|
Send eit e-brev per e-post
Ordet/termen e-post står for elektronisk
post, som er den norske varianten av det engelske e-mail.
Sidan det er svært vanleg å låne inn engelske
ord frå dataterminologien (utan at dette burde forsvare
innlånet), er det mange i Noreg (og verda for øvrig)
som seier/skriv e-mail [i-meil]. Sidan det neppe er
nokon som seier at han skal gå til postkassestativet
sitt utanfor døra for å sjå etter mailen
sin når det er snakk om "vanleg" brevpost,
er det heller ingen grunn til å bruke e-mail
i norsk berre fordi det tilfeldigvis er eit ord frå
engelskspråkleg dataterminologi, og alle som vil vise
at dei skjønner seg på data, bør bruke
flest mogleg engelske termar.
Norsk språkråd har tilrådd den norske
nemninga og skrivemåten e-post med bindestrek.
Lars Aarønæs (Skriv enda bedre, 1999:76)
argumenterer for at ein heller burde skrive epost sidan
ein også har ord som brevpost og ekspresspost.
Aarønæs meiner at ein vil kunne tru at e-post
er noko som kjem fram til mottakaren lenge etter b- og c-post.
A-, b- og c-post er derimot ord som er sett saman av bokstavane
a, b, c + post. I staden for bokstavane kunne ein like
godt ha brukt tal, t.d. 1-post, 2-post, 3-post (ein
kunne elles t.d. òg ha brukt x-, y-, z-post
med same nytte). Bokstavane har ikkje nokon annan funksjon
enn å signalisere ei administrativ prioritering for
dei som skal levere posten. I slike tilfelle kan ein ikkje
seie at bokstavane representerer noka form for forstaving
på lik linje med t.d. ut- i ordet utpost
(som ikkje er det same som ut-post, noko eg ville tolke
som utgåande post, versus inn-post, som
ville vere innkommande post). Bokstaven e i
e-post representerer ei forkorting for eit sjølvstendig
ord med eit konkret innhald, nemleg elektronisk. Når
ein forkortar ordet elektronisk til e, vil det
"hengje seg på" ordet det modifiserer, som
er post. Bindestreken kan her signalisere at e-en
representerer eit eige innhald som også kan uttrykkjast
som eit sjølvstendig ord, nemleg elektronisk.
Skrivemåten epost kan ein eventuelt argumentere
for dersom ein oppfattar eininga som eit nytt ord der den
opphavlege meininga til e-en er underordna. I så
fall burde ein kanskje også byrje å skrive everk
(energiverk), avåpen (atomvåpen), hbombe
(hydrogenbombe), dvs. ein vil få ei mengd med nye, utradisjonelle
skrivemåtar i norsk.
Legg elles merke til at nemninga e-brev, som sjølvsagt
tyder elektronisk brev, er svært lite brukt.
Ein skriv og sender e-post, og ein får e-post,
men det er få som seier at dei skriv eit e-brev.
Post er derimot meir ein "samleterm" på
lik linje med t.d. frukt, som kan vere eple, banan,
appelsin e.l. Når ein får post, kan det sjølvsagt
hende at det er eit brev, men det kan òg hende at det
er eit postkort eller ein pakke. Når ein sjølv
skal sende noko med posten (Posten), veit ein som regel kva
det er ein sender: anten eit brev, eit kort eller ein pakke
(eller ei anna form for postsending). Ein skriv ikkje
ein pakke, men ein pakke kan vere post. Per e-post
kan ein elles også sende andre elektroniske filer enn
brev (sjølv om desse i så fall gjerne er "hengde"
på eit e-brev som vedlegg (attachment)).
Det er ikkje særleg vanleg å seie at ein skriv
post, men det er svært vanleg å seie at ein
skriv e-post, gjerne også "skrive/få
ein e-post". Korleis ville det høyrast ut dersom
nokon sa at "no skal eg gå og sjå om eg har
fått ein post i postkassa"? Send meg gjerne eit
e-brev per e-post.
Jens Haugan
|