|
IKT og morgondagens universitet - kunnskapens
"nettbank"
Den 02.03. hadde eg eit innlegg i Adresseavisen om "IKT
og morgondagens studentar" der eg konstaterte at informasjons-
og kommunikasjonsteknologien (IKT) hadde endra samfunnet vårt
på mange område, og at dette bl.a. har ført
til at fleire og fleire studentar har blitt aktive brukarar
av IKT i sin studiekvardag. Det er lett å observere
at studentane tilpassar seg den nye teknologikulturen, og
at universiteta og høgskolane på sin måte
også prøver å vere moderne utdanningsinstitusjonar.
Min påstand var at ein ville få problem med å
fungere i morgondagens samfunn dersom ein ikkje lærte
seg å bruke ulike IKT-medium. Gjennom lesarbrev i Adresseavisen
veit ein bl.a. at det allereie i dag er mange bankkundar som
føler at dei har eit handikapp fordi dei ikkje blir
fortrulege med nettbaserte banktenester. Morgondagens studentar
vil vere "IKT-studentar". Dette blir bl.a. sikra
gjennom dei nye læreplanane for skolen og den generelle
utviklinga i samfunnet.
Morgondagens universitet vil
i stor grad vere eit "IKT-universitet". Dette tyder
ikkje at all undervisning vil vere IKT-basert. Det tyder heller
ikkje nødvendigvis at den tradisjonelle "klasseromsundervisninga"
vil forsvinne. IKT vil derimot bli brukt i stadig fleire samanhengar.
Nokre gonger av pedagogiske omsyn: fordi ein meiner at det
kan gje betre læringsvilkår, og andre gonger av
reint praktiske omsyn: fordi det er meir fleksibelt, bl.a.
fordi ein ikkje treng å vere til stades på same
tid og i same rom.
Sjølv om det er mange
bankkundar i dag som har problem med nettbanken sin - eller
som rett og slett ikkje har noko forhold til nettbaserte banktenester
- vil det i framtida vere stadig fleire studentar som kjem
til å nytte studieressursar som er tilrettelagde på
ein liknande elektronisk plattform som ein nettbank. Det kan
t.o.m. hende at studentar vil velje universitet ut frå
kven som tilbyd dei beste nettbaserte tenestene. Dvs. studentane
vil kunne skifte universitet på same måte som
ein bankkunde skiftar bank når han får betre vilkår
ein annan stad.
Ronald Grini skreiv den 06.03.
i Adresseavisen om kvalitetsreforma og omtalte universiteta
som moglege "honningfeller" fordi studentane ikkje
alltid blir følgde opp godt nok undervegs. Når
det blir lettare å velje studietilbod frå ulike
universitet og høgskolar, vil det truleg føre
til ein større konkurranse mellom lærestadene,
noko som i sin tur må resultere i betre studiekvalitet
for at ein skal klare å "kapre" studentar.
I samband med dette er det viktig å presisere at samanlikninga
med nettbanken ikkje representerer eit kunnskapssyn der læring
utelukkande vil skje ved å mogleggjere tilgang til digitale
informasjonsbankar.
På morgondagens IKT-universitet
vil oppfølginga av studentane truleg vere betre i nokre
samanhengar. Det er ikkje lett å få kontakt med
førelesaren eller medstudentane når to hundre
studentar er samla i eit auditorium. På den delen av
studiet som i framtida vil vere lagt ut på nettet, vil
ein kunne skrive e-post til førelesaren eller hjelpelærarar
og stille dei spørsmåla ein ikkje torde å
stille i auditoriet, ein vil kunne vere med i mindre arbeidsgrupper
saman med andre studentar der ein kan diskutere anten samtidig
eller vha. såkalla diskusjonslister. Spørsmål
som er vanlege og som har blitt stilt før, vil vere
samla i ein "bank" der ein lett kan finne dei rette
svara. Ved å skreddarsy dei nettbaserte tenestene til
det enkelte studietilbodet vil altså den enkelte studenten
truleg ha tilgang til mange fleire relevante ressursar og
dermed kunne få eit kvalitetsmessig betre tilbod. T.d.
vil det vere mogleg å lage ekstra oppgåver for
studentar som har problem med overgangen frå den vidaregåande
skolen til universitetet. Det vil også vere lettare
å finne andre studentar med dei same problema. Elles
vil det vere mogleg å teste sin eigen studieframgang
og få tilbakemeldingar - anten automatisk genererte
eller personlege - frå førelesaren eller hjelpelæraren.
Det er likevel ikkje slik at
teknologien løyser alle problema av seg sjølv.
Teknologien er berre eitt middel som vil spele ei viktig rolle
i kvalitetsreforma. Føresetnaden for morgondagens IKT-universitet
er at førelesarane veit kva potensial - og grenser
- som ligg i teknologien, og at ein tek vare på kommunikasjonsaspektet
og den personlege kontakten med studentane. Det er samtidig
viktig at studentane skjønner korleis morgondagens
IKT-universitet - "kunnskapsbanken" - fungerer og
kva det tyder å vere IKT-student. På same måte
som ein ny student i "det verkelege livet" (real
life - RL) må lære seg å finne seg til rette
på campus og få kontakt med førelesarar
og medstudentar, må IKT-studenten lære seg å
kommunisere og studere vha. IKT. Viss ein går ut frå
at bruken av IKT fører til at all relevant informasjon
alltid er tilgjengeleg, vil det om ikkje anna truleg føre
til at studentane i framtida vil vite kva dei går til
og at dei dermed ikkje oppfattar universitetet som ei honningfelle.
IKT-universitetet er berre i startgropa enno, og sjølv
om mange - både førelesarar og studentar - er
skeptiske til utviklinga, er det grunn til å vere optimistisk
når det gjeld å få til betre studiekvalitet
i framtida der IKT er eitt av fleire nyttige hjelpemiddel.
JENS HAUGAN
Jens.Haugan@plu.ntnu.no
Laboratoriet for IKT og læring, NTNU
og Voksenopplæringsinstituttet (VOX)
|