Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Norske rettskrivingsreformer”. Gudbrandsdølen Dagningen, 26.11.2010, s. 47.  [>pdf av denne artikkelen]
Artikkelen er ein kommentar til Knut Olstd: "Ein enklare nynorsk", GD 23.11.2010, s. 38 [>pdf].

Norske rettskrivingsreformer
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Knut Olstad skreiv i GD 23. november om den nye nynorskreforma. Olstad nemnde fleire ting som ein nok kunne diskutere; t.d. om nynorsk er døyande eller om dei to målformene våre er eit døme på at vi er så rike at vi rett og slett har råd til å koste på oss to jamstilte målformer. Eg vel likevel berre å kommentere den siste setninga til Olstad. På slutten av innlegget kunne ein nemleg lese at den nye nynorskreforma er ”eit døme på at nynorsk er eit syntetisk språk som barna våre burde bli skåna for i norskopplæringssamanheng”.

No snakka nok Olstad ikkje om forskjellen mellom såkalla syntetiske språk på den eine sida og analytiske språk på den andre sida, der syntetiske språk har meir bøying på ordformene, mens analytiske språk har fleire sjølvstendige ordelement, t.d. ”språket” (eitt ord) vs. ”die Sprache” (to ord). Norsk er i denne samanhengen eit svakt syntetisk språk samanlikna med andre språk i verda, der kinesisk er mykje meir analytisk og finsk mykje meir syntetisk med t.d. kasusformer.

Det Olstad ser ut til å meine, er derimot at nynorsk er eit kunstig språk, og det at rettskrivingsnemnda ”enda ein gong skal ha målforma under kniven” er eit døme på det. Det er jo litt merkeleg at ein nynorskbrukar som Olstad sjølv (som han kallar for ”oss serskild forvitne”) meiner at nynorsk er eit kunstig språk. Ein kan jo vere einig i at den første versjonen av nynorsk (landsmålet) blei sett i hop av Ivar Aasen, og at det derfor var eit ”syntetisk” språk. Men det blei trass alt sett saman av ordtilfanget frå mange levande, norske dialektar. Bokmålet (riksmålet) blei på same måte laga på kunstig vis gjennom at ein tok dansk skriftspråk og bytte ut enkeltord og tilpassa bøyingssystemet litt etter litt i forhold til det ein oppfatta som norsk. Begge skriftspråka er derfor ”syntetiske”, sidan ingen av dei eksisterte frå før i den forma.

Dersom sjølve rettskrivingsreforma i 2011 skulle vere eit døme på at nynorsk er eit syntetisk (kunstig) språk, vil eg berre minne om at også bokmålet nettopp har fått ei ny reform og norm, nemleg i 2005. Før dette hadde vi ei reform av bokmålet i 1981 og bokmål og nynorsk i 1959; før det igjen i 1938, mens ein i 1917 framleis snakka om riksmål og landsmål. Begge våre skriftspråk har altså med jamne mellomrom blitt reviderte, og begge våre skriftspråk utviklar seg vidare, noko som er naturleg for språk i bruk. Om den eine eller den andre målforma er betre eller dårlegare, blir vel helst ei smakssak og eit spørsmål om haldningar og toleranse.