Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Den djerve jerven”. Gudbrandsdølen Dagningen, 16.08.2012, s. 39.  [>pdf av denne artikkelen]
(Ein versjon av denne artikkelen blei trykt i Hamar Dagblad, 19.08.2010.)

Den djerve jerven
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Det er fleire som er opptekne av jerv for tida, og då kan det kanskje vere interessant å bli kjend med dette dyret frå eit litt anna perspektiv. Den gammalnorske forma var jerfr, som erstatta jarfr. J-en påverka gjerne a-en slik at han blei heva til e, jf. også nynorsk vs. bokmål: hjarte-hjerte, jarn-jern. Både bokmål og nynorsk har jerv som eineform, men i dialektane kan ein også finne formene jarv og erv.

Ifølgje Falk og Torp si etymologiske ordbok trudde ein før i tida at jerven var ein bjørneunge. Derfor hadde ein også forma bjørnserv. Enda eit dialektord er fjellfras, som opphavleg var fjellfross før ordet blei forvanska gjennom tysk påverknad. Fross er eit dialektord for hannkatt. Gammalnorsk hadde fress, som kynne tyde både hannkatt og bjørn. Fjellfross eller –fress tydde altså òg fjellbjørn – eller eventuelt fjellkatt.

Hanseatane lånte med seg ordet fjellfras gjennom skinnhandelen på 1400-talet, men ordet fjell blei omtolka til veel, nyhøgtysk viel. Det tyske namnet i dag er Vielfraß, som tyder ein som et mykje, altså storetar. Her ser ein korleis folkeetymologien kan endre på namn og tydingar til namn. Ein kan vel ikkje påstå at jerven et meir enn andre rovdyr, men Vielfraß gav nok meir meining for tyskarane enn fjellfras. I neste omgang blei faktisk også det latinske namnet til jerven påverka av den omtolka tydinga. Det latinske namnet er gulo, som tyder den grådige (det latinske namnet blei danna først på 1700-talet). I engelsk har ein wolverine av wolvering, dvs. den som oppfører seg som ein ulv. Når ein i Norden meinte jerven likna på ein bjørneunge, hadde samanlikninga med ulven i engelsk nok meir å gjere med den påståtte grådigheita.

Ordet jerv/jarv heng saman med verbet jarve, som i sin tur er beslekta med jarpe. Å jarve er å gnage, tyggje eller rive i seg maten. Sånn sett finn ein også her eit tydingssamband til storetar/Vielfraß.

Johan H. Rosbach viser i ’Etymolgi for alle’ elles også til gammalnorsk jarpr, som tydde brun. Rosbach meiner at jerven har fått namnet sitt etter fargen, akkurat som jerpa. Men jerpa heitte jarpi på gammalnorsk, mens jerven heitte jarfr. Sånn sett er det kanskje meir sannsynleg at jerven blei oppkalla etter bordmanerane sine heller enn fargen sin.

Uansett er jerven ein djerv kar. Djarfr tydde modig, dristig allereie i gammalnorsk. Men grunntydinga var visst velnært, fast, tung. Ein blir det ein et…