Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkrealisme". Gudbrandsdølen Dagningen, 04.10.2012, s. 31.  [>pdf av denne artikkelen]
Denne teksten blei av ein eller annan grunn også trykt i GD, 08.10.2012, s. 33 [pdf] og 11.10.2012, s. 31 [pdf].
Artikkelen er ein kommentar til "Realist": "Bokmål/nynorsk" i GD 01.10.2012, s. [>pdf].

Språkrealisme
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________

«Realist» skreiv i GD 1. oktober at det var på tide at ein samla seg om eitt felles skriftspråk, og at dette måtte bli bokmål. Dette er eit velkjent «krav» frå mange på høgresida. Argumentasjonen frå «Realist» er då bl.a. at «en stor del av Norges befolkning har bokmål som levende talemål, i motsetning til nynorsk, som er et oppkonstruert mål».

Dersom ein vil ta utgangspunkt i kva som er konstruert eller ikkje, er bokmål like mykje konstruert som nynorsk. Bokmål er ei gradvis tilpassing av dansk til danskpåverka danna talemål. At mange føler at bokmål er «levande» i dag, har både å gjere med svært mange rettskrivingsreformer dei siste hundre åra, og at fleire og fleire vel å snakke meir normert (bokmål) i staden for å halde fast på dialekten sin. Om dette er ei heldig eller ønskt utvikling, kan ein ha ulike meiningar om.

>Nynorsk var i utgangspunktet eit realistisk tverrsnitt av dei norske dialektane, og også nynorsk har gjennomgått mange reformer og er like levande for dei som vel å ha nynorsk som sitt skriftspråk. Sjølv om det er fleire som av ulike grunner føretrekkjer å bruke bokmål, er det ingen grunn til å fjerne nynorsk som det andre offisielle skriftspråket. Det er jo ikkje nødvendigvis slik at ein fjernar all kyllingen frå butikkane fordi fleire føretrekkjer gris, eller omvendt. Det er ca. 550.000 nynorskbrukarar i Noreg. Dette er også menneske og veljarar med demokratiske rettar, uansett kva «Realist» måtte ønskje seg.

Eitt punkt der «Realist» er svært urealistisk, er der han eller ho føreslår at ein vil kunne lære engelsk eller realfag i den frigjorte undervisningstida når nynorsk forsvinn ut av skolen. Nynorsk er ein naturleg del av norskfaget, og eventuelt frigjorte timar vil neppe gå til verken engelsk eller realfag. Så her har nok «realisten» sove i timen.

Realistisk og framtidsretta skolepolitikk er ikkje å fjerne nynorsk frå skolen, men å styrke alle former for språkopplæring. Ein blir faktisk flinkare til å lære andre språk når ein kan sitt eige morsmål godt, og ein blir flinkare til å lære fleire språk dess fleire språk ein kan frå før. Mange oppfattar undervisninga i sidemålet (nynorsk) som meir eller mindre rein grammatikkundervisning. Det er nettopp grammatikk-kunnskapane som utgjer det nødvendige grunnlaget for læring av nye språk (grammatikk kan også gje eit betre grunnlag for å lære realfag). I «det store utlandet» Europa ser ein på fleirspråklegheit og språkleg mangfald som ein ressurs, og ein vil oppmuntre til livslang læring av språk. Men her i litle Noreg er det stadig vekk dei som trur at ein blir klokare av å lære mindre.