Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Dei sloss for å slåss”. Hamar Arbeiderblad, 06.02.2010, s. 40.
[Mellomoverskrifter er sette inn av redaksjonen.]
[>pdf av denne artikkelen - nettartikkel på h-a.no]

Dei sloss for å slåss

Det er mange ting ein kan slåss for. Eg personleg ”slåss” gjerne for at studentane mine og folk flest skal bli meir bevisste på ulike sider ved det norske språket.
 

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
DEBATT


Eg hadde eit innlegg i HA den 12.01. om forskjellen mellom ”og” og ”å” og var bl.a. innom uttalen, som for begge orda kan vere ”å”. Dette er éi av fleire moglege årsaker til at mange har problem med å vite når dei skal bruke ”og” eller ”å”. Ei anna side ved dette fenomenet er at forskjellen kan bli oppfatta som mindre og mindre relevant dess oftare ein ser ”feil” bruk av ordformene. ”Når læraren min skriv feil, er det vel ikkje så nøye om eg sjølv også skriv feil”; eller ”når det står i avisa eller på nettet, må det jo vere riktig”.

Vanleg med korrektur
Tradisjonelt ser vi på skriftlege tekstar som noko som er ”kvalitetssikra”, i alle fall når dei står på trykk i ein eller annan offentleg samanheng. Før i tida var det vanleg at ein hadde nokon som korrekturlas alt før det kom på trykk. I dag er dette dessverre mindre vanleg. Og spesielt på Internett vil ein kunne lese litt av kvart. Eitt aspekt ved det førre innlegget mitt om ”og” og ”å” var at nokre skrivefeil slepp igjennom fleire ledd i eit redaktørsystem til og med når dei førekjem i ei overskrift. Men ei anna side ved dette er nettopp det at nokre slike skrivefeil er så pass vanlege blant ”folk flest” at ein ikkje reagerer på dei, sjølv om ein til vanleg er ein habil skrivar.

Grunnen til at eg tek opp dette temaet ein gong til, er at eg nettopp ”snubla” over ei overskrift på MSN sine nettsider der ein kunne lese ”Du kan sloss!”. Lettare indignert over stavinga klikka eg på lenka og fann ut at den same (?) journalisten der hadde skrive ”Du kan slåss”. Journalisten kunne altså stave ordet korrekt – i alle fall av og til. Kanskje oppfattar journalisten begge formene som korrekte, eller så har han eller ho berre blitt ”avstumpa” i forhold til skriftbiletet. Ein reagerer ikkje lenger på rettskrivinga, for uttalen er jo lik uansett – det same som gjeld for forskjellen mellom ”og” og ”å”.

Journalisten er ikkje åleine på nettet. Eit kort søk på Google gjev 8.620 oppslag for ”kan sloss” og 12.000 oppslag for ”kan slåss”. Ein finn altså begge stavemåtane nesten like mange gonger på nettet – ikkje rart at ”folk flest” etter kvart ikkje lenger veit kva som er riktig. Men – vent litt – akkurat som med forskjellen mellom ”og” og ”å”, finst det også her heilt klare og enkle reglar. Dersom ein ser på verbforma utan s, vil dei fleste ikkje ha problem. Det er jo rett fram: slå – slo – har slått. Forskjellen her er at det er samsvar mellom uttale og skrivemåte. Fortidsforma blir skriven med o, som også blir uttalt som o. Spørsmålet er då korfor så mange ikkje klarer å overføre dette systemet til s-forma av verbet, som ikkje skil seg på nokon annan måte enn at ein får -ss i tillegg til bøyinga/vokalendringa. (I nynorsk kan ein ha litt fleire variantar av bøyinga. Men det er underordna her.)

Skriv som vi uttalar
Norsk er eit relativt ortofont (lydrett) språk; det tyder at vi i stor grad skriv orda slik vi uttaler dei. Men dessverre er det ikkje alltid samsvar mellom uttale og stavemåte. Det har likevel sine fordelar at vi normerer skriftspråka våre slik at det først og fremst er lagt vekt på indre samanheng mellom ulike ordformer. Og dersom det står i avisa at ”språklærarane slåss/sloss for betre skriveopplæring”, kan det jo vere greitt å vite om ein skal vere med og engasjere seg, eller om kampen er over allereie.