Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Norsk språk blir ikkje avliva”. Hamar Arbeiderblad, 01.08.2009, s. 28.
[Mellomoverskrifter er sette inn av redaksjonen.]
[>pdf av denne artikkelen - nettartikkel på h-a.no]

Norsk språk blir ikkje avliva

Det har vore to innlegg med overskrifta ”Skal norsk språk avlives” i HA. Ole Danbolt d.e. (14.7.) er bekymra fordi stadig fleire bruker engelske songar, mens Per Johan Krogstie (17.07.) er oppteken av at engelsk representerer uønskte marknadskrefter.

JENS HAUGAN
førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
DEBATT

Det er litt ulike vinklingar på dei to innlegga, sjølv om dei har den same overskrifta. Ole Danbolt d.e. gjer det til ein generasjonsskilnad. Ungdommane vel i stadig større grad engelsk musikk istf. norsk musikk, og konsekvensen er at mange eldre ikkje skjønner tekstane til songane på fjernsyn, radio, konsertar eller i kyrkja. ”På denne måten utelukker man fra fellesskapet alle dem som ikke har så lett for å oppfatte de dype sannheter i engelske tekster”, skriv Ole Danbolt d.e.

Songtekstar
Ein kan nok gå glipp av ein ekstra dimensjon når ein ikkje skjønner utanlandske songtekstar. Men når det gjeld songar, er det som oftast musikken som er det viktigaste elementet, elles hadde ein kanskje heller lese eit dikt når ein ønskte å få fram ein spesiell bodskap. Songar er som regel heller ikkje meint å inngå i ein direkte dialog. Songar kan skape følelsar og fellesskap også utan at ein skjønner teksten. Ofte vil instrumentalmusikk kunne ha den same effekten, eller til og med fungere betre i visse samanhengar.

Eg personleg er sjølvsagt interessert i at ein skal bruke norsk i flest mogleg samanhengar. Men eg ser ingen poeng i å svartmåle situasjonen. Bruken av musikk har meir å gjere med kultur enn med språket, sjølv om også språket er ein del av kulturen. Det Danbolt skriv om, er det vi kallar for ”domenetap”. Det finst område der angloamerikansk kultur overtek og konkurrerer mot og eventuelt pressar ut norsk kultur. Det er absolutt eit tema ein kan diskutere, men det tyder ikkje nødvendigvis at norsk språk blir ”avliva”. Det må også seiast at norsk musikk-kultur faktisk har hatt ei veldig bra utvikling dei siste åra, også den norskspråklege. Så, nei, eg trur ikkje at vi kjem til å snakke engelsk og at norsk språk blir avliva, berre fordi vi eventuelt syng engelske songar.

Når det gjeld Per Johan Krogstie sitt innlegg, har det ei meir politisk vinkling. Krogstie skriv at vi ”lar oss narre av verdens anglofile krefter som fanger oss med økt kjøpekraft, og i dette materialistiske systemet hører det med at flest mulig skal kunne engelsk”. Sjølv om også Krogstie sitt innlegg spør om norsk språk skal avlivast, kjem han sjølv med døme på at dette ikkje er så lett. Når Estland, Latvia og Litauen i dag framleis har sine eigne nasjonalspråk, trass i femti år med russisk okkupasjon der det var forbode å bruke nasjonalspråka på offentlege stader, ser ein jo at ein til og med med svært drastiske tiltak ikkje utan vidare får ”avliva” eit nasjonalspråk.

Angloamerikansk
Påverknaden frå angloamerikanske marknadskrefter er absolutt eit tema som ein må ta stilling til. Marknadskreftene kan bl.a. føre til domenetap, t.d. ved at ein bruker engelsk istf. norsk i oljesektoren og i databransjen. Men det tyder likevel ikkje at norsk språk blir avliva.

Ein har også før hatt sektorspesifikke språk, t.d. tysk i bergverksbransjen. Ein lånte inn mange fagtermar den gongen utan at ein derfor kan seie at norsk språk blei avliva. Ein lånte først og fremst inn ord ein sjølv ikkje hadde frå før; på same måte som ein i dag bruker e-mail, scanner og server og liknande ord frå databransjen. Når det gjeld hansatida, var effekten mykje større. Norsk språk tok opp i seg ei svært stor mengd ord og grammatiske trekk, men likevel blei ikkje norsk avliva. Sjølv ikkje mange hundre år utan eit norsk skriftspråk førde til at norsk døydde ut. Og sjølv om utviklinga av bokmål starta med å ta utgangspunkt i dansk skriftspråk, er det mange nok i dag som oppfattar bokmål som meir norsk enn nynorsk. Men det er ei anna sak.

I dag lever vi i ei internasjonal, globalisert verd. Ein reiser mykje meir enn før, og ein har handelskontaktar i mange fleire land enn før. Kommunikasjon er viktig, og det er viktig med kommunikasjonsmiddel som flest mogleg kan bruke og forstå. Før var det latin som fungerte som ”lingua franca” (hjelpespråk) i Europa. I dag er det først og fremst engelsk som har den funksjonen. Ifrå ein idealistisk ståstad hadde det absolutt vore betre og meir rettferdig å bruke esperanto, sidan det er lettare å lære, og det heller ikkje følgjer med nokon kultur eller direkte økonomiske interesser med dette konstruerte språket. Men det er nok svært urealistisk å tenkje seg at heile verda vil velje esperanto som hjelpespråk. Ein treng jo berre å rekne på kva det ville koste å utdanne lærarar i Noreg og få esperanto inn i utdanningssystemet. Esperanto ville nok fort få same status som nynorsk, som mange meiner dei ikkje ha bruk for. Og elevane ville spørje korfor dei skulle lære seg esperanto når dei kan engelsk.

Generelt vil eg seie at det er ein fordel å kunne så mange språk som mogleg. Det fører også til at ein blir meir bevisst på sitt eige språk, og då vil språket leve.