Eg vil gjerne kommentere Harald
Nilsen sitt innlegg Språk om språk i GD 7.1 januar i
forhold til hans etter mi meining litt vel
optimistiske påstand om at skoleelevar er svært
bevisste på skiljet mellom deira bruksspråk utanfor
skolen og det som språket det er venta dei skal
bruke i skolesamanheng.
Dette er nok generelt korrekt,
og Nilsen bruker jo også den velkjende frasen
”forskning har også vist” at…” for å underbyggje
dette. Skoleelevar taklar som regel fint å skifte
mellom ulike tekstsjangrar etter mål og behov. Ein
finn vanlegvis få innslag av SMS-språk og
uttalebasert staving (dialekt) i skolestilar. Dei
fleste elevane er svært aktive på SMS og i ulike
Internett-forum. I motsetnad til det ein skulle tru,
skriv nok elevane mykje meir i dag enn elevar gjorde
før Internett blei tilgjengeleg for folk flest. Det
som er typisk for desse kommunikasjonsarenaene, er
at det ikkje er nokon som kommenterer eller
korrigerer (skrift-)språket.
Ein føresetnad for
kommunikasjonen i sosiale forum på Internett er
gjerne at ein aksepterer kvarandre som likeverdige,
og at det er mogleg å skrive utan at ein må tenkje
på raudpennen til læraren. Det er nok ein av dei
viktigaste grunnane til at elevar faktisk produserer
ein stor mengde tekst i dag. Det er sjølvinitiert
skriving med vekt på innhald og mål i staden for på
formelle sider. Ein kan godt seie at elevane
utviklar og vidareutviklar sin språkkompetanse
gjennom denne typen kommunikasjon. Men hovudtrekket
er jo nettopp at det formelle og normative er svært
underordna eller heilt fråverande. Det kan nærmast
vere språkleg anarki i enkelte samanhengar. Og det
er vel og bra og positivt på mange måtar. Men…
Internett
har komme for å bli. Vi har
blitt avhengige av nettet og veit å bruke og setje
pris på alle moglegheitene som ein har. Google er
per i dag ein av dei største aktørane på Internett,
og grunnen til at vi alle kjenner til firmaet Google,
er søkjemotoren deira. Informasjonsmengda på
Internett er så stor at ein er nøydd til å ha gode
søkjemaskiner og ikkje minst gode søkjekunnskapar.
Dessverre er søkjemaskinene som regel baserte på
korrekt staving. Det nyttar altså ikkje å skrive ”æ
ælske dæ” i søkjefeltet på Google når ein vil finne
setninga ”eg elskar deg” eller ”jeg elsker deg”.
For så vidt er det komplisert nok i Noreg der vi
har to offisielle skriftspråk som er likestilte, og
som formelt sett kan brukast i alle samanhengar. Men
dersom det skulle komme så langt at ein ikkje har
nokon skrivenormer lenger, ville det i praksis vere
heilt umogleg å finne informasjon på nettet, og då
kan ein del av målet og funksjonen med
kommunikasjonen bli borte fordi det ”viktige” ein
har tenkt å dele med resten av verda, kanskje rett
og slett ikkje blir funne på verdsveven.
Bortsett frå kommunikasjon på
Internett vil nok formell skrivekompetanse framleis
vere ein viktig kompetanse i yrkeslivet, og når eg
ser på tekstane til studentane mine som har tenkt å
bli norsklærarar, ser eg ikkje akkurat lyst på
framtida for norskfaget i skolen. Eg klarer i alle
fall ikkje å lære studentane å skrive på eitt år,
når dei ikkje har lært det i løpet av tretten år i
skolen. Så eg treng hjelp av lærarar ”der ute” som
ikkje berre fokuserer på alle dei positive sidene
ved fri og uformell skriving, men som skjønner at
dei fleste tekstsjangrar i vaksenverda faktisk krev
ein god del formelle kunnskapar for at ein skal
lykkast i arbeidslivet.