Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Bergensarar har for lite sex”. Hamar Arbeiderblad, 05.12.2008, s. 33.
[Mellomoverskrifter er sette inn av redaksjonen.]
[>pdf av denne artikkelen - nettartikkel på h-a.no]
Innlegg i den generelle språkdebatten i HA".

Bergensarar har for lite sex

Eg reknar med at eg klarte å fange merksemda di med denne tittelen. Eg kan love deg ein liten artikkel om sex. Men sidan det er eg som skriv, handlar den nok berre om grammatisk sex (genus).

JENS HAUGAN
førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
DEBATT

 
Sex har å gjere med kjønn, og grammatisk kjønn i norsk viser seg først og fremst gjennom eventuelle endingar på substantiv (namnord) og gjennom bøyinga av eller forma på ord som står til eller i staden for substantiv, t.d. guten, jenta, barnet; ein gammal gut, ei gammal jente, eit gammalt barn; han, ho, det. Dette er relativt greitt for dei fleste som har dette systemet i talemålet sitt.

Ulik bruk
Når det gjeld skriftspråket, og då først og fremst bokmål, kan ein ofte observere vakling eller ulik bruk av kjønn i ulike typar tekstar, dvs. stilistisk variasjon. Det er t.d. relativt mange som seier boka, men skriv boken, spesielt i meir formelle tekstar. Det finst til og med dei som har relativt sterke meiningar om kva slags kjønn ein kan tillate seg å bruke i skrift. Innanfor meir konservative kretsar vil ein gjerne finne færre a-endingar.

Fram til langt ut på 1800-talet var det dansk som var skriftspråket i Noreg. Som kjent har dansk berre to grammatiske kjønn: felleskjønn (det vil seie hankjønn og «potensielt» hokjønn har same ending -en) og inkjekjønn (-et). Wergeland, som eg skreiv om i eit anna innlegg (HA 21. oktober), var éin av dei første til å krevje at ein del særnorske substantiv måtte få ha a-ending også i skrift, og fornorskinga av det danske skriftspråket gjekk bl.a. ut på å innføre fleire og fleire a-endingar for å markere hokjønnsord, i samsvar med dei fleste norske dialektane.

Dansk skriftspråk
Den såkalla danna daglegtalen bygde på dansk skriftspråk, og mange oppfattar den dag i dag t.d. boken, jenten og damen som «penare» eller meir korrekte ordformer. Dette har bl.a. med forholdet mellom e-språk og i-språk å gjere, som eg skreiv om i den førre artikkelen min i HA. Dvs. ein utviklar haldningar og følelsar om språk på bakgrunn av dei språklege data ein blir utsett for gjennom familie, venner, skole og andre sosiale kontekstar når ein dannar sin språklege identitet.

Men når dansk og norsk har same opphav, korleis kan det ha seg at dansk berre har to kjønn, mens norsk har tre? Når ein ser på utgangspunktet for den språklege utviklinga, er det i grunnen meir rart at norsk har tre ulike endingar i dag, enn at dansk berre har to. Dei tre grammatiske kjønna blei nemleg markerte som -inn, -in og -it i gammalnorsk, t.d. hestrinn, geitin, barnit (hesten, geita, barnet). Det er lett å skjønne at -inn og -in kunne falle saman til -en. Dette skjedde i dansk, mens -in utvikla seg til -a i dei fleste norske dialektane.

Språkdebatten
I språkdebatten rundt bokmål og nynorsk her i HA blei det ofte sagt at nynorsk er for vanskeleg å lære for elevar med austnorsk dialektbakgrunn, og nokon kallar nynorsk eit vestnorsk særspråk. Eg skal ikkje gå inn på denne argumentasjonen her. Men når nokon snakkar om at det er så synd i alle austlendingane som må lære seg eit vestnorsk særspråk som sidemål, korleis er det då med dei stakkars bergensarane som er omringa av dette vanskelege særspråket med masse «sex»?

Andre grammatiske trekk kan ein lære relativt systematisk, t.d. at dei fleste hankjønnsord får -ar i fleirtal i nynorsk, mens dei fleste hokjønnsord får -er, og inkjekjønnsord ikkje har noka fleirtalsending (fleire gutar, jenter, barn). Dette er ein lett regel, og så må ein berre lære seg nokre unntak, som t.d. at hankjønnsord på -nad får -er i fleirtal, mens hokjønnsord på -ing får -ar i fleirtal. Men når det gjeld kjønn på substantiv, finst det svært få reglar. Ord som endar på -heit, er alltid hokjønnsord, og ord som endar på -ing er nesten alltid hokjønnsord. Men stort sett må ein lære det grammatiske kjønnet på kvart einaste substantiv.

Systemet i dialekten
Dei fleste kan langt på veg følgje systemet i dialekten sin. Så dei fleste treng ikkje å lære kjønnet på substantiv når dei lærer å skrive. For meg er dialekt eit hokjønnsord, men eg har lært meg at det er normert til hankjønnsord i nynorsk; og det er det jo også i bokmål. Nokre ord har valfritt kjønn i skriftspråket, og når det gjeld eit ord som gardin, kan ein faktisk velje mellom alle tre kjønn, dvs. alle tre former, gardinen, gardina, gardinet, er korrekte i skrift.

Vi er heldige, vi som har dialektar med så mykje «sex». Då slepp vi å lære kjønnet på kvart enkelt substantiv. Men bergensarane må altså gjere ein ekstra innsats for å lære alle substantiv som skal vere hokjønn i nynorsk, fordi bergensarane rett og slett har for lite «sex». Sjølv om bokmål prinsipielt også er eit språk med tre grammatiske kjønn, er det lov å skrive boken og jenten, dvs. å bruke felleskjønn. Den delen av grammatikken i bokmål er altså lettare for bergensarar. Eg veit at dette er vatn på mølla (møllen?) til sidemålsmotstandarane, men det viser berre igjen kor stor variasjon vi har i norsk.