Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Bli norsklærar”. Gudbrandsdølen Dagningen, 18.01.2011, s. 38.  [>pdf av denne artikkelen]
Artikkelen er ein kommentar til Elisabeth Lønning Bueie: Alt var så mye bedre før, GD 13.01.2011, s. 38 [>pdf].

Bli norsklærar!
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Kommentar til lektor Elisabeth Lønning Bueie sitt innlegg ”Alt var så mye bedre før” i GD 13. januar.

Eg beklagar dersom nokon norsklærarar eller norskstudentar skulle føle seg såra eller provoserte over at eg skreiv at eg var bekymra for utviklinga av norskfaget i skolen. Dessverre valde Elisabeth Lønning Bueie å fokusere på det siste avsnittet i eit innlegg som var det fjerde i ein litt større diskurs med tekstar av journalist Einar Odden, språkforskar Harald Nilsen og meg. Temaet for diskursen var om elevane til ein viss grad skulle vere fritekne frå formelle krav til skriving, og i kor stor grad dei eventuelt til og med hadde ei form for definisjonsmakt i forhold til gjeldande rettskriving. I denne diskursen filosoferte Odden kort sagt litt rundt tanken om at Språkrådet kanskje ikkje burde prøve å ha for strenge normer, mens Nilsen la vekt på den generelle kreative skrivinga som kunne nyte godt av frie språklege tyglar. I denne samanhengen følte eg behov for å peike på at bryting av språknormer og einsidig fokus på kreativitet ikkje nødvendigvis berre var av det gode. Eg snakka då ikkje om anten-eller, men om eit meir balansert forhold. Derfor er det litt synd at eg no blir framstilt som bakstreversk.

Elisabeth Lønning Bueie sin kommentar på mitt innlegg får ei litt uheldig slagside i forhold til kva ho meiner eg står for, og korleis eg eventuelt driv undervisning. Studentane mine får nok over gjennomsnittleg mykje fagleg oppfølging, og eg er nok heller ikkje akkurat kjend for å vere bakstreversk.

Lønning Bueie meiner at eg skjer alle over éin kam, mens eg kanskje føler ho utvidar diskusjonen litt vel mykje til ting eg faktisk ikkje meinte å uttale meg om. Det er nok ikkje heilt usannsynleg at ein her »tente« litt for tidleg og gjekk i skyttargrava utan å prøve å tolke kva teksten min eigentleg handla om.

Det eg skreiv om norskstudentane og norskfaget, gjaldt studentane sin såkalla generelle studiekompetanse og kva moglegheit ein eventuelt hadde til å utdanne studentane til faktisk å kunne undervise i norsk etter eitt år med fagstudium. Eg kan love Lønning Bueie at eg gjer alt som står i makt for å gje dei gode grammatikk-kunnskapar med på vegen vidare. Men det må vere lov til å spørje om det skal vere slik at dei fleste studentane etter 13 år i norsk skole ikkje veit forskjellen mellom t.d. substantiv og subjekt, eller når ein skal bruke »hengde« eller »hang«.

Det eg etterlyste i innlegget mitt, var litt større aksept for at også formelle sider ved skriving kunne vere viktige. Med dette meinte eg ikkje å uttale meg om alle dei tretten åra med norskundervisning, og kva ein eventuelt skulle leggje vekt på i forhold til dei ulike aldersgruppene eller ulike tema ein heldt på med der og då på dei ulike klassetrinna. Sett under eitt, meiner eg ein bør kunne stille visse krav etter 13 år med norsk, og det er på mange måtar litt urettferdig i denne konteksten å skyte tilbake med å påstå at eg personleg ikkje prøver å gjere noko med situasjonen her og no. Det er heller ikkje relevant å komme trekkjande med kor mykje og kva ein gjer i første klasse i barneskolen i denne samanhengen.

Eg gjekk gjennom alle avisinnlegga i denne diskursen med lærarstudentane mine i dag, og dei er heldigvis einige med meg. Så eg er trygg på at nokon tolkar intensjonen min riktig. Og hovudpoenget mitt er at ein student som ønskjer å bli norsklærar, og som vil undervise andre i norsk, bør anten ha svært gode føresetnader frå skolen eller gjere ein ekstra stor innsats under studiet. Ein bør kunne stille visse krav til nokon som er norsklærar. Bl.a. bør ein norsklærar ikkje gå laus på ein annan norsklærar og skrive at han »kan ha sluknet gløden hos flere kommende norsklærere«. Eg som lærarutdannar – og studentane mine – reagerer faktisk når ein norsklærar ikkje lenger ser forskjellen mellom bokmål »slukke« (nynorsk: sløkkje) og »slukne« – og det var dét som var poenget mitt i denne debatten. Men eg er svært takksam for bidrag i diskusjonen frå alle som gløder for norsk og norskfaget – uavhengig av det formelle. Og eg står for det siste avsnittet i mitt førre innlegg der eg skreiv at eg var avhengig av lærarane i skolen. Dette var meint som ei bevisstgjering og eit ønske om at vi saman skulle gjere utdanninga i norsk så god som mogleg – på alle nivå i utdanningsløpet.