Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Snakk dialekt, skriv nynorsk”. Hamar Arbeiderblad, 01.10.2008, s. 30.
[Mellomoverskrifter er sette inn av redaksjonen.]
[>pdf av denne artikkelen - nettartikkel på h-a.no]
Debattinnlegg til Kaare Jarl Gundersen: "Er Jens Haugan "sjølv" sikker på sin nynorsk?".
[Dei ulike debattinnlegga på h-a.no.]

Snakk dialekt, skriv nynorsk

Eg kunne svare Kaare Jarl Gundersen med éi einaste kort setning: «kjøp deg ei ny ordliste», men eg har nok litt meir å seie.

JENS HAUGAN
førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
DEBATT

 
Eg har jo sjølv bede folk om å komme på banen i språkdebatten, så eg klagar ikkje. Det er interessant og underhaldande med ulike syn i språkdebatten. Men når Gundersen (12.9.) opnar med at han ikkje har kompetanse som lærar eller filolog, og vel å ta til orde (det skal faktisk vere «til orde» og ikkje «til ordet»), då bør han kanskje vere litt meir forsiktig med kven han angrip.

Bokmålsord
Ja, det er lov å skrive «angripe» på nynorsk. Og til vanleg er eg rimeleg trygg på nynorsken min. Når eg vel å skrive som eg gjer, dvs. med eit stort innslag av ord som nokon vil karakterisere som «bokmålsord», er det fordi eg er trygg på at desse orda er tillatne i skrift.

Prinsippet eg prøver å følgje, er å halde meg så nær talemålet som mogleg, samtidig som eg unngår å bruke for mange klammerformer (eg burde t.d. heller ha brukt «muleg», men det er ei klammerform). Klammerformene er dei formene ein helst ikkje skal bruke i lærebøker, men elles er det fritt fram å bruke dei i skrift. Eg er personleg ueinig i denne politikken, men eg har ikkje noko stort problem med å følgje den.

Individuell variasjon
Andre gonger kan eg bruke former som eg ikkje «treng» å bruke. Eg skriv t.d. «sidan» istf. «sia», som også er «lov». Sidan eg jobbar med grammatikk til dagleg og også har ein rimeleg tung bakgrunn i gammalnorsk, blir eg ofte påverka til å velje litt meir «etymologiske» former, dvs. eg vel former som passar litt betre med norrønt.

Som eg har skrive før, vi har store moglegheiter for individuell variasjon med dei to skriftspråka vi har, og det er synd at nokon oppfattar dette som eit problem istf. ei språkleg-kulturell skattkiste som vi kan ause av, og som gjer at vi kan variere språkbruken etter ulike situasjonar og samanhengar.

Ordlista
Ordliste bruker eg nokså regelmessig. Vanlegvis bruker eg Bokmålsordboka og Nynorskordboka på Internett fordi desse utgåvene alltid er oppdaterte. Både bokmål og nynorsk har vore gjennom relativt mange rettskrivingsreformer, og språket er alltid i endring.

Sånn sett verkar det som om Gundersen ikkje har følgt med i timen, når han kjem med ei ordliste frå 1976 og bruker ho som om det var ein bibel. Det verkar heller ignorant når nokon som verken er filolog eller lærar, slår ei gammal ordliste i bordet og prøver å fortelje oss andre kva som er rett og ekte nynorsk.

Einerett?
Kven er det som har einerett på å bestemme kva som er «ekte» nynorsk? Eg reknar med at nynorskmotstandarane trur dei tener på å gjere nynorsk til ei fremmend og unaturleg målform, som dei i neste omgang kan kalle for eit «regionalt særspråk». Dei klagar over at dei berre finn vestnorske former der, men nektar å bruke sine eigne former - kanskje fordi dei føler dei ikkje er gode og ekte nok?

Eg har ingen ambisjon om å skrive på sunnmørsk. Dialektgrunnlaget mitt er nordnorsk, og eg prøver å velje ord og skrivemåtar som passar i forhold til gjeldande rettskrivingsnormer. Men det hender at eg vel å bryte desse normene, ja. Eg skriv t.d. «friheit», sjølv om ordet per i dag ikkje står i ordboka. Men det dukkar kanskje opp i ordboka ved neste reform.

Ville unngå tyske innslag
Synet mitt er at alle bør kunne skrive så naturleg og så talemålsnært som mogleg innanfor visse rammer. Dette gjeld både bokmål og nynorsk. Det var nok slik at ein på 1800-talet var svært oppteken av å unngå tyske innslag i norsk. Men det er i praksis umogleg å vaske bort dette etter mange hundre år med språkutvikling.

Det blir også merkeleg når ein favoriserer påverknad frå andre språk, som t.d. latin og engelsk, og «kriminaliserer» påverknad frå tysk. Eit ord som «inflammasjon» er ikkje nødvendigvis betre enn «betennelse», og dei fleste vil oppfatte det som ein legeterm heller enn eit daglegdags ord. Begge orda kan godt eksistere side om side, men kanskje ha ulike bruksområde.

Bevisst
Eg kan love Gundersen at eg ikkje bruker nynorsken min lettvint. Eg er svært bevisst på kva eg gjer. Som regel er eg også bevisst på når eg vel å bryte normene. Men det gjeld svært få ord, og dei fleste orda som Gundersen angrip som «feil», er faktisk tillatne.

Når eg meiner at ein skal vere sikker i språkbruken sin, er det nettopp dette. Ein tek bevisste val i forhold til normene som gjeld. Bokmål fekk ei ny norm i 2005, og nynorsk vil også snart få ei ny norm igjen. Då kan det hende at former eg bruker i dag, ikkje er tillatne lenger.
Ei anna side ved argumentasjonen til Gundersen og andre er at dei påstår at moderne nynorsk er ei dårleg etterlikning av bokmål, som om bokmål er malen for norsk språk. Sidan eg allereie har brukt opp plassen i dette innlegget, kan eg ikkje gå inn på det. Men Gundersen bør lese litt norsk språkhistorie og kjøpe seg ei ny ordliste.