Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Brett ut og bøy heilt tilbake”. Hamar Arbeiderblad, 03.01.2009, s. 26.
[Mellomoverskrifter er sette inn av redaksjonen.]
[>pdf av denne artikkelen - nettartikkel på h-a.no]
Innlegg i den generelle språkdebatten i HA".

Brett ut og bøy heilt tilbake

I desse tider der mange treng eit lommetørkle eller to, skulle ein tru at vi hadde nok anna å stikke nasen i enn å tenkje på språklege finurlegheiter.

JENS HAUGAN
førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
DEBATT

 
Men høyrer du kanskje også til dei som stussar litt når du vil pusse litt og kjøper ein pakke som det står «lommetørkler» på?

Dersom du ikkje har tenkt på dette før no, kan eg likevel invitere deg til å vere med på ei lita reise inn i språket si spennande verd igjen. Det kan jo hende at du ikkje synest ordet «lommetørkler» er noko merkeleg i det heile. Men kanskje vil du gjerne vite korfor eg som såkalla «språkvitar» kan bruke lommetørkle til noko anna enn å pusse nasen med?

Korfor bry seg?
Lommetørklepakken min er blå og kvit, og ifølgje påskrifta inneheld den «10 stk myke og behagelige papirlommetørkler». Eg veit kva eg hadde tenkt å kjøpe, og eg veit kva eg fekk. Så korfor skulle eg bry meg med kva som står på pakken? Jo, det er det vesle ordet kle som eg hadde tenkt å kle av litt her og få bretta ut av ordpakken papirlommetørkle og bøye heilt tilbake, så eg kan sjå på det med språkforskarauga mine for å finne ut kva det eigentleg er.

Med mindre eg er sterkt forkjøla, har eg som regel berre behov for eitt lommetørkle om gongen. Og då er saka eigentleg nokså utproblematisk. Det er eitt lommetørkle, og det er lommetørkleet. Før i tida hadde ein vanlegvis berre eitt lommetørkle på seg. Det var av stoff og blei vaska med jamne mellomrom. Ein trong sjeldan å telje lommetørklea sine. Men no kjem dei altså i pakkar på ti (eller ti gonger ti), og mange seier og skriv tydelegvis lommetørkler.

Kva tyder ordet?
Men kva tyder eigentleg ordet lommetørkle? Nynorskordboka seier at det er eit «lite tørkle, særleg til å pusse nasen med». Om ordet «tørkle» eller «tørklede» seier Nynorskordboka at det er «(truleg frå da.; av III tørke og I klede) (kvadratisk, fint utforma) plagg brukt til hovudplagg (for kvinner) el. til skjerf ha eit t- på hovudet, om halsen / jf òg lommet-».

I Nynorskordboka er tørkle merkt som «n1», som tyder at det er eit nøytralt substantiv som ikkje får bøyingsending i ubestemt fleirtal. Bokmålsordboka fører opp heile bøyinga: «tørkle -et, -klær, -klærne». Dvs. verken Nynorskordboka eller Bokmålsordboka fører opp noka sideform tørkler. I normert nynorsk og bokmål må ein altså skrive fleire lommetørkle eller flere lommetørklær. Så korfor står det då «papirlommetørkler» på pakken som eg kjøpte på butikken?

Ei forklaring
Dissekerer vi ordet tørkle vidare, sit vi igjen med berre kle (som helst blir til klede når det står åleine), og det er vel få som ville seie at dei går og shoppar kler (med kort e). Her byrjar vi å nærme oss ei forklaring på korfor ein eventuelt kan få ein skilnad mellom klær og tørkler. Når ordet klede (eller bokmål fleirtal klær) står åleine, vil det blir uttalt med trykk, mens det ikkje har trykk når det står saman med eit forledd, t.d. tørkle, forkle, åkle, som alle blir uttalte med trykk på første staving.

Men det er også ein annan skilnad mellom klede/klær og ord som tørkle, forkle, åkle, og den er av semantisk, dvs. innhaldsmessig art. Når vi snakkar om klede/klær, refererer vi til noko ubestemt som ein kan kle på seg. Det kan vere kva som helst, dvs. uspesifiserte klede/klær av eit eller anna slag. Men tørkle, forkle og åkle er gjerne éin bestemt ting, med eitt bestemt bruksområde. Det innhaldsmessige fokuset ligg på forleddet (tør-, for-, å-), og etterleddet kle blir redusert til ei form for grammatisk ending, som dermed kan byrje å oppføre seg litt annleis enn det sjølvstendige ordet klede.

Ubestemt fleirtal
Den vanlege måten å danne ubestemt fleirtal på i dei fleste dialektane, er å bruke -er (eller -ar) som ending. Dersom substantivet endar på ein vokal, bruker ein ofte berre -r i bokmål, t.d. jente/jenter. Ordet klede kjem av norrønt klæði. Stungen d fall bort i mange ord i utviklinga mot moderne norsk, og med -r som fleirtalsending får ein då ordet klær, mens ein har «arkaisk» bøying i nynorsk utan synleg fleirtalsending.

Når det gjeld utviklinga av klæði i samansette ord som tørkle, forkle og åkle, har ikkje berre stungen d (og i-endinga) forsvunne, ein har også fått redusert æ til ein trykklett e. Ifølgje offisiell rettskriving skal den reduserte forma likevel bøyast som det opphavlege ordet klede, både på nynorsk og på bokmål.

Mykje morosamt
Det skal altså strengt teke vere fleire lommetørkle (de) eller flere lommetørklær. Men i praksis viser det seg at vi har fått tre former av norrønt klæði, som har litt ulik tyding og ulike bruksmåtar i moderne norsk. Vi har eintalsforma klede, som viser til eit tøystykke, vi har fleirtalsforma klede/klær, som viser til tøy ein kler på seg, og vi har den reduserte forma -kle, som berre opptrer i samansette ord, og som mange bøyer som ei grammatisk ending.

Tenk så mykje morosamt ein kan få ut av ein pakke med lommetørkle, eller føler du deg snytt no? Språk er spennande!