Spørsmålet er om det kjem fram nye argument. Éin ting er i
alle fall klart: «språkstriden» er ikkje over, sidan vi
framleis diskuterer målsaka ifrå ulike ståstader.
Anna grunnlag
Språkstriden har openbert eit heilt anna grunnlag no enn i
byrjinga. Det er for enkelt å redusere språkstriden til ein
strid mellom to ulike kulturar, den urbane og den rurale,
som Einar Kr. Steffenak framstiller det i HA 3. juli.
I den grad det eksisterer ein kulturskilnad i dag, er det
nok først og fremst mellom dei som vel å engasjere seg i den
offentlege debatten. Og her er kanskje Ørbæk, Steffenak og
eg på kvar vår måte meir eller mindre «typiske»
representantar, dvs. vi høyrer ikkje til dei 99 prosent som
av ulike grunnar vegrar seg for å delta i debattar. Nei, vi
vel å ytre oss offentleg om ting vi er opptekne av, og vi
vel å utsetje oss sjølv for offentleg kritikk fordi vi trur
på ei sak.
På den måten er nok ingen av oss representative for «mannen
i gata». Både Ørbæk og Steffenak er «gjengangarar» på
debattsidene i HA, har eg fått med meg på det snaue året eg
har budd i Hamar; og eg sjølv er ein nyinnflytta idealist og
fagmann og har ikkje lært meg enno å halde mine meiningar
for meg sjølv.
Misforstås
Dessverre skjer det relativt ofte at ein blir misforstått
når ein prøver å leggje fram sitt syn, og det er synd om ein
blir oppfatta som «besserwissig og nedlatende». Det hadde
vore fint om Steffennak ville lese mitt poeng om «fleirtalsretorikk»
i mitt førre innlegg 1. juli om igjen, i staden for å gjere
nettopp det som eg prøvde å setje fingeren på, nemleg å
bruke prosentrekning som det viktigaste argumentet i
språkdebatten.
Poenget mitt var heller ikkje å samanlikne å ta bort nynorsk
med å ta bort matematikk. Poenget mitt var å få fram at ein
ikkje nødvendigvis kan basere pedagogiske og politiske
avgjerder utelukkande på kva fleirtalet ønskjer seg her og
no. Det eg samanlikna, var kva barna i skolen mest
sannsynleg ville velje dersom dei blei spurde om nynorsk og
matematikk. Så vi bør halde oss til saka.
Samanstillinga av nynorsk og matematikk eller sunn mat
versus pølser var eit pedagogisk/retorisk verkemiddel -
akkurat som Steffenak trekkjer fram andre viktige skolefag
som eit «argument» for korfor ein heller bør kutte ut
nynorskundervisninga; som om det eine hadde noko å gjere med
det andre.
Poenget
Steffenak skriv sjølv at han skulle ønskje at det var
nynorsk som var den einaste varianten av nasjonalspråket.
Men «befolkningen har valgt gjennom faktisk bruk». Det er
nettopp dét som er poenget mitt. Steffenak er sjølv éin av
dei som i praksis lèt vere å velje pga. fleirtalet rundt
seg.
Ja, det er eit faktum at dei fleste i Noreg skriv bokmål.
Men min påstand er at dei fleste i dag skriv bokmål fordi
det aldri var eit reelt val å skrive nynorsk, pga.
haldningane i nærmiljøet og samfunnet for øvrig, og pga.
måten undervisninga i sidemålet har vore organisert på.
Retten til å velje språkform
Når ein byrjar med sidemålet mange år etter at ein har lært
hovudmålet, er det få som objektivt sett står frie til å
velje. Og min «misjon» er ikkje å argumentere for nynorsk
eller imot bokmål, det har eg sagt klart i dei andre
innlegga mine.
Men som språkvitar og faglærar som skal utdanne nye
norsklærarar, ser eg det som mi oppgåve å argumentere for
retten til å velje målform fritt på eit reelt grunnlag; og
min påstand er altså at det ikkje eksisterer eit slikt reelt
grunnlag i utdanningssystemet per i dag.
Eg kritiserer ikkje at folk «vel» bokmål som hovudmål, eg
kritiserer at barna våre ikkje får det nødvendige grunnlaget
for å kunne velje fritt. Og eg meiner bestemt at dei fleste
faktisk ikkje aktivt «vel» å skrive bokmål. Det er heller
slik at dei fleste etter kvart «vel» å vere imot nynorsk.
Det er relativt lett å velje bort nynorsk, men det er ikkje
så lett å bestemme seg for nynorsk.
Aktivt val
Eg var sjølv den einaste i klassen som valde å skifte
hovudmål. Det var eit aktivt val. Og éi viktig årsak for
dette valet var faktisk norsklærarane mine, Kristian Halse
og Tor Inge Vike i Mosjøen. Eg kan takke gode norsklærarar
for at eg fekk ein reell sjanse til å velje den målforma som
eg ut ifrå dialektale, estetiske og språkpolitiske
vurderingar følte mest «riktig» for meg.
Eg kan også takke norsklærarane mine for at eg i dag får
halde på med noko så engasjerande som norsk språk. Eg har
aldri prøvd å få nokon andre til å velje nynorsk, og eg trur
nok ikkje studentane mine føler seg pressa eller overtalt
heller. Min misjon er rett og slett å jobbe for at
studentane får eit godt fagleg og personleg grunnlag som
gjer dei i stand til å ta bevisste val, som eventuelt også
kan innebere å gå imot fleirtalet.