Når det gjaldt artikkelen min om «skutt og drept»,
følte eg at det passa å skrive den på bokmål, bl.a.
fordi eg tok utgangspunkt i mediespråket, som utan
tvil er svært bokmålsdominert. For det andre er eg
prinsipielt interessert i språk og kommunikasjon, og
det å skrive i avisa er ei kommunikasjonsform som
fungerer best dersom det finst nokon som faktisk les
det ein skriv.
Det er ikkje til å komme bort ifrå at nokon ikkje
les avisinnlegga mine fordi dei stort sett er
skrivne på nynorsk. Å gå ut ifrå at alle les bokmål
og nynorsk like lett, er ein idealistisk tanke, som
ein nok aldri blir ferdig med å diskutere. Men det
er ei anna sak.
Språket er viktig
Jobben min går bl.a. ut på å undervise studentar i å
kunne bruke norsk munnleg og skriftleg og å ha ei
viss forståing av språksystemet (grammatikk) og
språkhistoria (samanhengen med gammalnorsk,
nabospråka, dialektane). Når eg vel å skrive i
avisa, er det fordi eg meiner at språket vårt er ein
så viktig del av individet og storsamfunnet at ein
bør reflektere over det så ofte som mogleg og i så
mange ulike samanhengar som mogleg. Ei kvar form for
debatt er bra fordi ein blir utfordra på sine eigne
standpunkt og ser ting i eit større perspektiv.
Det eg har på hjartet i dag, dreier seg igjen om
valfridom, demokrati og respekt for individet. Då eg
diskuterte dette i tidlegare innlegg, dreidde det
seg først og fremst om retten til å kunne velje
mellom å bruke bokmål og nynorsk når ein ville
uttrykkje seg skriftleg. Men eg argumenterte også
for å kunne bruke heile spekteret i ord- og
formtilfanget som dei to skriftspråka våre tilbyd
oss.
Av ein eller annan grunn ser det ut til at folk på
«bokmålsida» reagerer relativt sterkt når nokon
bruker såkalla «bokmålsord» i nynorsk. Bokmålet er
på mange måtar mykje meir ope når det gjeld
ordtilfang og skrivemåtar - i teorien.
Sidestilte former
Reint teoretisk kan ein skrive både kastet og
kasta og boken og boka på
bokmål. Det er såkalla sidestilte former, og det er
fritt fram for alle å bruke desse formene i alle
tenkjelege samanhengar. Likevel er det ein tendens
til at mange føretrekkjer dei dansk-norske formene.
Av ein eller annan merkeleg grunn er det framleis
slik at mange innbiller seg at a-endingar er «fy» i
bokmål. Avisredaksjonane er ofte med på å
oppretthalde ei viss normering i den retninga.
Avisene
Men den offisielle normeringa av skriftspråka våre
har ikkje avisene noko med. Det kan òg nemnast at
den enkelte av oss - heller ikkje avisene - i alle
samanhengar treng å ta omsyn til dei offisielle
ordlistene. Det finst bl.a. også avisredaksjonar som
bruker riksmål istf. bokmål, sjølv om riksmål ikkje
er eitt av dei to offisielle skriftmåla våre.
Aviser vil elles også kunne differensiere normeringa
av språket i forhold til innhaldet. Politisk stoff
vil ofte innehalde færre a-endingar enn stoff om
sport og ungdom. A-endingane blir nok oppfatta som
meir folkelege og kanskje ungdommelege.
Eit overgrep
Det er éin ting at avisene pålegg dei tilsette å
skrive etter ei viss norm; det er ei heilt anna sak
når avisene går inn i tekstane som blir sende inn
til debattspalter og såkalla «ordet fritt».
Avisredaksjonane kan velje å ikkje ta inn visse
innlegg, og dei kan velje å korte ned innlegg. Det
er også akseptert at avisene sett inn
mellomoverskrifter utan å konferere med innsendarane.
Men å gå inn i rettskrivinga til dei som sender inn
innlegg, kan til ein viss grad oppfattast som eit
overgrep.
Eg har brukt mykje tid på å argumentere for at ein
skal kunne bruke dei rike moglegheitene som ligg i
dei to skriftspråka våre, til å formulere seg på eit
personleg og dialektnært språk. Avisinnlegga mine
demonstrerer dette både når eg skriv på nynorsk, og
når eg skriv på bokmål.
Endrar ordformene
Når eg skriv på nynorsk, er det ingen i
avisredaksjonen som rettar på språket mitt - ikkje
ein gong når eg faktisk skriv feil. Men når eg skriv
på bokmål, går HA inn og endrar mange av ordformene
mine til meir konservative former, sjølv om alle
formene eg bruker, er tillatne etter Bokmålsordboka:
stod > sto, mi erfaring > min erfaring,
betydninga > betydningen, forma > formen. Men
dette er ikkje gjort heilt konsekvent, ein finn t.d.
også partisippforma og ordforma i
teksten min.
HA demonstrerer kor viktig det er med kunnskap om
språk. Her har ein gått inn i ein tekst skrive av
ein såkalla «språkvitar» og «retta» han til å bli
språkleg inkonsekvent og til å innehalde ein
språkpolitisk bodskap som ikkje var der frå før. Det
står ingen stad at teksten har blitt redigert av
redaksjonen.
I praksis er dette meiningsmanipulering og viser på
den måten at samfunnet treng personar med kompetanse
i bruk av språk og kommunikasjon. No er dette ei
relativt harmlaus sak i den store samanhengen. Men
kanskje ein liten tankevekkjar?