Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Kva er subjektet".Gudbrandsdølen Dagningen, 19.10.2012, s. 39 [pdf].
Også trykt i Hamar Arbeiderblad, 01.10.2012, s. 29. [>pdf]


Kva er subjektet? Gudane veit!

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
______________________________________
 

Forskingsdagane 2012 har «samfunn» som tema. Når ein høyrer ord som forsking og samfunn, tenkjer ein nok fort på direkte relevante forskingsdisiplinar som sosiologi og statsvitskap. Men kan samfunnet også spele ei rolle i grammatikken? Er ikkje grammatikk eit fast system av reglar i hjernen til den enkelte?

Faget mitt er språkvitskap, og hovudinteressa mi har i mange ord vore syntaks, dvs. korleis ord kan koplast saman for å danne setningar, og kva slags mekanismar og reglar som styrer oss når vi lagar eller genererer setningar.

Setningar består gjerne av fleire ledd med ulike funksjonar. Dei fleste vil nok hugse termar som t.d. subjekt, verbal, objekt, adverbial frå skoletida. «Jens skriv ein kronikk i avisa» består av fire setningsledd med nettopp desse funksjonane: subjekt, verbal, objekt og adverbial.

Når ein spør kva subjektet er for noko, vil «folk flest» svare at det er «den som gjer noko». I eksempelsetninga er det Jens som gjer noko; han skriv. Det ein ikkje tenkjer på, er at verbet ikkje nødvendigvis alltid må uttrykkje ei handling. I setninga «Jens dett på isen» skjer det noko med subjektet, men det er ikkje slik at subjektet handlar eller aktivt gjer noko for å dette; det berre hender. Og i ei setning «Jens er raud og blå» skjer det heilt klart ikkje noko. Verbet beskriv ein tilstand utan verken handling eller hending. Men alle dei tre setningane har eit subjekt og eit verbal og eventuelt også andre ledd.

Minimumskravet til ei setning i moderne norsk er at ho skal ha eit subjekt og eit finitt verbal, dvs. eit verb som er bøygt i notid (presens) eller fortid (preteritum). Men verbet kan ta fleire ledd eller argument. I setninga «Jens skriv ein kronikk» tek verbet både subjekt og objekt, mens i «Jens sender Anne kronikken sin» er det tre ledd: subjekt, indirekte objekt og direkte objekt. I setninga «Jens søv» er det derimot berre eit subjekt. Ein kan klassifisere verb ut ifrå kor mange ledd dei kan ta, eller nærmare bestemt kor mange semantiske roller dei deler ut. Alt etter om eit verb berre har eit subjekt, eller subjekt og objekt, eller subjekt og to objekt eller andre ledd, kan ein klassifisere eit verb som einverdig, toverdig eller treverdig. Verbet kan altså ta eitt, to eller tre ledd.

Det som kanskje er litt vanskelegare å førestille seg, er at det finst nullverdige verb, dvs. verb som ikkje deler ut noka rolle i det heile. Dette gjeld t.d. dei såkalla «vêrverb» som «regne», «snø» o.l. Dei vil vanlegvis ikkje kunne stå saman med eit vanleg subjekt som t.d. «Jens». I staden seier vi på norsk «det regnar» og «det snør».

Det interessante er at ein på gammalnorsk berre ville ha sagt «rignir», altså «regnar» - eitt einsamt verb utan noko meir. Det ville ha vore ei fullstendig gammalnorsk setning. Kvar blei det då av subjektet? Og kva har alt dette med grammatikk og samfunn å gjere?

I utgangspunktet definerer vi ei setning som ein leddkonstruksjon som inneheld både eit verbal og eit subjekt. Når desse «vêrkonstruksjonane» i gammalnorsk ikkje inneheldt noko subjekt vi kan sjå, var det nokon forskarar som meinte at dette måtte ha med gudstrua til dei gamle germanarane å gjere. Ein hadde rett og slett så stor respekt for gudane at ein ikkje kunne nemne dei; eller så visste ein ikkje nødvendigvis kva for ein gud som gjorde at det regna eller snødde. Dermed måtte subjektsplassen stå tom. Dette er ikkje ei grammatisk forklaring med utgangspunkt i grammatikkinterne reglar, men ei forklaring med utgangspunkt i menneskelege forventningar om korleis eit fenomen skal eller bør oppføre seg. Akkurat slik som «folk flest» vil seie at subjektet er den som gjer noko, ventar ein at ei setning må ha eit uttrykt subjekt, og når ein ikkje ser dette subjektet, vil ein prøve å finne ei forklaring.

Men så skjer det i norsk og dei andre nordiske språka at det faktisk byrja å dukke opp eit subjekt i slike konstruksjonar. I dag seier vi jo «det regnar» og «det snør». Dette «det» kallar vi eit formelt subjekt. Det er framleis ingen som regnar eller snør, men grammatikken bruker rett og slett eit innhaldstomt ord for å lage seg eit synleg subjekt. Det var ikkje noko som menneska eller samfunnet bestemde, det var noko som berre oppstod pga. andre endringar i språket. Men sjølv om det snart er tusen år sidan germansk gudetru, kan grammatikk likevel vere påverka av samfunnet og forventninga om at subjektet bør vere representert av nokon eller noko. Vi har faktisk dialektar i Noreg der ein seier «han regnar» eller «han snør». Men berre gudane veit kven «han» er.