Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Sæter og seter”. Gudbrandsdølen Dagningen, 18.02.2011, s. 37.  [>pdf av denne artikkelen]
Artikkelen er ein kommentar til ein lesarkommentar i GD 11.02.2011, s. 48 [>pdf].

Sæter og seter
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Ein GD-lesar (11.02.) reagerte på skrivemåten av seter (støl, beiteområde med hus) med e. ”Seter” var noko ein sat på, skreiv lesaren – underforstått: dette hadde ingenting med ”sæter” å gjere.

Normert skrivemåte i bokmål og nynorsk er faktisk ”seter” med e. Nynorsk har per i dag også [sæter] som såkalla klammeform. Dansk har berre ”sæter”, og mange stader i Noreg hadde i lang tid danske namn og skrivemåtar. Dette tyder likevel ikkje nødvendigvis at ”sæter” er dansk, jf. den nynorske klammeforma. I gammalnorsk hadde ein faktisk både ”setr” og ”sætr”, og dette er altså også reflektert i uttalen og skrivemåten av setrene i ulike landsdelar i Noreg.

I motsetning til kva GD-lesaren trur, så har seter/sæter faktisk direkte samanheng med sitje. Ein vanleg måte å lage substantiv av verb på i gammalnorsk var å ta utgangspunkt i fleirtalsforma av verbet i fortid. For sitja sin del var bøyinga sitja – sat (eintal) – sátu (fleirtal). Han sat – dei såte var òg lenge relativt vanleg i norske dialektar, t.d. i Setesdal. For å lage eit substantiv tok ein altså denne fleirtalsforma av verbet. Men så kunne det gjerne oppstå fleire substantiv med liknande tyding, t.d. ”sát”, stad der ein sit på lur eller i bakhald. Fleirtal av sát var sátir eller sætr. Ei ”sæta” var ei kvinne som sat åleine på garden når mannen var utanlands (grasenkje). Eit ”sæti” var noko ein sat på (sete), eller også høy som var lagt i såte, dvs. som bokstaveleg talt sat der det blei lagt. Og ”sætr” blei brukt om sete eller bustad, dvs. der ein har busett seg, men også om seter eller støl. Ordet ”setr” var i gammalnorsk òg brukt om sete eller bustad (jf. alle stadnamna med –set), men også om t.d. solnedgang, sola sette seg (jf. engelsk sunset). Elles hadde ein også ordet ”seta” for sitjing, sete eller tilhald på ein stad, men også for t.d. eit mannskap eller ei hærsamling som låg roleg på ein stad.

For å gjere ei lang historie kort, så har altså seter/sæter faktisk også å gjere med sitje. Når det gjeld uttale og skrivemåte, kan ein gjerne diskutere dette og vere einig eller ueinig alt etter kvar ein kjem ifrå, eller kva slags haldningar ein har til tale og skrift. I dette tilfellet er det ikkje nødvendigvis nokon fasit. Skriftnormalane våre seier éin ting, mens konkrete namn på ulike setrer ikkje nødvendigvis treng å rette seg etter det, med mindre dei kjem inn under stadnamnlova.