Eg håpar den trauste hedmarkingen ser den retoriske
og humoristiske vinklinga i dette og ikkje tolkar
innleiinga som overlegen arroganse. Målet mitt er
berre å formidle sider ved språket vårt som angår
oss alle.
Det kom fram i språkdebatten i HA i haust at det
finst dei som ser på språket vårt som det som står i
ein grammatikk og/eller ei ordbok, som er trykt og
gjeven ut på eit forlag. Det er noko fast, det kan
ikkje utan vidare endrast, og alt språk som ikkje er
i samsvar med denne «bibelen», er per definisjon
feil. Læraren kan med autoritet og tyngd setje raude
strekar under det elevane skriv, og vise til tjukke
grammatikkar og ordbøker som gjev han rett i si
maktutøving.
Trykt og trygt
Denne typen språk er ikkje berre trykt; det er også
noko trygt med det. Det som er stabilt og fast, er
trygt på den måten at ein som regel veit korleis ein
skal oppføre seg. Dei fleste menneska søkjer system
og mønster i ting og føler seg tryggast når verda
fungerer etter visse normer og reglar. Når det gjeld
skriftspråk, kan ein t.d. sjå dette ved at enkelte
synest det er problematisk når ein har valfrie
former (t.d. nødvendig vs. naudsynt i
nynorsk eller bygde vs. bygget i
bokmål). Det kan vere ei mental belastning å måtte
ta stilling til fleire alternativ, og det kan rett
og slett følast som eit ubehag for nokon, som så
kjem til uttrykk som protest og angrep mot dei som
ikkje føler dette ubehaget.
Språket i grammatikkar og ordbøker, og språket vi
møter elles i samfunnet, er det eksterne språket.
Det er utanfor oss sjølv. I grammatikkane og
ordbøkene finn ein normert språk. Det tyder
at nokon har sett seg ned og blitt einige om kva for
ei norm vi skal bruke for fellesspråket. Det er jo
klart at mange tusen eller millionar menneske
innanfor eit språksamfunn ikkje snakkar heilt likt.
Då er det praktisk å samle seg rundt ein
skriftnormal. Bokmål og nynorsk er skriftspråk og
skriftnormalar, og dei kan lærast ved at ein
analyserer systemet bak skriftspråket.
Naturleg språklæring
Dei færraste av oss lærer eit skriftspråk som
morsmål. Den naturlege språklæringa går ut på at ein
høyrer språket rundt seg, foreldra, sysken, familie,
venner, naboar, lærarar osv. (det eksterne språket
eller e-språket), analyserer det og gjennom denne
prosessen byggjer opp sin eigen språkkompetanse (det
interne språket eller i-språket). Språklæring er ein
heilt fantastisk prosess sidan hjernen vår er bygd
opp slik at vi kan byggje oss eit heilt språksystem
på eit relativt lite datagrunnlag. Berre få år gamle
kan barn allereie lage og bruke ord og setningar som
dei aldri har høyrt før. Det er altså ikkje slik at
det er berre det som blir putta inn, som kjem ut
igjen. Vi analyserer og konstruerer, og i praksis
finst det ikkje berre to språk i Noreg (bokmål og
nynorsk); det finst fire og ein halv millionar
i-språk i Noreg.
Kvar og ein av oss blir gjennom heile livet utsett
for språklege inntrykk, som vi analyserer og bruker
til å justere vår eigen interne grammatikk.
Språkendringar skjer ofte ved at ein reanalyserer
språklege data, dvs. at ein tolkar det eksterne
språket på ein ny måte. Når dei fleste norske
dialektane i dag bruker ei objektform (t.d.
dem/dom/døm av norrønt þeim) som
subjektsform (dei/de av norrønt þeir),
er det fordi objektforma reint kvantitativt førekom
oftare; og då det norrøne kasussystemet etter kvart
gjekk i oppløysing, blei grammatikken omstrukturert.
Dette skjer på individnivå før det gjev seg utslag
på samfunnsnivå og dermed blir synleg i større
samanhengar og så i offisielle grammatikkar og
ordbøker.
Nye generasjonar
Når mange eldre menneske klagar over at språket
forfell, og at ungdommane snakkar slurvet og stygt,
er dette eit generelt fenomen som følgjer med alle
nye generasjonar av språkbrukarar, nettopp fordi
kvar generasjon må lage sitt eige i-språk på nytt på
grunnlag av e-språket rundt seg. Grammatikkar,
ordbøker og undervisning er med på å stabilisere
fellesspråket med alle normeringane. Men sidan
språket har sin viktigaste funksjon i munnleg
kommunikasjon, vil skriftnormering sjeldan kunne
stoppe analysar og reanalysar i talemålet. Derfor
har vi mange dialektar, sosiolektar og individuelle
variantar av talespråk, som så igjen kan finne vegen
til skriftspråket.
Når den eine synest at ordforma eller formuleringa
til den andre er stygg eller upassande, er det
derfor ikkje nødvendigvis fordi den er feil i
forhold til ei offisiell, felles, ekstern norm, men
kanskje først og fremst fordi den bryt med det
individuelle språket til den som dermed føler
«feilen» på kroppen. Når ein er i stand til å
diagnostisere sine eigne preferansar i forhold til
språk, vil ein forhåpentlegvis også vere i stand til
å ha eit større perspektiv på språk og språkbruk, og
dermed også ha større respekt for variasjon og
mangfald. Kvar og ein av oss representerer ein del
av dette mangfaldet gjennom i-språket vårt.