Adressa hadde 8.9. ti ”fakta” om språksituasjonen,
som eg vil tilbakevise som rein propaganda:
1.
I 2005 fekk vi ny språkpolitisk strategi ”Norsk i
hundre”. Språkrådet laga også rapporten ”Språkstatus
2010”. I 2008 kom stortingsmeldinga ”Mål og meining.
Ein heilskapleg norsk språkpolitikk.” Ny Bokmålsnorm
kom i 2005, ny nynorsknorm kjem i 2011. Ingen blir
knebla, og alle kan komme med innspel til
Språkrådet. Meir demokratisk kan ein neppe gjere
prosessen.
2.
”Lov om målbruk i offentleg teneste” skal sikre
likestilling mellom målformene. Er dette ”dypt
udemokratisk”?
3.
To skriftspråk kostar - som kultur og samfunnsliv
generelt.
4.
Vis oss konkrete tilfelle der innvandrarar ikkje har
lykkast pga. manglande kunnskapar i sidemålet, og at
mållova er ”direkte til hinder”.
5.
Kven er dei ”altfor mange [som] lever i dag fett av
de nynorske privilegier”? Å få offentlege skjema på
si eiga målform, er ikkje eit privilegium, det er
ein rett. Bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar har den
same retten.
6.
Sidemålsopplæringa er ikkje ein konsekvens av
mållova. Læreplanverket legg vekt på fem
grunnleggjande ferdigheiter. Det finst ulike emne i
matematikkfaget, og det finst ulike emne i
norskfaget, utan at ein treng politiske parti for å
fjerne delar av pensumet fordi dei er ”direkte til
hinder for norsk ungdom”.
7.
At ”den kunstige favorisering” av nynorsk går ut
over ”naturlige norske dialekter” er ein av dei
største faktafeilane. Språkutviklinga sidan
innføringa av radio og TV går berre éin veg, nemleg
mot normalisering i retning av bokmål. Mange unge
seier dei snakkar bokmål. Dei har ingen følelse av å
snakke dialekt. Også i nynorskkommunar hermar ungane
etter språket på barne-TV. Det var dansk og i neste
omgang bokmålet som førde til ei utvatning av dei
norske dialektane.
8.
Ivar Aasen ville ikkje tvinge nokon til å bruke
landsmålet. Han stolte på at folk skjønte at det var
meir naturleg å skrive norsk enn dansk. Ørbæk tek
ting ut av sin historiske samanheng.
9.
Når nynorsken opna for å ta inn fleire former som
nokon vil kalle bokmålsformer, var det for å skape
eit levande skriftspråk som tek omsyn til den
språklege variasjonen i Noreg. Bokmål har
gjennomgått mange rettskrivingsreformer, og det same
har nynorsk.
10.
Tipunktslista er ”direkte til latter” i eit opplyst
norsk språksamfunn. I Sveits har ein tre offisielle
skriftspråk, og i mange afrikanske land snakkar ein
opptil ti ulike språk. Internasjonalt er
fleirspråklegheit heller regelen enn unntaket.