Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Meir språk - les og lytt”. Hamar Arbeiderblad, 06.08.2008, s. 4.
[Mellomoverskrifter er sette inn av redaksjonen.]
[>pdf av denne artikkelen - nettartikkel h-a.no]
Debattinnlegg til Steffenak: Et godt innlegg, Jens Haugan) (pdf).]
[Dei ulike debattinnlegga på h-a.no.]

Meir språk - les og lytt

Er «språkdebatten» død? Nei da, vi skal sikkert få lese meir om språk i HA og andre stader også i framtida.

JENS HAUGAN
førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
DEBATT

 

Eg for min del fekk følgje språkdebatten som eg var med og starta tidlegare i vår, frå nordnorske fjordar og fjell, der eg mellom fisketurar og fjellvandringar fekk ettersendt HA til ei einsam og vêrutsett postkasse som var festa til nabobonden sin gamle garasje. Sidan det knapt nok var mobildekning der og eg heller ikkje hadde Internett, blei det ikkje meir skriving på meg i den tida. Og det er vel sånn ferie skal vere.

Mobilisere
Dei to siste innlegga mine blei trykt i feil rekkjefølgje, men det gjorde i grunnen ikkje så mykje, fann eg ut i ettertid. Einar Kr. Steffenak sitt siste innlegg (23.7.) kom då eg var på veg sørover igjen. Så det fekk eg først melding om via SMS frå éin av dei mange kollegaene og vennene som følgde debatten. Det var veldig hyggeleg å sjå at vi kom inn på ein meir sakleg debatt igjen, og kommentaren om kva kona hadde sagt om tidlegare formuleringar, var jo i grunnen veldig «søt» (eg har vel ikkje med dette sagt det vidare til nokon?).
   Men eg var sjølvsagt mest nøgd med overskrifta:
   «Et godt innlegg, Jens Haugan».
   Det var verkeleg raust av Steffenak, og det gjorde godt når ein heile tida venta på neste utgåve av HA og lurte på kva for reaksjonar ein hadde klart å framprovosere med det ein hadde valt å skrive. Så eg vil takke for gode ord og for sakleg og profesjonell tilbakemelding.
   Det var eigentleg veldig greitt å la språkdebatten kvile litt etter innlegget til Steffenak. Som relativt nytilflytta i Hamar blei eg gjennom debatten kjend med litt fleire folk, sidan fleire hadde ein konkret grunn til å snakke med meg og kommentere debatten. Så for meg har dette også hatt eit positivt sosialt aspekt utover det reint faglege; og det er jo hyggeleg.
   No har eg ikkje klart å mobilisere nokon folk frå «gata» med språkdebatten enno, men det er overraskande kor mange «vanlege» folk som faktisk har følgt debatten. Så språkdebatten engasjerer, ja.

Engasjement
No kjem det også snart eit nytt kull med studentar som skal møte norskfaget her på høgskolen. Mitt håp er sjølvsagt at ein slik debatt i avisa skal oppretthalde eit visst språkleg engasjement blant folk flest; og då er det ikkje snakk om å vere for eller imot eitt eller anna, men rett og slett om det å reflektere rundt språk og språkbruk. Det er jo noko som gjeld oss alle. Vi bruker språket meir eller mindre kvar dag, og sjølv om orda som regel kjem relativt lett for dei fleste, må vi ofte ta litt meir bevisste val og gjere vurderingar som gjeld ord og uttrykk, uttale, skrivemåte m.m. Språk er utfordrande og engasjerande, om det er fremmendspråk eller morsmålet.

   I staden for eit direkte debattinnlegg blei dette innlegget litt meir ettertenksamt og filosoferande enn dei førre innlegga. Éi direkte årsak til at eg valde å skrive igjen, er kommentaren til ei kvinne frå Hamar som faktisk sa at ho ikkje hadde skjønt innlegget til Ørbæk (5.7.), som var skrive på Stange-dialekt, mens det ikkje var noko problem for meg, som har nordnorsk og nynorsk som utgangspunkt. Dette illustrerte jo veldig godt det som var poenget mitt i dei tidlegare innlegga mine.
   Det er reint objektivt ikkje korrekt å påstå at nynorsk er «vanskeleg» og «ueigna». Nynorsk representerer dei norske talemåla minst like bra som bokmål (reint objektivt sett sikkert betre). Det er rett og slett slik at ein har lettast for å lese eit skriftspråk som ein er vant til å lese. Ein har jo lese dansk i mange hundre år i Noreg utan at dette eigentleg var noko stort problem, og dei som reiser over til Sverige for å handle, går vel ikkje rundt og uffar seg og klagar over kor fælt, vanskeleg, ubrukeleg osv. svensk er. Reint objektivt ville det heller ikkje vere noko særleg stort problem å lage eitt felles skriftspråk for Noreg, Sverige og Danmark, som det jo faktisk var planar om på eit tidspunkt. Personleg synest eg framleis dette ville vere ein god idé.

Les og lytt
Eg meiner også at engelsk er svært viktig. Derfor valde eg å skrive doktoravhandlinga mi på engelsk, og eg har i mange år hatt mykje bruk for engelsk i samband med konferansar og EU-prosjekt. Men på eitt punkt er Steffenak og eg nok ikkje einige: eg meiner ikkje at ein skal velje éin ting istf. noko anna. Eg kan godt vere med på at engelsk bør integrerast meir i fleire fag, men eg er ikkje med på at ein derfor bør fjerne nynorsk. Det eine har ingenting å gjere med det andre, og ein blir generelt betre i språk jo fleire språklege stimuli ein blir utsett for. Så lenge den offisielle situasjonen er slik at vi har to jamstilte skriftspråk og hundrevis av dialektar i Noreg og relativt god kontakt med Sverige og Danmark, vil eg framleis seie til alle som vil høyre: les og lytt så mykje og så variert som mogleg.