Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as:
Publisert som "Vikingane og vatn" i Gudbrandsdølen Dagningen, 24.09.2013, s. 39.  [>pdf]
Også publisert som "Vikingane og vatn" i Hamar Arbeiderblad, 25.09.2013, s. 22.  [>pdf]
Også publisert på nettsidene til Høgskolen i Hedmark, 25.09.2013. [http://www.hihm.no/Hovedsiden/Forskning/Forskningsdagene/Kronikker/Vikingane-og-vatn]
Også publisert som "Vikingane og vatn" i Hamar Dagblad, 26.09.2013, s. 16.  [>pdf]

Forskingsdagane - Språkåret 2013

Vikingane og vatn
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark

Hamar dialekt- og mållag
________________________________________

Forskingsdagane har i år «hav og vatn» som tema. Kva er vel meir naturleg i Språkåret 2013 enn å sjå på nettopp desse orda?
 
Men lat oss starte med vikingane. Opphavet eller tydinga til ordet «viking» er ikkje heilt klart. Det finst tre populære hypotesar. Ein viking kan rett og slett vere ein person som ror inn og ut av viker. Vikingane var jo kjende for dei karakteristiske båtane sine som kunne brukast i svært grunne farvatn. Ein viking kunne elles vere ein person frå Viken, dvs. området rundt Oslofjorden. Eller så går tydinga tilbake på eit gammalt ord som tyder sjøfarande krigar.
 
Vikingane hadde heilt klart eit forhold til sjøen. Men ordet «sjø» har faktisk svært mange ulike former i dei norske dialektene. I gammalnorsk brukte ein «sjár» eller «sjór», og i samansetjingar kunne ein òg ha forma «sæ»-. R-en kan ein sjå bort frå i denne samanhengen. Men j-lyden kunne ha stor effekt. For det første oppstod denne j-lyden gjennom ei flytting av trykket frå urnordisk til norrønt. Ei gammal germansk form var «seō». Når trykket blei flytta framover, blei det ein glideuttale, og ein fekk «sjó» og «sjá». I neste omgang påverka den nye j-lyden vokalen, og vi fekk uttalevariantar som bl.a. «sjø», «sjy» og «sjæ», t.d. i Sjælland.
 
Ordet «hav» er nok ikkje like spennande, men det kan kanskje vere interessant å vite at det refererer til «det som hever seg». Havet er jo kjent for flod og fjære, dvs. tidevatn.
 
«Vatn» på si side er eit kjempespennande ord. Det finst jo òg som «vann» i norsk og som «vass-» i samansetjingar. I engelsk er det «water», mens tysk har «Wasser». Gamle germanske former var «*watan» og «*watar», og då er det lett å sjå at ordet kunne utvikle seg litt ulikt i nabospråka. I nordisk fekk ein då «vatn» ved samandraging eller synkope. I svensk fekk ein ein hjelpevokal, såkalla svarabhakti, og ordet blir skrive «vatten», mens «vann» oppstod gjennom ei samansmelting av tn til nn, jf. også «botn/bunn». På same måte fekk ein «vass-» av ei samansmelting av ts til ss.
 
Verken engelsk eller tysk har ordet «hav». I tysk har ein derimot «Meer», mens engelsk har latinske ord som har samanheng med «marine». Før orda «hav» og «sjø» tok over i nordisk, brukte ein faktisk ordet «marr». Dette finn ein igjen i ord som «marbakke», «mar(e)halm» og «marsvin».
 
Vikingane reiste langt, og det var vatnet som førde dei til mange nye stader og verdsdelar. Dei følgde elvane gjennom Russland og ned til Det kaspiske hav, og dei brukte havet rett utanfor, som førde dei til alle øyane i vest og heilt til Amerika, mens dei også reiste nedover til Europa og inn i Middelhavet. Svært mange stader busette dei seg i kortare eller lengre tid og etterlét seg språklege spor. Islandsk og færøysk blei «planta» midt i havet og grodde ut av gammalnorsk. Åra rundt 700 til 1000 var rett og slett prega av flytande nordisk.