|
Asylsøkjarar og norskopplæring
I det siste har ein kunna lese fleire oppslag om at asylsøkjarar
ikkje lenger får norskundervisning. På grunn av
dette vil mange asylsøkjarar bli isolerte og sjuke.
Legane reknar med at dei helsemessige konsekvensane kan koste
samfunnet like mykje som det ein ønskjer å spare
ved ikkje lenger å investere i personar som kanskje
ikkje får opphaldsløyve i Noreg likevel, skreiv
Adresseavisen 08.01.03.
Det er mykje ein kunne ha sagt
om måten ein behandlar utlendingar på som frå
før har det vanskeleg nok. Ein kan jo alltids unnskylde
seg med at ingen har bede dei om å komme til Noreg.
Ein kunne òg fokusere på kor uheldig det ville
vere dersom resultatet er at alle utlendingane i Noreg generelt
blir assosierte med manglande norskkunnskapar og forståing
for norsk kultur. I staden vil eg sjå på nokre
økonomiske og andre samfunnsmessige sider ved denne
politikken.
Generelt sett kan ein seie at utlendingar ikkje har det særleg
lett i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land. Trass
i offisiell norsk politikk som skal hindre diskriminering
og fremme likestilling, opplever mange utlendingar at dei
i ulike samanhengar ikkje kan konkurrere med nordmenn trass
i gode formelle føresetnader. No er det jo ikkje berre
yrkesutdanning som blir rekna som ein formell føresetnad.
Språkkunnskapar er også ein viktig del av den
personlege kompetansen. Kva nyttar det å ha masse utdanning
når ein ikkje kan kommunisere på norsk?
Det ser ut til at Noreg i framtida
vil ha eit aukande behov for utanlandsk arbeidskraft. Ein
utanlandsk arbeidstakar som får jobb (og arbeids-/opphaldsløyve)
i Noreg, har rett til å følgje dei ordinære
innføringskursa i norsk. Dvs. at arbeidstakaren truleg
treng ei tid før han vil fungere optimalt i jobben
og i det norske samfunnet.
Det hadde sjølvsagt vore betre om han hadde kunna litt
norsk før han kom til Noreg. Når det gjeld mangelen
på sjukepleiarar i Noreg, har ein t.d. byrja å
organisere norskkurs for sjukepleiarar i fleire land for å
gjere noko med denne problemstillinga. Er det så noko
å tene på å investere i norskopplæring
for utlendingar?
Når ein ser på rekrutteringa av utvalde yrkesgrupper
i samband med målretta norskopplæringsprogram,
er effekten lett å sjå og måle. Men kva
vil ein eventuelt kunne tene på å undervise asylsøkjarar
som kanskje ikkje ein gong får opphaldsløyve
i Noreg og reiser tilbake til heimlandet (eller eit anna land)?
For å illustrere nokre
av effektane som norskopplæring kan ha, vil eg fortelje
om eit norskkurs eg har halde i Tyskland for ein del år
sidan. Universitetet i Leipzig hadde vendt seg til NTNU og
bede om at nokon kunne halde eit intensivkurs i norsk. Noreg
har av ulike grunnar ein heilt spesiell status i Tyskland,
og det er ikkje for ingen ting at tyskarane utgjer den største
gruppa turistar ved sida av svenskar og danskar.
Tyskland er også ein viktig handelspartnar for Noreg.
Det var ca. 20 personar med bakgrunn frå ulike institutt
og randsoneinstitusjonar som hadde meldt seg på norskkurset
som blei sett i gang på relativt kort varsel. Den direkte
målbare effekten av kurset var at fire av dei 20 deltakarane
seinare valde å komme til Trondheim og studere. Kan
hende har nokon også vore ved eitt av dei andre universiteta.
Men spørsmålet er om det finst andre effektar
som kan vere mykje viktigare.
Dei fleste av kursdeltakarane
hadde aldri vore i Noreg før. Det er grunn til å
rekne med at fleire har blitt inspirerte til å reise
til Noreg minst éin gong etter kurset.
Mange turistar som har vore
i Noreg, vel å komme igjen fleire gonger - og dei fortel
om Noreg til venner og kjende. Dvs. kunnskap om norsk språk
og kultur er ein direkte inspirasjon til å reise til
Noreg og dermed også ei direkte inntektskjelde for Noreg.
Ved sida av at tyskarane generelt viser positiv interesse
for Noreg, står miljøorganisasjonar som Greenpeace
og andre relativt sterkt i Tyskland. Éin konsekvens
av dette har vore boikott av norske varer, som t.d. norsk
laks. Nokre gonger kan ein berre undre seg over korleis norsk
politikk kan bli oppfatta i utlandet. Som norsklærar
må ein derfor t.d. også ofte diskutere norsk kvalfangst.
Det er ikkje rart at ein kan få eit lite nyansert bilete
av norsk kvalfangst når ein blir "fôra"
med bilete av blåkval. Det er berre gjennom opplæring
i norsk språk og kultur ein kan motverke at Noreg taper
pengar på at utlendingar boikottar norske varer på
feil grunnlag. Mange av oss har t.d. i si tid boikotta afrikanske
varer og trudd at vi gjorde noko bevisst og positivt.
Kva har dette å gjere
med asylsøkjarane i Noreg? Dei vekene eller månadene
asylsøkjarane oppheld seg i Noreg, representerer ei
unik moglegheit til å spreie kunnskap om norsk språk
og kultur på ein positiv måte.
Dersom asylsøkjarane blir godt kjende med Noreg og
kanskje til og med får eit kontaktnett, vil det vere
meir sannsynleg at dei kjem tilbake som turistar eller eventuelt
også som arbeidstakarar. I mellomtida har dei kanskje
reklamert for Noreg i heimlandet, noko som kan føre
til auka interesse for norske varer og turisme. I nokre tilfelle
vil norskkunnskapane eventuelt kunne vere ein verdifull kompetanse
i heimlandet.
Og for alt ein veit, kan jo ein som er asylsøkjar
i Noreg i dag, vere ein framtidig statsleiar i heimlandet
som skriv under handelsavtalar med andre land, og då
spørst det om det var verdt å spare nokre millionar
på å ikkje gje asylsøkjarane moglegheita
til å bli kjende med Noreg på ein best mogleg
måte
jens.haugan@plu.ntnu.no
|