|
IKT og morgondagens studentar
Informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT) har endra
samfunnet vårt på mange område. På
få år har datamaskina blitt allemannseige i mange
såkalla siviliserte land, og ho har blitt ein relativt
viktig del av kvardagen til dei fleste. For ti år sidan
var det få studentar som hadde eigne datamaskiner, og
det var også relativt få studentmaskiner på
universiteta og høgskolane samanlikna med dagens situasjon.
No kan ein rekne med at dei fleste studentane har eigne maskiner
heime, og studentane ventar å ha tilgang til datamaskiner
på lærestadene. Om relativt kort tid vil det vere
normalt at studentane har berbare datamaskiner kopla til eit
trådlaust datanett.
Det ser ut til at samfunnet har endra seg i takt med
den teknologiske utviklinga. Studentane har tilpassa seg den
nye teknologikulturen, og universiteta og høgskolane
prøver også på sin måte å vere
moderne utdanningsinstitusjonar.
Det er vanleg at studentane får tilbod om å gå
på datakurs. Det er eit mål at alle har visse
grunnkunnskapar om datamaskiner. For nokre år sidan
var det å gå på datakurs på universitetet
nesten som å ta førarkortet. Det var noko ein
gjorde når ein gjekk over i dei vaksnes verd. Men utviklinga
går fort. Det er framleis mange som ikkje har brukt
datamaskin før dei byrjar å studere. Men IKT-opplæring
har etter kvart kommen inn i læreplanane for barne-
og ungdomsskolen, og det er mange foreldre som meiner at dei
må gje ungane sine ein god start i livet ved å
kjøpe datamaskin så tidleg som mogleg. Å
lære å bruke datamaskin, blir som å lære
å lese og skrive. Kan ein ikkje bruke datamaskin, blir
ein funksjonell analfabet i morgondagens samfunn.
IKT sin historie og stilling i det moderne samfunnet har sjølvsagt
konsekvensar for morgondagens utdanningsinstitusjonar. Studentane
vil ha med seg kunnskapar og haldningar om IKT når dei
byrjar på universitet og høgskole. Men studentane
har alltid hatt hjelpemiddel i sin studiekvardag. Ein har
alltid hatt informasjonskjelder og skrivereiskapar. Kva er
det då som er så radikalt nytt med studiekvardagen
i framtida?
Morgondagens studentar må ikkje berre kunne bruke datautstyret.
Dei må også kunne fungere i eit nytt kommunikasjonssamfunn.
Mykje av undervisninga kan i framtida bli flytta frå
auditoria til ein digital læringsarena, dvs. inn i "cyberspace".
Dette kan føre til at nokre studentar får problem
fordi dei ikkje er sosialiserte inn i den nye digitale kommunikasjonsverda.
Men det kan faktisk òg føre til mykje tettare
oppfølging av studentar og betre kontakt studentane
imellom. Det som kan verke fremmendt og skremmande i dag,
vil vere heilt vanleg i framtida. Tid og rom vil spele ei
mindre rolle, og med digitalisere læringsomgjevnader
vil mange fleire i framtida kunne ta utdanning uavhengig av
kvar dei bur i landet - eller eventuelt verda. IKT i morgondagens
utdanningssamfunn vil derfor vere med på å fremme
likestilling og livslang læring. Det som byrja med "datanerdar"
som bl.a. Bill Gates for nokre tiår sidan, har ikkje
berre endra teknologien radikalt, det held faktisk òg
på å endre utdanningssamfunnet vårt i mykje
større grad enn ein kunne ha førestilt seg då
dei første datamaskinene gjorde sitt inntog på
universiteta og høgskolane og mange professorar ikkje
kunne skjønne korfor dei ikkje skulle få bruke
skrivemaskin lenger.
JENS HAUGAN
Laboratoriet for IKT og læring, NTNU
og Voksenopplæringsinstituttet (VOX)
Jens.Haugan@plu.ntnu.no
|