Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Språkåret og Det Norske Teatret". Gudbrandsdølen Dagningen, 08.01.2013, s. 31.  [>pdf av denne artikkelen]
Også trykt i Hamar Arbeiderblad 09.01.2012, s. 27. [pdf]
Også trykt i Hamar Dagblad 10.01.2012, s. 17. [pdf]

Språkåret og Det Norske Teatret
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark

Hamar dialekt- og mållag
________________________________________

Den offisielle feiringa av Språkåret 2013 starta i Kristiansand 2. januar, der Det Norske Teatret hadde si første førestilling for hundre år sidan. Det Norske Teatret var eitt av mange resultat av den norske målreisinga etter dansketida og blei oppretta for å «føra fram spelstykke på norsk mål, normalmål eller dialekt».

Mange kan i dag ikkje førestille seg at teateroppsetjingar i lang tid berre blei framførde på dansk og helst med danske skodespelarar. Dansk var jo det offisielle skriftspråket i Noreg heilt fram til slutten av 1800-talet – og norsk talemål eigna seg ikkje på offentlege teaterscener.

No var det ikkje slik at ein ikkje fekk norsk mål på teater før 1913 og gjennom landsmålsrørsla. Det var faktisk «bokmålets far», Knud Knudsen, som på midten av 1800-talet gjorde ein iherdig innsats for å fornorske det danske skriftspråket – ikkje minst i samband med arbeidet på Kristiania norske Theater – noko som også hadde store konsekvensar for bl.a. Henrik Ibsen sitt språk. Forskjellen var at Knudsen valde den moderate linja med å fornorske dansken litt etter litt over lang tid, mens Aasen la fram eit meir eller mindre heilnorsk skriftspråk med ein gong. Som vi alle veit, blei enden på historia at vi i dag har to norske skriftspråk og delvis sterke motsetnader mellom representantar for desse to målformene.

Starten for Det Norske Teatret var faktisk heller ikkje så greitt. Riksmålsrørsla hadde store problem med å akseptere at ein skulle ha teaterframføringar på landsmål, og det kom til samanstøyt og slagsmål. Det same skjedde igjen i 1948 då Det Norske Teatret framførde Peer Gynt i nynorsk omsetjing. Til og med kort tid etter krigen hadde altså språk og kultur makt til å skape strid innanfor eigne rekkjer.

Det Norske Teatret leverer kvalitet og består den dag i dag i sitt hundrede år. Dei to skriftspråka våre består òg den dag i dag, og vi feirar bl.a. Ivar Aasen sitt tohundreårsjubileum og 201 år for Knud Knudsen. Trass i delvis sterke frontar og meiningsutvekslingar må ein kunne seie at det er god plass til mange ulike språklege og kulturelle uttrykk i Noreg, og at vi har god grunn til å markere Språkåret som «ei raus, inkluderande og samlande feiring av språklege skilnader og språkleg mangfald».