Lærarutdannings-”kollega” Harald Nilsen meiner
tydelegvis at ein burde fjerne dei undervisningsemna
frå skolen (t.d. nynorsk) som lærarar ikkje har god
nok kompetanse i og/eller manglar motivasjon til å
undervise i (GD 11.02.). Dette var jo eit svært
interessant perspektiv på skole og utdanning.
Livslang læring og etter- og vidareutdanning er då
kanskje ikkje omgrep som inngår i Harald Nilsen si
oppfatning av læraryrket?