I
Forskerforum nr. 8, 2010, s. 10 kunne ein lese ein
liten notis om at eg blei beden av arbeidsgjevaren
om å ikkje skrive kronikkar i arbeidstida. Saka blei
dekt litt meir utførleg på nettsidene til
Forskerforum, men ikkje på ein slik måte at dette
skapte debatt. Etter å ha fått ein del støttande
kommentarar på e-post frå akademikarar rundt omkring
i landet, meiner eg at temaet bør takast opp igjen.
Kronikkskriving for fagleg tilsette i forskings- og
utdanningssektoren er som regel det same som
offentleg fagskriving, og det er viktig at slik
fagskriving blir diskutert og vurdert ut ifrå fleire
ulike perspektiv.
Den
eine sida som vi som vitskapleg tilsette må forhalde
oss til, er at vi skal generere publikasjonspoeng
for arbeidsgjevaren. Publikasjonspoeng har blitt
«oppfunne» for å kunne ha eit nokolunde realistisk
mål på kva vi som forskarar «produserer». Realistisk
tyder i denne samanhengen helst kva det er
realistisk å kunne telje. Her tenkjer ein ikkje
berre kvantitet, men òg kvalitet. Uansett kva ein
måtte gjere av fagleg arbeid, er det berre
publikasjonskanalar med tildelte poeng, som er
teljande i dette systemet. Dette inneber at ein
berre blir telt som fagleg produserande når ein får
trykt noko som er godkjent i forhold til
poengsystemet. Såkalla populærvitskapleg skriving er
noko ein kan eller eventuelt skal gjere i etterkant
av «skikkeleg» fagleg arbeid. Dette er ikkje noko
som nokon får utteljing for, verken arbeidsgjevaren
eller den vitskapleg tilsette. Men alle er som regel
likevel einige om at det er viktig med formidling.
Når
det akademiske året er omme og status skal gjerast
opp, er det avlagte studiepoeng og produserte
publikasjonspoeng som er det som interesserer
arbeidsgjevaren. Dette har òg to sider. På den eine
sida er det publikasjonspoenga som er det
viktigaste. Dei gjev status i forhold til andre
utdanningsinstitusjonar. Men på den andre sida er
det klart at det er avlagte studiepoeng som er den
største inntektskjelda for høgare
utdanningsinstitusjonar. Reint praktisk ville det
altså lønne seg å satse på å produsere fleire
studiepoeng i staden for å satse på vitskapleg
godkjende publikasjonar. Likevel blir ein som
tilsett først og fremst målt ut ifrå
publikasjonspoeng og ikkje ut ifrå kor god
undervisning – og dermed studiepoeng – ein leverer.
Meritterande er undervisning uansett ikkje. Ein får
ikkje noka form for opprykk i systemet ved å vere
ein god lærar. Det lønner seg i praksis heller å
nedprioritere studentane og satse på skriving. Dette
er sjølvsagt eit paradoks all den tid
utdanningsinstitusjonane driv med både undervisning
og forsking, og forskingsdelen for dei fleste er ein
mindre del av stillinga enn undervisningsdelen.
Dei
fleste av oss såkalla vitskapleg tilsette i høgare
utdanning har ein undervisningsdel og ein
forskingsdel i stillinga si. I gamle dagar var det
ca. 50-50 fordeling, mens det no er meir vanleg å ha
eit marknadsperspektiv på forskingsdelen. Den som
ikkje klarer å produsere publikasjonspoeng, får
mindre eller ingen FoU-ressurs. Og når ein først har
fått redusert FoU-ressursen sin, blir det
vanskelegare å få han tilbake på grunn av enda
mindre tid. Dette er eit openbert problem, som
fleire og fleire slit med. Ei anna side ved dette er
at ein kan føle seg som annanrangs tilsett når ein
først har blitt «straffa» med redusert FoU-tid.
Dette kan føre til at mange mistar motivasjonen til
å skrive, og det er lettare å godta status quo som
ordinær lærar ved ein høgare utdanningsinstitusjon,
i staden for å prøve å strekkje seg så godt ein kan
i begge (alle) retningane.
Enda
eit perspektiv ved situasjonen er at
leiinga/administrasjonen gjerne har eit inntenings-
og teljeperspektiv på FoU mens ein samtidig ikkje
har forståing for at det ikkje berre er å skrive
litt no og då innimellom all undervisning og andre
arbeidsoppgåver. Dei fleste forskarane treng
samanhengande tid til å kunne skrive lengre
artiklar. Som regel må ein også lese svært mykje før
ein kjem til sjølve skriveprosessen. Når ein ikkje
finn tid til å lese ferdig det ein treng av
bakgrunnsstoff, får ein i alle fall ikkje tid til å
komme i gang med skrivinga. Det er gjerne slik at
arbeidsåret går mens ein håpar på at det skal dukke
opp ei opning. Og når ein først ser ei veke eller to
på kalenderen der det ville vere mogleg å skrive
litt, har ein kanskje opparbeidd så mykje
avspasering at ein må velje mellom å ta fri og å
skrive og eventuelt donere overtida til
arbeidsgjevaren. Det er jo lenge sidan ein fekk
julegratiale. No er det kanskje heller dei tilsette
som vel å gje tida si til arbeidsgjevaren mot å få
ein klapp på skuldra for å ha produsert eitt eller
to publikasjonspoeng.
Framleis snakkar eg berre om pengar og poeng. Men
kva er eigentleg fagleg skriving? Og korfor er det
slik at skriving utanfor godkjende kanalar ikkje er
like akseptert som ein del av det faglege arbeidet
ein driv som tilsett ved ein forskings- og
utdanningsinstitusjon?
Mitt
fag er norsk, og eg arbeider først og fremst
innanfor grammatikk. Eg er svært oppteken av å gje
studentane mine den best moglege undervisninga ut
ifrå mine eigne og studentane sine føresetnader.
Norsk er eit fag som i større grad enn mange andre
fag er «ubiquitous»,
allestadsnærverande. Dette er eit fint ord som gjer
seg svært godt i EU-søknader og elles når ein prøver
å legitimere søknader om pengestøtte. Som ein av dei
som har utdanna seg til å bli ein slags forvaltar av
norsk språk, ser eg på det som eitt av ansvarsområda
mine å dele fagkunnskapane mine med folk også
utanfor akademia. Eg er statstilsett, og eg er éin
av dei som har kompetanse til å uttale seg og gje
råd om språklege spørsmål.
Men er
det ein skriv utanfor poenggjevande kanalar, mindre
fagleg kvalifisert? Er det slik at ein lege berre
gjer godt fagleg arbeid når han sit på eit
legekontor, mens det ikkje tel om han hjelper ein
person som skada seg når legen ikkje er på jobb og
skriv rapportar og rekningar? Problemet er at ein
ikkje kan telje og kontrollere det som skjer utanfor
den offisielle samanhengen. Men dette problemet er
først og fremst relevant for dei som vil eller må
telje av ein eller annan grunn. Som forskarar og
formidlarar har dei fleste av oss først og fremst
ein indre motivasjon ut ifrå faget vårt, og ikkje
fordi vi ønskjer å tene pengar eller å bli telte.
Når eg
skriv kronikkar, skriv eg som regel ut ifrå tema som
eg har med meg ifrå undervisninga mi. Eller eg tek
språklege tema eg har diskutert i ein kronikk,
tilbake til studentane mine og gjer stoffet til
gjenstand for undervisninga. Ut ifrå mitt perspektiv
er dette det ideelle vekselbruket i eit fag som
norsk, der eg blant anna arbeider med språkbruk,
skriving, grammatiske spørsmål, språkhistorie,
forholdet mellom hovudmål og sidemål og
språkhaldningar. Studentar som utdannar seg innanfor
norskfaget, skal blant anna også opparbeide ein
kompetanse i å kunne delta i samfunnsdebattar der
kunnskapar om språk er viktig. Det er svært få
studentar på grunn-nivå som les vitskaplege
artiklar. Det er lettare å få studentane til å lese
om språklege tema i avisa. Dette er nært og relevant
for dei. Det er også lettare for meg som førelesar å
vere eit fagleg førebilete for studentane når eg
demonstrerer behovet for språkleg kompetanse rett
utanfor auditoriet der studentane og folk flest
faktisk er. Det er svært få som ville lese ein
artikkel om gammalnorsk syntaks i eit fagtidsskrift,
mens det kan vere fleire tusen som les og lærer om
grammatikk når eg vel ein meir tilgjengeleg
publikasjonskanal.
Måten
å presentere stoffet på i ein kronikk samanlikna med
ein vitskapleg artikkel er også meir direkte
relevant i forhold til det fagdidaktiske
perspektivet, som jo dominerer kvardagen til dei
fleste av oss som driv med både undervisning og
forsking. Det er undervisninga som kjem først, og
det er forskinga som er salderingsposten. Slik er
realiteten for dei fleste, uansett om ein skulle
ønskje at det var annleis. Førelesarane må gjere
unna undervisninga og så håpe at dei har tid og
overskot igjen til å kunne forske. Administrasjonen
på si side fordeler FoU-tid etter at
undervisningsbehovet er dekt. Når ein skal spare
pengar, reduserer ein FoU-delen. Det er slik
systemet er i praksis.
Skal
ein så hindre dei som faktisk ønskjer å skrive
fagrelatert, i å gjere dette ved å fordømme all
skriving som ikkje er rein forsking, som noko ein
skal gjere utanfor arbeidstida? Er det ikkje betre å
delta i utviklinga av faget sitt på mange ulike
arenaer enn å ikkje skrive i det heile når ein ikkje
har nok samanhengande tid til å skrive poenggjevande
artiklar? Dette temaet er nok aktuelt for mange
innanfor forskings- og utdanningssektoren. Er det
slik at det eg skriv her og no, burde skrivast
utanfor arbeidstida? Skal der vere slik at alt som
ikkje kan teljast og målast direkte og som gjev
økonomiske resultat, er noko akademikarane må drive
med utanfor den ordinære jobben? – Eit anna spørsmål
er korleis ein skal definere tida utanfor jobben.
Dei fleste eg kjenner, les til dømes faglitteratur i
«fritida». Men dette kan ikkje målast og er ikkje
synleg på nokon måte. Dermed er det heller ikkje
noko heitt debatt-tema. Ein akademikar vil nok meine
at ein alltid er på jobb uansett kvar ein er.
Kanskje arbeidsgjevarane burde bli litt flinkare til
å sjå inntektene i eit større perspektiv. Dersom ein
reknar reklameverdi i form av pengar det kostar for
spalteplass i aviser og tidsskrift, ville ei halv-
eller heilside med stoff frå den forskings- og
utdanningsinstitusjonen ein representerer, faktisk
vere verd mykje meir enn 60 avlagte studiepoeng
eller to publikasjonspoeng. Men det er klart, desse
«pengane» kan ikkje teljast konkret, og dei kjem
ikkje som friske pengar inn i systemet. Det hadde
likevel vore fint om ein kunne få litt meir respekt
og aksept for fagskriving og fagdidaktikk i det
offentlege rom som ein del av det naturlege arbeidet
til ein statstilsett som driv med både undervisning
og forsking og forvalting av eit fag på vegner av
utdanningssamfunnet.