Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / published as: "Likestilling og ytringsfridom" i Hamar Arbeiderblad, 16.05.2015, s. 25. [pdf]
Kommentar til Bjørn Kristen Ørbæk "Statistikk og språkfakta" i Hamar Arbeiderblad, 07.05.2015, s. 24. [pdf]


Likestilling og ytringsfridom
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark

Hamar dialekt- og mållag
________________________________________

Er likestilling ein trussel for nokon? Er likestilling eit privilegium?

Stortinget vedtok i 1885 at Noreg skulle ha to likestilte skriftspråk. Det eine var dansk, som ein hadde brukt som einaste skriftspråk i mange hundre år. Det andre var det nye skriftspråket som var eit tverrsnitt av dei norske dialektene på 1800-talet. Ikkje uventa var dette ein trussel for dei konservative den gongen.

I byrjinga av 1900-talet ønskte ein å komme fram til eitt felles skriftspråk i Noreg. Sidan mange nekta å gå med på ei tilnærming av begge skriftspråka (samnorsk), skapte dette ein situasjon der brukarar i begge leirar var redde for å miste sitt skriftspråk heilt. Staten har derimot heile tida garantert likestillinga av begge skriftspråka. Dette er ein lovbestemt rett, ikkje eit privilegium. På same måte som det er ein rett å leve som lesbisk eller homofil, eller å stemme på det partiet ein likar best.

Det er interessant at Ørbæk, som på mange måtar representerer eit parti som har færre medlemmar enn det er nynorskbrukarar, vil at nynorskbrukarane skal gje opp å forsvare sin rett til å bruke det eine offisielle skriftspråket. Det er også interessant at ein blir kalla for «sektpreget» når ein prøver å forsvare sin rett offentleg, berre fordi ein høyrer til eit mindretal.

Skal ein halde kjeft her ein sit på «sin ensomme uriaspost i tykkeste bokmålsland», berre fordi Ørbæk ikkje likar folk med andre meiningar? Skal Ørbæk ha rett til å mobbe nynorsken og nynorskbrukarane år etter år, berre fordi han høyrer til eit fleirtal? Ørbæk har rett til å ytre og meine kva han vil. Hans meining er likestilt med meininga til oss andre. Men eg har likevel problem med å skjønne at det å forsvare to likestilte skriftspråk og alle dialektene skal vere ein trussel og «sektpreget», samtidig som den andre parten argumenterer for einsretting og undertrykking av minoritetar.