Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Om nissar og englar”. Gudbrandsdølen Dagningen, 17.12.2011, s. 45.  [>pdf av denne artikkelen]
Artikkelen er ein kommentar til Frank Juliussen: "Når ble Messias født" i GD 15.12.2011, s. 47 [>pdf].

Om nissar og englar
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Frank Juliussen skreiv eit innlegg i GD 15.12. med tittelen ”Når ble Messias født?”, som sikkert kunne diskuterast frå fleire perspektiv. Sidan eg er såkalla språkvitar, skal eg berre kommentere påstanden om at ”Ordet nisse er et dansk lånord som fra gammelt av betydde demon”. Som også elles i teksten sin, trekkjer nok Juliussen det litt vel langt her.

Det er riktig at namnet Nils eller Nisse på gards- eller fjøsnissen, som vi likar å rekne som utgangspunktet for den nordiske julenissen, ikkje er norsk. Det er lånt frå dansk, der han heitte Niels Gårdbo. Ordet nisse var visstnok opphavleg først og fremst brukt i Skåne i Sverige og på Austlandet i Noreg. Tradisjonen med julemannen/julenissen, som kom frå Tyskland via Danmark til Noreg, er jo heller ikkje så veldig gammal.

Julenissen heiter, som vi veit, Santa Claus på engelsk, mens han berre heiter Weihnachtsmann på tysk, ”julemannen” (eller eigentleg ”heilagnattsmannen”). Ordet ”santa” er det same som ”sankt” (sanctus), som tyder ”heilag”, mens Claus er ei kortform for Nikolaus, som opphavleg var eit gresk namn med tydinga ”siger” og ”folk”. I Tyskland har St. Nikolaus sin eigen dag, 6. desember, som også er namnedagen for Nikolaus. Akkurat som julenissen kjem også St. Nikolaus med gåver til barna. Dersom det altså er den same ”julenissen” det dreier seg om her, kjem han faktisk to gonger i Tyskland. Men ”der Weihnachtsmann” heiter berre julemannen og ikkje St. Nikolaus.

Mange av dei gamle greske og latinske (og også hebraiske) namna med fleire stavingar fekk etter kvart kortformer i dei ulike språka som lånte inn namnet. Nikolaus blei bl.a. til Nikolas/Nicolas/Nicholas, Nichlas og Necklas, og også Nikolai, Nick og Nils. Elles kunne ein òg få variantar der berre den andre delen av namnet blei igjen, t.d. Klaus/Claus, og Klas/Clas/Claes. Clas Ohlson har då kanskje det rette namnet til å vere ein julegåvebutikk.

Ifølgje Wikipedia finn ein Nikolaus som namn i Sverige for første gong i 1455. I ettertid fekk ein då alle kortformene. Akkurat som ein fekk Lars og Lasse av Laurentius, fekk ein Nils/Niels og Nisse av Nikolaus i Norden.

Men gards- eller fjøsnissen, det som Juliussen ville kalle ein demon, er sjølvsagt mykje eldre. Andre namn er ifølgje Falk & Torp si etymologiske ordbok ”tomte”, ”tomtegubbe”, ”tunkall”, ”gardvord” og ”tunvord”. Ordet ”gardvord” finn ein også i gammalnorsk som ”garðvQrðr”, som sjølvsagt er den som vaktar garden.

Ein og annan bonde vil kanskje velje å tru at det står englar utanfor og vaktar garden, mens Juliussen meiner at nissen er ein demon – sjølv om namnet altså er lånt frå Sankt Nikolaus. Det finst ulike typar vranglære. Men på dette punktet er kanskje ikkje Juliussen noko særleg betre enn dei (den) som han sjølv prøver å angripe. Uansett får vi håpe og tru at det viktigaste hos alle menneska sit i hovudet – og ikkje i hovudplagget som ein til ei kvar tid måtte velje å pynte seg med.