Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Språkrådet og språkendringar”. Gudbrandsdølen Dagningen, 05.01.2011, s. 30.  [>pdf av denne artikkelen]
Artikkelen er ein kommentar til Einar Odden: Når jeg savnet hun, GD 30.12.2010, s. 2 [>pdf].

Språkrådet og språkendringar
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Eg las med interesse Einar Odden sin tekst ”Når jeg savnet hun” i GD 30. desember 2010. Eg skreiv sjølv om ”ho/henne” og språkendring i Hamar Dagblad 4. mars 2010 og deler langt på veg synet til Einar Odden. Men eg vil gjerne kommentere rollene til Per Egil Hegge og Sylfest Lomheim.

Det er stor forskjell mellom det å vere (tidlegare) journalist og skrive om språk i ei dagsavis, og det å vere direktør for Språkrådet. Det er svært ulike roller. Eg har sjølv skrive relativt mykje om språk i Hamar Arbeiderblad, Hamar Dagblad og i den seinare tida også i GD. Men som lærar og fagskribent er eg ein formidlar og brukar av grammatikk og språk. Det er ikkje eg som lagar reglane.

Språkrådet er eit statleg organ som bl.a. har som si offisielle oppgåve å forvalte den norske rettskrivinga. Nynorsk og bokmål er dei to offisielle skriftspråka våre, og dei har blitt reviderte og oppdaterte relativt mange gonger samanlikna med andre språk. Eit skriftspråk har i mykje større grad enn talespråket med alle dialektane eit visst ”ansvar” i forhold til tidlegare språksteg, elles kunne det bli nokså vanskeleg å lese tekstar skrivne for nokre generasjonar tilbake. Eit skriftspråk er derfor nødvendigvis mykje meir konservativt enn talespråket. Dette tyder derimot ikkje at eit skriftspråk ikkje kan tillate eit stort innslag av talespråk.

Det ville likevel vere litt upraktisk om ein skulle tillate alle talemålsformene i alle typar skriftlege tekstar. Då måtte ein jo nærmast kunne alle dialektane i Noreg, og det er inga enkel sak. Eg har ofte studentar som meiner det beste hadde vore om vi kunne skrive slik vi snakka. Men dette ville ikkje vere mogleg å gjennomføre i eit land som Noreg med så mange dialektar utan at vi bestemde at éin dialekt skulle vere norm, og då ville vi igjen sitje med det same dilemmaet. Kven er det som snakkar riktig, og kven er det som snakkar ”feil”. Dialektane har gjerne sitt eige ordtilfang og mange gonger også sin eigen grammatikk. Eg seier t.d. ”ka du skriv?” istf. ”kva skriv du?”, men eg kan ikkje bruke denne ordstillinga når eg skriv ein ”offisiell” tekst.

I eit land med eit offisielt skriftspråk (eller to) må ein nesten ha ein instans som normerer dette skriftspråket og fortel brukarane korleis det skal eller bør vere innanfor visse rammer. Vi har hatt ein lang tradisjon for valfridom, som eg personleg set stor pris på, som ein kan sjå av måten eg skriv nynorsk på. Men dei fleste meiner at skriftspråket (spesielt nynorsk) er vanskelegare å lære dersom vi har for mange val og moglegheiter. Derfor vil den neste nynorsknorma ha færre sideformer. Og det er Språkrådet si oppgåve å fortelje oss korleis det bør vere.

Denne gongen kan folk flest faktisk vere med og diskutere utforminga av den nye nynorsknorma. Så ein tek omsyn til korleis språket har utvikla seg og kva brukarane ønskjer seg. Men til sjuande og sist må ein likevel bli einige om ei norm – og det veit kanskje journalistane betre enn mange andre, sidan dei ofte er ”knebla” av redaktørar med eigne normer.