Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Ørbæks antinynorsk-propaganda". Hamar Arbeiderblad, 07.09.2010, s. 27.
[>pdf av denne artikkelen] - Innlegget er eit svar på: Bjørn Kristen Ørbæk: 10 fakta om dagens norske språksituasjon, HA, 01.09.2010, s. 27 [pdf av innlegget].
Ørbæks antinynorsk-propaganda
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Bjørn Kristen Ørbæk serverer i HA 1.9. ti ”fakta” om dagens norske språksituasjon. Heldigvis er det svært lett å vise at dette ikkje er fakta, men til dels heilt ville påstandar der forma minner meir om ein type propaganda som var vanleg i visse kretsar på 30-talet.

For ikkje å gjere dette innlegget lengre enn nødvendig, kjem eg berre til å kommentere dei ti punkta Ørbæk prøver presenterer for HA sine lesarar:
 

1.      Det er Språkrådet som er eitt av dei viktigaste organa når det gjeld språkpolitikk, uavhengig av skiftande regjeringar. Hausten 2005 la Språkrådet fram forslag til ein ny språkpolitisk strategi med namnet ”Norsk i hundre”, eit dokument på nesten 200 sider. Språkrådet har også laga ein rapport ”Språkstatus 2010”. Begge dokumenta kan lesast på Språkrådet sine nettsider. I 2008 la regjeringa fram stortingsmeldinga ”Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk.” Elles kan ein nemne at bokmålsnorma blei revidert i 2005, og ny nynorsknorm kjem i 2011. Det er fritt fram for alle å komme med innspel i denne revisjonen. Språkrådet har oppretta ei nettside der kvar enkelt av oss kan bli høyrd. Noko meir demokratisk enn dette går det neppe an å gjere prosessen. Her er det ingen som bli knebla, og det er neppe større fanatikarar med i denne revisjonen enn det Ørbæk sjølv representerer.
 

2.      ”Lov om målbruk i offentleg teneste” skal sikre likestilling mellom bokmål og nynorsk. Det er derfor urimeleg å kalle lova ”dypt udemokratisk”. Dersom det er nokon som har språklege privilegium i det norske samfunnet, så er det bokmålsbrukarar. Vi andre er faktisk svært lite privilegerte når det gjeld å få lese vår eiga målform.
 

3.      Ja, det kostar å ha to offisielle skriftspråk. Men det kostar generelt å investere i kultur og samfunnsliv.
 

4.      Eg vil påstå at Ørbæk ikkje kan komme med mange konkrete tilfelle der innvandrarar ikkje har fått jobb eller ikkje har lykkast i det norske samfunnslivet pga. manglande kunnskapar i sidemålet. Det er opp til Ørbæk å frambringe reell dokumentasjon på at mållova er ”direkte til hinder”.
 

5.      Det er også opp til Ørbæk å dokumentere at ”altfor mange lever i dag fett av de nynorske privilegier”. Kven skulle det i så fall vere? Dei som trykkjer nynorske lærebøker? Dei tapar heller pengar. Det å få offentlege skjema på si eiga målform, er ikkje eit privilegium, det er ein rett vi har. Bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar har den same retten. Men det er bokmålsbrukarane som er privilegerte fordi det normalt alltid finst informasjon på bokmål, mens det er regelen heller enn unntaket at ein får informasjon på nynorsk.
 

6.      Sidemålsopplæringa i skolen er ikkje nødvendigvis ein direkte konsekvens av mållova. Pensumet i skolen er sett saman ut ifrå det ein til ei kvar tid meiner gagnar elevane best for å bli velfungerande samfunnsmedlemmar. Gjeldande læreplanverk legg vekt på fem grunnleggjande ferdigheiter. Akkurat som det finst ulike emne innanfor matematikkfaget, finst det ulike emne i norskfaget, utan at ein treng politiske parti som ønskjer å fjerne delar av pensumet fordi dei meiner pensumet er ”direkte til hinder for norsk ungdom”. Eg har lært ein god del reknemåtar på skolen som eg ikkje har brukt seinare eller har følt eg har hatt bruk for. Likevel trur eg ikkje at desse skoletimane har vore til hinder for mi seinare utvikling, snarare tvert imot.
 

7.      Påstanden om at ”den kunstige favorisering” av nynorsk går ut over ”naturlige norske dialekter” er ein av dei største faktafeilane Ørbæk presenterer. Språkutviklinga sidan innføringa av radio og TV og meir bruk av massemedia har gått berre éin veg, nemleg mot normalisering i retning av bokmål. Mange av studentane eg har i norsk, seier dei snakkar bokmål. Dei har ingen følelse av å snakke ein særeigen dialekt. Også i nynorskkommunar hermar ungane etter språket på barne-TV. Det var dansk og i neste omgang bokmålet som førde til eit utvatning og ”normalisering” av dei norske dialektane. Nynorskens grunnidé var å byggje på dei ulike norske dialektane, mens bokmålet var ei tilpassing av dansk. Ørbæk skyt altså langt over mål med påstanden sin.
 

8.      Ja, Ivar Aasen sa at ein ikkje skulle tvinge nokon til å bruke landsmålet i staden for dansk. Aasen stolte på at folk skjønte av seg sjølv at det var meir naturleg å skrive norsk enn dansk. Faktafeil 8 er at Ørbæk tek ting ut av sin historiske samanheng.
 

9.      Ørbæk har misforstått det grunnleggjande prinsipp at språk er levande og i stadig endring. Når nynorsken etter kvart opna for å ta inn fleire former som nokon vil kalle bokmålsformer, var det for skape eit levande skriftspråk som tek omsyn til den språklege variasjonen i Noreg i dag. Bokmål har gjennomgått mange rettskrivingsreformer, og det same har nynorsk. Når Ørbæk kritiserer valfridommen, så er dette noko ein har stramma inn ved førre bokmålsreform i 2005, og som vil skje med nynorsknorma 2011.

10.  Det er Ørbæk si tipunktsliste som er ”direkte til latter” i eit opplyst norsk språksamfunn. Eit lite land som Sveits har tre offisielle skriftspråk pluss retroromansk. Elles er det mange afrikanske land der dei snakkar opptil ti ulike språk. I det internasjonale samfunnet er fleirspråklegheit faktisk heller regelen enn unntaket.

Ørbæk sine ti punkt er ikkje fakta, men rett og slett propaganda.