Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Ivar Aasens minne”. Gudbrandsdølen Dagningen, 30.09.2010, s. 47.  [>pdf av denne artikkelen - heil side]

Ivar Aasens minne
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Mikkel Dobloug er ikkje den første og garantert ikkje den siste som prøver å bruke eit sitat av ”en av bautaene i norsk språkhistorie”, sjølvaste Ivar Aasen, mot stillinga til sidemålet (= nynorsk) i skolen. Men sidemålsmotstandarane bør ikkje få lov til å forvalte Ivar Aasens minne på den måten.

Dobloug siterer i GD 24.09. setninga til Aasen: ”Denne nye sprogform skulde dog aldeles ikke paabydes og paanødes; man skulde oppmuntre til dens Brug, men ellers lade Enhver bruge det Nye eller Gamle efter eget Godtbefindende.” Sjølv om Dobloug faktisk nemner årstalet då dette blei skrive, nemleg 1836, blir sitatet i neste omgang teke ut av samanhengen og brukt på dagens situasjon. Dette blir som å ta éi isolert setning ut av bibelen og bruke den overalt der den måtte passe, og påstå det er Guds ord, og at den gjeld til evig tid. Når Dobloug i neste omgang skriv ”For Aasen var ikke tvang noe alternativ i sidemålbruken”, er dette så ahistorisk som det går an. Det fanst ikkje bokmål og nynorsk i 1836, og det fanst ikkje norsk hovudmål og norsk sidemål. Det fanst ikkje noko norsk skriftspråk i det heile utanom det som eventuelt blei skrive på dialekt i uformell samanheng.

Ivar Aasen, med den velfortente statusen som ein av bautane i norsk språkhistorie, ønskte å lage eit norsk skriftspråk, og han håpa at det norske folk vil velje å ta det i bruk i staden for å skrive på språket til danskane, som hadde styrt i Noreg og påverka norsk språk i fleire hundre år. I 1830-åra var det mange som var interesserte i å komme fram til eit norsk skriftspråk. Wergeland var ein av dei viktigaste, og ein annan ”bauta” i norsk språkhistorie var Knud Knudsen, som på mange måtar er bokmålets far. Men av ein eller annan grunn vel nynorskmotstandarane ikkje å bruke sitat frå han. Knudsen skreiv t.d.: ”Det ene Parti søger at skabe norsk Sprog og Litteratur paa én Gang, det andet udsondrer efterhaanden, Stykke for Stykke, det spesielt Danske af Fællessproget saa længe, til de fremmede Elementer i dette er fjernede og indenlandske optagne i Stedet. Derfor bør begge Partiers Bestræbelser kun bekjæmpe det Fremmede, den fælles Fjende, og ikke hinanden indbyrdes.”

I den grad ein skal bruke desse bautaene i norsk språkhistorie som profetar og forvaltarar av ei eller anna evig ”sanning”, bør ein lære litt av kor audmjuke dei trass alt var. Det burde ikkje vere slik at bokmålsbrukarar heile tida skal kjempe imot nynorskbrukarar (og ikkje andre vegen heller).

I dag, snart to hundre år etter 1814, har vi to offisielle, sidestilte skriftspråk i Noreg, og det er stort sett valfritt å bruke dei for den enkelte. Men for å kunne gjere eit reelt val, må ein også ha den nødvendige kunnskapen. Det er derfor vi sender ungane våre på skolen. Der skal dei lære om alt mogleg rart, som dei kanskje får bruk for seinare i livet, og kanskje ikkje. I dei fleste fag er det prøver og karakterar; det er slik den norske skolen fungerer.

I eit fylke som Oppland, der det trass alt finst mange som har nynorsk som hovudmål, er det direkte fornærmande når politikarar påstår dei snakkar om ”sidemålsopplæring”, men meiner ”nynorsk”. Når politikarar gjer sidemålsstilen til ei valkampsak, viser det vel helst at dei ikkje skjønner på kva måte utdanning og reell likestilling på alle nivå i samfunnet faktisk heng saman. Og då meiner eg det er grunn til å vere skeptisk til programmet til slike parti.