om
pinnekjøtt.