Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Tunnel eller tunell?". Gudbrandsdølen Dagningen, 24.11.2012, s. 53.  [>pdf av denne artikkelen]
Artikkelen er ein kommentar til S. Kleiven: "Skrivefeil" i GD 22.11.2012, s. 48 [>pdf].

Tunnel eller tunell?
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________

S. Kleiven går hardt ut i GD 22. november og klagar over at NRK ofte skriv «tunell», mens Kleiven meiner at «det heiter tunnel, ikkje tunell». Men NRK er faktisk i sin fulle rett til å skrive «tunell». Begge skrivemåtane er tillatne, både i bokmål og nynorsk.

No vil jo sikkert ein og annan sukke igjen over all denne valfridommen i skriftspråka våre, men her – som i andre tilfelle – er ein nok i ein overgangsfase der «tunell» ein gong i framtida kanskje kan bli eineform. Både engelsk, tysk og fransk har skrivemåten «tunnel». Men mens engelsk og tysk har trykket på den første stavinga, som kan legitimere skrivemåten i desse språka, har fransk trykket på den siste stavinga; noko som kan tyde på at vi har lånt ordet frå fransk (sjølv om ein kan lese i ordboka at «tunnel» er lånt frå engelsk).

Andre ord norsk har lånt frå fransk, er t.d. «sjåfør» og «byrå». Desse orda blei sjølvsagt skrivne som «chauffeur» og «bureau» i lang tid. Men i dag oppfattar dei fleste orda som integrerte og norske, og skrivemåten har også blitt norsk.

Både engelsk og tysk har framleis skrivemåten «chauffeur» (med stor forbokstav i tysk), mens berre engelsk held på skrivemåten «bureau». Som i norsk har ein også i tysk endra skrivemåten til «Büro» i tråd med tyske skrivereglar. At ikkje «chauffeur» har fått tysk skrivemåte har kanskje mest å gjere med at mange helst bruker det tyske ordet «Fahrer». Engelsk har også ordet «driver», men engelsk har jo frå før svært mange franske ord i språket på grunn av den spesielle historia til Storbritannia.

I norsk er hovudregelen at ein har trykket på første staving. Ein annan hovudregel er at ein markerer kort vokal med etterfølgjande lang konsonant, t.d. «hat» vs. «hatt». Det fører bl.a. også til at vi skriv «spesiell» og «intellektuell» der vi har trykket på siste staving. Engelsk og fransk skriv «special»/»spécial» og «intellectual»/»intellectuel», mens tysk skriv «speziell» og «intellektuell» etter same prinsipp som norsk. Skrivemåten «tunell» er heit klart den korrekte måten å skrive ordet på dersom ein ønskjer ei konsistent rettskriving som er basert på norsk uttale. Men «tunnel» er sjølvsagt også korrekt per i dag; men då på bakgrunn av at «tunnel» er eit lånord i norsk – eller at nokon eventuelt faktisk uttaler ordet med trykket på den første stavinga.