Harald Nilsen prøvde i GD 11. januar å forklare orda
nordre, søre og søndre. Men forskjellen mellom orda
søre og søndre blei ikkje eigentleg forklart.
Nord og sør svarer i gammalnorsk til norðr og suðr.
Begge orda endar på ðr. Ein skulle derfor vente at
orda oppførde seg heilt likt. Men det gjer dei altså
ikkje. Endinga r i gammalnorske substantiv og
adjektiv markerte som regel hankjønn og høyrer
derfor i dei fleste tilfella ikkje med til sjølve
stammen av ordet.
Komparativ (t.d. moderne norsk grøn - grønare) blei
i gammalnorsk laga ved å leggje til –ar for adverb
pluss eventuelt eit personbøying for adjektiv. Den
adjektiviske og den adverbiale komparativforma for
suðr var ulike i gammalnorsk. Adjektivet var syðri,
dvs. med i-omlyd u > i og bortfall av a pga.
samandraging; mens adverbet faktisk var sunnar.
Det fanst ei rekkje lydreglar i gammalnorsk.
Lydkombinasjonen nt blei t.d. ofte til tt. Derfor
har vi binde – batt (istf. bant) i nynorsk, og i
mange dialektar seier ein bitte/bette istf. binde.
Ein kanskje litt merkeleg lyderegel i gammalnorsk
gjorde at nn + r blei til lydkombinasjonen ðr (jf.
også mann + r = maðr). Utgangspunktet for både
søndre og søre er altså opphavleg sunn-.
Sunn + r blei til suðr, mens sunn + ar(i) kunne bli
sunnar- eller syðr-, alt etter om ein fekk
samandraging og i-omlyd eller ikkje. I neste omgang
kunne ein få senking av y til ø, og på vegen til
moderne norsk fall også gjerne stungen d bort dersom
den ikkje blei til d. Den direkte utviklinga av
syðri til moderne norsk blir altså søre (mens svensk
har södra med d for ð). Gammalnorsk sunnan, sørfrå,
blei til sønna i moderne norsk. Ein ser altså at dei
to formene med syd- og sunn-/sønn- tidleg
konkurrerte i tyding og bruk.
At ein med tida utvikla forma søndre må nok
forklarast med at ein etter kvart ikkje lenger
visste om ð-en var ein del av ordet eller ikkje,
spesielt sidan orda norðr og suðr gjerne førekom i
same kontekst. Når ein hadde både suð- og sunn-,
kunne ein i neste omgang få sundr og dermed også
søndr, og det er altså forklaringa på dei to formene
vi har i moderne norsk. Når Nilsen finn søndre meir
poetisk, har dette kanskje noko å gjere med at den
forma var meir frekvent i skrift gjennom dansketida.