Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Trafikkskiltsemantikk”. Adresseavisen, 07.08.2004.

Trafikkskiltsemantikk

Særleg uvanleg ekstra stor elgfare …

Kva gjer ein som trafikant når ein ser eit trekantskilt med ein elg på? Den raude trekanten signaliserer at ein skal vere ekstra merksam og førebudd. I dette tilfellet gjeld det moglegheita for at elg kan dukke opp langs eller på vegbanen.

            Mange barnefamiliar vil kanskje sjå litt ekstra nøye i terrenget langs vegen. Det hadde jo vore fint å faktisk sjå ein elg ein gong. Men som regel blir ein ”skuffa”. Trass i at det finst periodar med litt betre sjansar (større fare?) for å sjå elg, dukkar det i grunnen sjeldan opp nokon elg når ein ser etter han, sjølv om ein vrid hovudet i alle retningane og lover ut dusør til den første som klarer å skode ein elg.

Trafikkskiltet (den raude trekanten med ein elg i midten) gjer ein i utgangspunktet merksam på moglege trafikkfarlege situasjonar, mens naturelskaren kan tolke skiltet som ein bodskap om at naturen stiller med noko ekstra spennande å sjå på. Men det same korleis ein tolkar skiltet, vil ein som regel vere litt ekstra merksam på terrenget langs vegen. Skiltet gjer altså i praksis det det skal på ein måte.

I dei fleste tilfella er skiltet utstyrt med eit tilleggsskilt der det står noko om kor lang strekninga er der ein skal vere merksam på elg eller der det er ein viss (større?) sjanse for å sjå elg. Men skiltet kan også vere utstyrt med eit ekstra skilt med utfyllande tekst. Mellom Trondheim og Oslo kan ein sjå ulike variantar av den utfyllande teksten. Men det ein kan spørje seg, er kva funksjon teksten eigentleg har.

Som sagt, ser ein eit trekantskilt med ein elg på, er ein ekstra merksam på at det kan dukke opp elg langs eller på vegbanen. I utgangspunktet kan det jo dukke opp elg meir eller mindre kvar som helst langs norske vegar. Men nokre stader er moglegheita eller risikoen – alt etter korleis ein ser på det – større enn andre stader. Kva gjer ein så når det står ”Stor elgfare” under skiltet? Ein viser endå litt større merksemd. Men kva når det står ”Særleg stor elgfare”? Kor mange sansar skal ein bruke for å reagere riktig på dette skiltet? Eller kva med ”Ekstra stor elgfare”? Finst det nokon retningslinjer for kor fort eller sakte ein skal køyre når ein ser skiltet med denne teksten i forhold til den litt mindre dramatiske teksten?

Ein skal tilpasse farta etter trafikkforholda. Det må sjåføren alltid vurdere etter dei rådande forholda der og då. Men er vi i stand til å handtere trafikkskiltsemantikken i dette tilfellet? ”Ekstra stor elgfare” burde jo nesten vere ein garanti for at ein treffer på elg. Men når ein t.d. så ser skiltet ”Uvanleg stor elgfare”, må ein verkeleg spørje seg korleis ein skal rangere dei ulike tekstane i forhold til kvarandre. Er ”uvanleg stor” relativt sett større enn ”ekstra stor” eller ”særleg stor”? Går det an å bruke prosentrekning på desse uttrykka? Skal ein vere uvanleg merksam på trafikkforholda i dette tilfellet?

Spørsmålet er om er ein nøydd til å bruke desse tilleggsskilta fordi det har gått ”inflasjon” i dei vanlege elgskilta og dei fleste faktisk ikkje reknar med å sjå nokon elg, sjølv om ein ser eit skilt med ein elg på. Variasjon er jo elles òg ein kjend pedagogisk teknikk. Eller er tilleggsskilta der for at turistane skal bli forvirra, eller kanskje skjønne at det faktisk er alvor, slik at dei ikkje skal stele dei populære elgskilta? For levande elg ser dei jo som regel ikkje langs vegen når ein ønskjer det…

Personleg kan eg ikkje sjå nokon grunn til at det skal vere behov for noko utfyllande skilt i tillegg til det eintydige ”Elgfare”. Står det ”Elgfare”, køyrer ein litt ekstra varsamt og ser etter elg. Er det då behov for ein så nyansert ”skiltsemantikk” som ein har i dag? Burde det då kanskje stå ”Uvanleg stor fotgjengarfare” ved fotgjengarovergangane i sentrum …?