Valfridom i skriftspråka våre
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk, Høgskolen i Hedmark
________________________________________
22.1. hadde
Klaus Johan Myrvoll ein kronikk i Aftenposten som
sende sjokkbølgjer gjennom språklandskapet. Den nye
nynorsknormalen hadde framleis mykje valfridom –
delvis enda meir enn før! Kronikken gjekk landet
rundt på Facebook og andre medium, og mange er no
tydelegvis einige – eller enda meir overtydde - om
at nynorsk som skriftspråk er eit håplaust og tapt
prosjekt.
Berre tenk deg at ein kan skrive setninga «vi
ønskjer dykk velkomne» på heile seksten ulike måtar, sidan ein kan
velje mellom vi og me, ønskje, ønske , ynskje , ynske og dykk og
dokker i den nye normalen. For ei krise! Ingen kan vel lære dette!
Det rare er at ein godt klarar å velje éin favoritt i Twist-posen –
viss ein må, og dei fleste stemmer også berre på eitt parti, sjølv
om det er mange å velje imellom.
Det er eigentleg heilt utruleg kor mykje og kor
lenge ein har greidd å «mjølke» argumentet med at stor valfridom er
eit problem for nynorsken – det som dei fleste nynorskbrukarane
gjerne ser som eit poeng, sidan det er meininga at nynorsken skal
kunne representere dialektmangfaldet i heile landet. Det tyder ikkje
at ein sjølv skal bruke alle formene som er moglege, men at ein kan
velje den forma som passar best med dialekten, eller som ein likar
av ein eller annan grunn.
Men for å spele ballen tilbake, har eg her sett
i hop ei setning på bokmål som ein kan kose seg med. Den er nok
ikkje like vanleg som «vi ønskjer dykk velkomne», men ho består av
heilt vanlege ord: «Hånden brøt
vannflaten pga. ham eller dem som trente så det sved.»
Just for
the record, som det heiter på sidemålet, i denne setninga er det sju
ord som potensielt sett vil kunne representerast av tjue ulike
ordformer i bokmål! Dei valfrie formene i bokmål er då: hånden /
hånda / handen / handa; brøt / brøyt; vannflaten / vannflata /
vassflaten / vassflata; ham / han; dem / de; trente / trenet / trena
; sved / svei / svidde. No kjem det jo inn aspekt som stil og
konsekvens. Former som «hånden» og «vassflata» ville ein nok neppe
finne i den same setninga hos den same språkbrukaren. Men potensielt
sett er dette altså mogleg.
Korleis
ville ein så kunne skrive den same setninga på nynorsk? Jo: «Handa
braut vassflata pga. han/honom eller dei som trena så det
svei/sveid.» Det er faktisk berre to ord her som kan ha alternative
former.
Så det
avgjerande spørsmålet: Ville ein bokmålsbrukar vere i tvil om
korleis han eller ho skulle skrive denne setninga på bokmål? Neppe.
Konklusjon: Alle som er imot valfridom i skriftspråka våre, bør
finne seg betre argument for å rakke ned på den eine eller den andre
målforma. |