Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Måformene og avisenes rolle i samfunnet”. Gudbrandsdølen Dagningen, 13.05.2011, s. 38.  [>pdf av denne artikkelen]

Målformene og avisenes rolle i samfunnet
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Det har ikkje vore noka hemmelegheit akkurat at Høgre (og FrP) er imot sidemålet i skolen. Med ”sidemålet” meinte og meiner ein helst nynorsk, sjølv om det finst ein god del nynorskbrukarar også innanfor desse partia. No søndag 8. mai skulle visst vere den store frigjeringsdagen frå sidemålet, for då bestemte Høgre seg for å vedta at det skulle vere frivillig for elevar i ungdomsskolen å lære seg nynorsk.

Det er jo visse parti som har det med å gå for lettvinte løysingar og det som ”folk flest” ser ut til å ønskje seg på eitt bestemt tidspunkt utan at ein tenkjer særleg mykje over konsekvensane. Når det gjeld språksituasjonen i Noreg, har dei raud-grøne jobba ut ifrå eit langsiktig strategidokument utarbeidd av Språkrådet i 2005, ”Norsk i hundre”, eit dokument på heile 192 sider. Som eit resultat av dette fekk ein Stortingsmelding 35, 2007-2008, ”Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk” på 266 sider, der norsk språkpolitikk er grundig diskutert.

No er det ikkje slike dokument ”folk flest” har for vane å lese og setje seg inn i. Som regel er det lettare å finne ei eller anna sak som verkar grei og stemme over den for så å sjå korleis det går. Sidan mykje av politikken i Noreg blir utarbeidd med hovudbase i Oslo, blir det lett å gløyme at det finst folk utanfor bygrensa, og at landet er både langt og variert på alle måtar, ikkje minst språkleg og kulturelt.

GD er ei avis der det språklege mangfaldet blir teke på alvor. Det er ei av dei svært få avisene i landet der redaksjonelt stoff faktisk kjem på begge målformene, og der det som regel ikkje er noka tydeleg diskriminering av nynorsk. På den måten er GD ei avis som aktivt tek stilling til at det finst ein god del lesarar som faktisk har nynorsk som sitt hovudmål, og som også knyter sin språklege og kulturelle identitet til nynorsk. Ei avis som nektar å godta at nynorsk framleis har ein viktig posisjon i Noreg, vil ikkje kunne vere ei god avis for alle, heller ikkje for dei som jobbar i avisa. Aviser som nektar journalistane sine å bruke nynorsk, driv med aktiv diskriminering av enkeltpersonar og -grupper, noko som gjer at desse avisene faktisk blir mindre truverdige når dei prøver å framstå som om dei engasjerer seg for dei svake og undertrykte i samfunnet.

Det er mykje ein kunne ha skrive om dette. Men det som er litt merkeleg akkurat no, er at GD ikkje valde å omtale Høgre sitt vedtak mot nynorsk noko særleg. Ei anna avis som bruker begge målformene aktivt, er Romsdals Budstikke. Dei skreiv på leiarplass 9. mai: ”Vi tror det er godt for det norske samfunn at vedtaket fra Høyre ikke får gjennomslag. Vi er derfor enig med partileder Erna Solbergs stemmegivning. Gjennom språket, både bokmål og nynorsk, tar vi vare på vår arv. Vårt tredelte språk, bokmål, nynorsk og samisk, er en del av vår identitet som nasjon. Vi gjør ikke deler av et fag frivillig fordi et flertall av elever ønsker det. Det ville åpne for en underlig skolereform. Romsdals Budstikke har i sine spalter begge målformer, og vet at det er en viktig del av vår identitet som talerør for hele distriktet.”

For ei avis, som har språk og kommunikasjon som sitt viktigaste verktøy, og som ønskjer å nå ut til flest mogleg lesarar, kan det faktisk vere eit poeng å gjere det heilt klart at ein ikkje diskriminerer enkelte lesarar på bakgrunn av målforma deira. I mai er det jo mange nok flaggdagar frå før; kanskje GD også bør tone flagg og markere at ein tek avstand frå alle politiske vedtak som går ut over det språklege og kulturelle mangfaldet vårt.