Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / published as: "Skoletvang og ordmagi" i Hamar Arbeiderblad, 08.12.2015, s. 23. [pdf]
Kommentar til Cordial Bardalen (Hedmark Unge Høyre) og Maren Helberg (Hamar og omegn Unge Høyre) "Tvang er en brems" i Hamar Arbeiderblad, 30.11.2015, s. 26. [pdf]


Skoletvang og ordmagi
________________________________________

JENS HAUGAN
Dosent i norsk
Høgskolen i Hedmark

Hamar dialekt- og mållag
________________________________________

Vi menneske er så heldige at vi har språk. Språk gjer at vi kan kommunisere med kvarandre. Vi kan dele tankar og meiningar, og vi kan til og med skape nye verkelegheiter ved hjelp av språk. Men dette gjer blant anna også at vi ikkje alltid er einige om alt. Av og til må ein også spørje kven som har definisjonsmakta.

Politikarar høyrer til dei som ofte prøver å endre verkelegheita berre ved å bruke ulike ord. «Solidaritet i form av bidrag til felleskassa» versus «skattetrykk»; ein snakkar om det same, men ut frå ulike perspektiv. Det er ikkje ukjent at mange politikarar på høgresida ikkje akkurat er for nynorsk. Dette går heilt tilbake til tidleg på 1800-talet då språkspørsmålet dukka opp, og blant anna Wergeland og Welhaven debatterte i avisene om ein skulle halde fram med dansk som «norsk» skriftspråk, eller om ein skulle finne fram til ei anna løysing. Det har alltid vore ein motsetnad mellom såkalla konservative politikarar og meir radikale politikarar. Også her ser ein «ordmagi» knytt til omgrepa «konservativ» og «radikal».

I Noreg har vi opplæringsplikt – ein kunne også ha sagt at vi er så heldige at vi får delta i organiserte læringsaktivitetar. Ei slik «plikt» er pålagt den enkelte ut frå det synet at vi alle har samfunnsansvar på ulike område. Sidan mange politikarar på høgresida tenkjer liberalistisk og ønskjer minst mogleg innblanding frå staten, kan ordet «plikt» gjerne bli bytt ut med «tvang» der det måtte passe for å fremje eigne standpunkt. Ein har matematikk, engelsk, gym og mange andre fag i skolen, men det einaste faget politikarane på høgresida bruker ordet «tvang» om (og då er det berre ein liten del av faget norsk), er sidemålet – og ein meiner som regel nynorsk. Ein vel bevisst å sjå bort frå at bokmål også kan vere sidemål for svært mange elevar.

Mange av dei same politikarane er tilsynelatande ekspertar på undervisning og læring og kjem med velmeinande råd om at det vil gå så mykje betre med sidemålet dersom ein berre slapp å bli tvinga til å lære det. Ut frå den same argumentasjonen bør vel alle skoleelevane få førelagt ei liste med skolefag som dei kan velje frå – uavhengig av kva samfunnet måtte meine ein har bruk for, og så ville vi få verdas beste skole. Ut frå same argumentasjon skulle elevane heller ikkje bli tvinga til å lære engelsk, for «Er det ikke da betre å kunne ett skriftspråk godt enn to halvdårlig?», som Hamar og Hedmark Unge Høgre spør.

Det er ille nok at det finst politikarar som meiner at ein blir betre av å lære mindre, men det som kanskje er mest oppsiktsvekkjande, er at vi lever i eit såkalla demokratisk samfunn der det finst politikarar som meiner at ein berre kan velje bort ein stor del av norsk kultur og historie og, ikkje minst, som meiner det er demokratisk å fortelje alle nynorskbrukarane at dei andre i samfunnet bør få lov til å velje dei bort. Nynorsk er ikkje eit skolefag; det er ein del av det norske samfunnet. Språk handlar ikkje berre om skriving, men også om menneske.