Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Jula er også for nissar og dvergar". Gudbrandsdølen Dagningen, 27.12.2011, s. 33.  [>pdf av denne artikkelen]
Artikkelen er ein kommentar til Frank Juliussen: "Hva har lyset med mørket å gjøre" i GD 21.12.2011, s. 31 [>pdf].

Jula er også for nissar og dvergar
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Frank Juliussen svarte 21.12. på innlegget mitt, men eg meiner vel framleis at ein blandar korta når ein prøver å gjere nissar om til demonar for så i neste omgang å skylde på ein antikrist som står bak det heile.

Sjølv om Juliussen siterer flittig frå Bibelen og andre stader, handlar det vel først og fremst om tru. Ein kan velje å tru på nissar og demonar, ein kan velje å tru på nissar som demonar, og ein kan velje å la vere å tru på at nissar og demonar finst i det heile. Teksten frå 1555 som Juliussen siterer, der det står at nissen var eit utbreitt fenomen då kristendommen kom til Danmark, og at mange prestar føretok utdrivingar og nedmaningar, er for så vidt kulturhistorisk interessant, men har nok ikkje nokon større verdi enn om Margit Sandemo eller Märtha Louise fortel at englar eller andre gode hjelparar er eit utbreitt fenomen. Tru, håp og kjærleik handlar som regel mest om kva ein sjølv vel å forhalde seg til. Men dette er ein type teologisk og filosofisk diskusjon som fjernar seg frå det som var mitt poeng i utgangspunktet.

Eg er først og fremst språkvitar, og det er ordet ”nisse” eg ønskte å kommentere, ikkje nødvendigvis om nissar eller demonar finst eller ikkje. Det får den enkelte bestemme for seg sjølv. Sjølv om det er andre ting ved Juliussen sitt perspektiv som eg finn problematisk å ta stilling til, er det den direkte koplinga mellom ordet eller termen ”nisse” eg ønskte å diskutere. Ordet ”nisse” kjem av Nils som er ei kortform av Nikolaus, som i den kristne tradisjonen blir sett på som ein heilag person. Dette er truleg grunnen til at ein etter kvart valde å bruke eit slikt kristent namn på den eller dei som ein trudde budde på eller vakta garden. Innføringa av kristendommen førde til at mange gamle fenomen, namn og tradisjonar blei endra eller tilpassa.

Dette skjedde også med den tradisjonelle julefeiringa. Der har Juliussen rett. Historia med ”nissen” som Juliussen bruker, handlar om ein stein på Gilje på Island der bonden Kodran trudde ”årmannen” hans budde – der står det ingenting om nokon ”nisse”. I ei dansk omsetjing bruker ein ordet ”skytsånd”. Kristni saga handlar elles om korleis ein prøvde å innføre kristendommen på Island, og vi veit alle at ein tok i bruk både det eine og det andre middelet for å få det til.

Ein ville nok ha hatt mykje større problem med å innføre kristendommen som ein statsreligion dersom ein ikkje hadde valt å tilpasse det nye til det gamle. Kristendommen kom til Noreg og fortrengde dei gamle gudane og også dei såkalla underjordiske vesena. Burde ikkje Juliussen vere nøgd med det? Og kva gjer det om ein feirar ein bursdag ein annan dag enn på sjølve dagen? Dei fleste av oss har då vel valt å leggje feiringa av eigen bursdag eller ungane sine bursdagar til ei passande helg eller andre fridagar på grunn av praktiske omsyn. Poenget må då vere innhaldet og ikkje forma.

Dersom ein vil vere bokstavtru som Juliussen, blir det viktigare med ord og ritual enn med innhaldet. Ønskjer ein å feire at Jesus blei fødd, spelar det vel eigentleg ikkje noka rolle når ein gjer det? Tek ein på seg ei såkalla nisselue, tyder det ikkje at ein verken representerer, feirar eller trur på ein antikrist. Dei som utelukkande vel å feire jul for å ha det hyggeleg saman med familie og venner, og eventuelt for å nyte eit lite avbrekk i mørketida, identifiserer seg nok heller ikkje med det biletet som Juliussen prøver å teikne. Julefeiringa har fått ei viss form, men det er opp til den enkelte å fylle forma med innhald – og då er det ikkje nisselua som er utfordringa. Med dette vil eg ønskje god jul til alle – uansett tru eller legning.