|
Om
språk og argumentasjon
No har eg jo nettopp diskutert eit innlegg til Bjørn Kristen Ørbæk
(HA 29.04.). Men så kom han med eit nytt innlegg berre få dagar
seinare.
JENS
HAUGAN
førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
DEBATT
Hovudbodskapen i det eg har lese av Ørbæk så langt, er stort sett –
sagt litt forenkla – at riksmål er den beste og reinaste varianten
av norsk skriftspråk, og at liberalt bokmål, nynorsk, samnorsk og
dialektane er ueigna som variantar av norsk i offisielle
samanhengar.
Språkleg mangfald
Eg ønskjer ikkje her å argumentere for den eine eller den andre
varianten av norsk skriftspråk. Eg står for eit syn som tillèt
språkleg mangfald, og som gjer det mogleg å differensiere i ulike
stilnivå. Eg vel å skrive igjen fordi språk og kommunikasjon er mitt
fag, og fordi Ørbæk sine innlegg kan brukast som døme på korleis
nokon prøver å påverke andre med lettvinte og populistiske argument.
Dei fleste vil jo ”kjøpe” argumenta utan å sjekke dei, og det er
ofte lett å vere einig i konklusjonar som byggjer på slike argument.
Men som forskar og naturleg nysgjerrig blir eg jo sjølvsagt
interessert i korfor nokon har eit visst standpunkt, og korleis ein
argumenterer for sitt syn.
Stalin
Ørbæk sitt innlegg i HA 28.04. har overskrifta ”Om kommunister,
sosialister og språklig finkultur”. Det er i seg sjølv ei
interessant samanstilling av ord. Når ein kjenner til Ørbæk sitt
politiske syn, vil ein tolke sosialistar og finkultur som openberre
motsetnader, men så dukkar Stalin opp i teksten som eit argument mot
samnorsk.
Ørbæk skriv at eit nytt, folkeleg skriftspråk, eit
slags ”samrussisk” blei stoppa av Stalin, som ”i sin ungdom hadde
tumlet med det russiske høyspråk og drømt om å bli poet”. Her kan
ein sjå parallellar til Ørbæk sitt førre innlegg, der han sjølv gav
uttrykk for å drive med denne ”beskjedne hobbykunst”. Stalin skal ha
meint at ”kun det beste var godt nok for det russiske folk”, og det
russiske språket var ”et glimrende språk for tenkning og diktning,
en finkultur som måtte komme hele det russiske folk til gode”. Alt
dette framstiller Ørbæk som svært positivt for så å kontrastere det
mot ”våre hjemlige sosialister”, etterfølgt av ord med negative
konnotasjonar.
Samnorsk
Det er Koht og ”hans kumpaner” som ville lage eit nytt skriftspråk
på norsk folkemåls grunn – ”det vil si at vår tradisjonelle
skriftkultur skulle erstattes av samnorsk, et blandingsspråk av
dialekter, nynorsk og bokmål”. Ørbæk viser så til Nasjonal samling
under krigen, som nok ”alle” utan vidare vil godta som eit generelt
argument mot alt, og samnorsk blei ”tredd nedover hodet på
befolkningen til stor skade for utviklingen av stringent språk- og
stilfølelse hos den oppvoksende slekt”.
Kommunistane kjem godt ut sidan dei gjekk imot
samnorsklinja, mens Arbeiderpartiet blir stilt i eit dårleg lys; dei
har jo ”i alle år latt seg styre av en hard linje av innbitte
målfolk”. Elles er det uttrykk som ”statlig tvangsdirigering” og
”den udemokratiske Målloven av 1980”, ”en upopulær tvangstrøye for
majoriteten av nordmenn, skoleelever og innvandrere”. Ørbæk finn det
vanskeleg å få ”solide Ap-folk til å skjønne hva som best for
vanlige folk”, og han avsluttar med at ”uvitenheten er for stor,
likegyldigheten utbredt og stopperne mange”.
Eit klart fiendebilete
Vi får eit klart ”fiendebilete”, og vi får ein del generelle
argument som ein lett kan vere einig i. Men kva skjer når vi prøver
å sjekke hovudpåstanden i Ørbæk sitt innlegg? Moderne russisk språk
er eit glimrande språk for tenking og dikting som kjem heile det
russiske folket til gode, mens det i praksis berre er riksmålet i
Noreg som kan fylle den same finkulturelle funksjonen som moderne
russisk.
Eg måtte jo forske litt om russisk språkhistorie og
fann då ein artikkel av Stalin om språkvitskap og marxisme i Pravda,
20. juni 1950.
Tene klassane
Det er tydeleg at Stalin meinte at nasjonalspråket skulle tene alle
klassane, og at alle variantane av språket, dialektar, sosiolektar,
ulike stilnivå, var ein manifestasjon av sjølve nasjonalspråket.
Stalin ville ikkje ekskludere nokon variantar, og eit språk ville
sjølvsagt endre seg over tid i takt med den tekniske og kulturelle
utviklinga.
Elles fann eg ut at ein ser på Pusjkin som grunnsteinen
i utviklinga av russisk språk og litteratur, og eg ser parallellar
til vår eigen Henrik Wergeland. Pusjkin trekte inn munnleg språk og
laga mange nye ord, og han skreiv i alle dei ulike sjangrane; han
viste altså språkleg mangfald og stilistisk breidd. Pusjkin avviste
arkaisk grammatikk og vokabular, såkalla høgstil, til fordel for
grammatikken og ordtilfanget i det talte språket. I rest my case…
Rikt språk
Som eg skreiv i mitt førre innlegg, ein vil fort møte seg sjølv i
døra når ein diskuterer språk og språkpolitikk i Noreg . Men skal
ein byggje opp ein god argumentasjon for eller imot noko, bør ein
sjekke kjeldene sine. Uansett vil eg takke Ørbæk for at eg på denne
måten fekk lære litt meir om russisk språkhistorie, og elles vil eg
oppmode alle som vel å lese eller skrive innlegg om språk- og
språkpolitikk, til å lese og skrive så mykje som mogleg. Språk er
til for å brukast, og norsk er eit svært rikt språk med mange
uttrykksmoglegheiter. |