Eg
er jo glad for alle som engasjerer seg i denne debatten,
men Imerslund sitt innlegg er nesten meir sjokkerande
enn Ørbæk sitt.
Ørbæk sine innlegg er ofte kjenneteikna av følelsar og
synsing istf. faglegheit, og argumenta slår ofte i hel
kvarandre (ved å angripe Cæcilie Stang i HA 30. august
demonstrerte han poenget i innlegget hennar meir enn
tydeleg). Men kollega Imerslund har vore ein
representant for norskfaget og lærarutdanninga i ein
mannsalder, og ein del av innlegget hans meiner eg er
direkte uheldig for oppfatninga av norskfaget i
lærarutdanninga.
Valfriheit
Eg har jo skrive ei rekkje innlegg i denne debatten der
eg har prøvd å få fram at eg ikkje nødvendigvis
forsvarar nynorsken i seg sjølv, men valfriheita og det
språklege mangfaldet. I tillegg er det snakk om ei
språkhistorisk bevisstheit, eit faktisk mangfald av
regionale og lokale dialektar og ikkje minst norske
lover og retningslinjer i forhold til offentleg målbruk.
Det er éin ting at fleire av nynorskmotstandarane i
denne debatten argumenterer på ein måte som i praksis
går ut på at «ein lærer meir ved å lære mindre», dvs.
berre ein får nynorsken ut av skolen, så blir elevane så
mykje flinkare i alt, ikkje minst fremmendspråk.
Urealistisk
For å ta fremmendspråkargumentet først: både Ørbæk,
Steffenak og no Imerslund meiner at ein heller bør bruke
ressursane på å lære fremmendspråk enn nynorsk. Det er
heilt urealistisk at nokon kjem til å ta ressursar frå
norskfaget i skolen for å styrke fremmendspråkopplæringa.
Det er rart at skolefolk kan komme med slike argument i
denne debatten.
Men la oss no sjå kva konsekvensar det ville ha om ein
tok nynorsken ut av norskfaget for lærarar. Kven er det
eigentleg som er idealistane i språkdebatten?
Haldningar
Eg har vore open på at språksituasjonen i skolen er
problematisk, og eg har ikkje svar på alt heller. Men eg
meiner at dagens situasjon først og fremst har bakgrunn
i haldningar hos lærarar, elevar og foreldre i tillegg
til måten opplæringa er strukturert på, t.d. at ein
ikkje får sidemålet før i sjuande klasse, og at dei
fleste lærarane sjølve ikkje er trygge nok i nynorsk.
Lærarar med kunnskapar nok og dei rette haldningane kan
utrette mykje - det gjeld for så vidt i alle fag. Men
dei argumenta som mange i denne debatten kjem med, fører
i praksis til enda mindre kompetente lærarar og enda
meir intoleranse for nynorsk. Kven er det som skal
forvalte kunnskapane om nynorsk og språkhistoria om
ikkje lærarane?
Usikre studentar
Ja, det er eit faktum at dei fleste studentane på norsk
årsstudium er usikre og kanskje litt redde. Det er trist
i seg sjølv at vaksne folk etter 12-13 års skolegang
skal måtte sitje der i høgare utdanning og vere usikre
på eigen kompetanse. Men i staden for å vurdere kva ein
kan gjere med grunnutdanninga, er den einaste løysinga
ein kan komme på, å ta nynorsken heilt ut av opplæringa.
Noko meir paradoksalt kan ein nesten ikkje tenkje seg.
Lærarutdanninga er ei nasjonal utdanning. Lærarane skal
kunne undervise i norsk kvar som helst i landet, også i
såkalla nynorskkommunar. Uansett kvar dei underviser,
skal dei kunne representere norskfaget og kunne gjere
greie for språkhistoria og tospråkssituasjonen i Noreg,
og dei skal kunne undervise i grammatikk. Det er ikkje
nok å berre kunne lese bøker for å bli norsklærar.
Ein profesjon
Å vere norsklærar er ein profesjon på lik linje med å
vere bilmekanikar, bakar, revisor eller kva det måtte
vere. Ein kan ikkje hoppe over delar av utdanninga fordi
nokon meiner den er vanskeleg, eller fordi mange kanskje
ikkje likar akkurat den delen av faget.
Bakaren kan godt la vere å bake rugbrød dersom han driv
sit eige bakeri, anten fordi han ikkje kan det eller
fordi han personleg ikkje likar rugbrød. Men dersom han
er tilsett ein stad, må han faktisk kunne lage dei brøda
som står på programmet, og han må vite når han må gå
over til å bruke surdeig. Dette er kunnskap som høyrer
til faget og profesjonen og dermed også til
opplæringsdelen. Det nyttar ikkje å søkje om fritak for
å lære om rugbrød fordi ein har tenkt å berre lage
franske bagettar for resten av livet.
Utdjuping
Men tilbake til norskfaget i høgare utdanning. I
utgangspunktet føreset ein på årsstudiet i norsk at
studentane kan bokmål og nynorsk. Dei har jo trass alt
hatt opplæring i norsk i 12-13 år. Ein del av pensumet i
årsstudiet er elles berre ei utdjuping av stoff ein har
gjennomgått tidlegare i skolegangen (t.d. språkhistorie,
dialektkunnskap).
I tillegg skal ein bl.a. faktisk også jobbe med
gammalnorsk (norrønt), svensk og dansk, og det blir
forventa at ein skal kunne skrive om det på eksamen.
Stakkars studentar. Få det bort! La studentane lese
bøker. La dei kose seg og send dei eksamenspapira i
posten etter ei munnleg prøve der dei kan lese litt
nynorsk, gammalnorsk, svensk og dansk høgt for ein
sensor med hovudfag eller doktorgrad i litteratur eller
fremmendspråk.