Å vere nynorskbrukar på Austlandet er ikkje
alltid like enkelt. Det er lite nynorsk å lese i
austlandsavisene, derfor er t.d. Gudbrandsdølen
Dagningen (GD) nærmast som eit språkparadis å rekne.
Her i regionen er tospråkssituasjonen levande og
reell, og ein skulle tru at dei to målformene levde
side om side i fred og fordragelegheit. Derfor er
det skremmande og tankevekkjande å lese at det
stadig er nye foreldre som prøver å fjerne nynorsk
som hovudmål i skolen.
Formelt sett ligg dei fleste dialektane i
Gudbrandsdalen nærmare nynorsk enn bokmål. Ein kan
derfor ikkje utan vidare på formelt språkleg
grunnlag hevde at nynorsk ikkje er eit passande
skriftspråk for elevane i t.d. Skåbu skulekrets. Men
det som er interessant i all debatt om nynorsk, er
at det gjerne er foreldra som meiner noko. Det er
ikkje nødvendigvis kva som er best for barna, som er
avgjerande, men først og fremst haldningane til
foreldra.
I praksis er det alltid foreldra som tek dei
”viktige” vala for barna. Og det er kanskje
naturleg? Vi som foreldre veit jo sjølvsagt kva som
er best. Elvis var bra, så då bør også ungane våre
skjønne det så tidleg som mogleg. Og når vi har lært
at berre mann og kvinne kan vere par, så bør vel
også ungane ta over dette synet? Akkurat dette har
dei fleste foreldra heldigvis innsett no; det er
ungane som sjølv må kunne få velje kven dei er og
kven dei ønskjer å vere. Korfor skal då ikkje ungane
få lære det skriftspråket som ligg nærast dialekten
deira? Så kan dei sjølv seinare velje noko anna –
dersom dei lèt seg påverke av storsamfunnet i staden
for å halde på sin språklege identitet.
Det er nok mange som av ulike grunnar skiftar
hovudmål, anten på vidaregåande skole eller
eventuelt når dei byrjar i arbeidslivet. Ein kan
sikkert bruke dette som eit argument mot nynorsk.
Men det viser at nynorskelevar i praksis er
”tospråklege”. Det er gjerne ikkje noko problem å
skifte til bokmål dersom ein ønskjer det. Elevar som
har vakse opp med nynorsk, har ein stor språkleg
kompetanse som dei fleste elevane med bokmål som
hovudmål ikkje har. Dei fleste lærarstudentane frå
Austlandet er t.d. i praksis svært dårleg
kvalifiserte til å undervise i nynorsk. Dette er eit
tankekors all den tid vi snakkar om profesjonalitet
og yrkesstoltheit.
Det finst gjerne fleire moglegheiter til å løyse
ulike problem i samfunnet. Det er mange nok som vil
fjerne nynorsken for godt. Per i dag har vi ei
mållov, men i motsetnad til dei fleste andre lovene
er mange lite opptekne av å faktisk følgje denne
lova. Elevar som veks opp med nynorsk, får det mykje
lettare seinare fordi dei utviklar eit aktivt
forhold til begge dei norske skriftspråka. Dette er
ein konkurransefordel i utdannings- og
jobbsamanheng. Men likevel vil altså mange foreldre
– fordi dei meiner dei veit best – ta denne
moglegheita ifrå barna sine. I neste omgang får
utdanningsinstitusjonane enda fleire lærarstudentar
som ikkje kan nynorsk, og vi får enda fleire dårleg
kvalifiserte lærarar. Ein kan godt skylde på
studentane, men eg føler meg freista til å leggje
ein del av skylda på foreldra. Vil du det beste for
barna dine, gjev dei ei moglegheit til å bli kjende
med den rike språklege variasjonen vi har i Noreg,
og så kan dei velje sjølv seinare. Noko ein aldri
har lært – eller ikkje kan godt nok, vil ein heller
ikkje velje. Det vi kan gjere som foreldre, er først
og fremst å leggje til rette for at ungane faktisk
kan velje – basert på kunnskap og ikkje pga. nedarva
haldningar.