Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / published as: "Nynorsk og samisk" i Hamar Arbeiderblad, 27.03.2015, s. 29. [pdf]
Også publisert som: "Nynorsk og samisk" i Gudbrandsdølen Dagningen, 01.04.2015, s. 47. [pdf]


Nynorsk og samisk
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark

Hamar dialekt- og mållag
________________________________________

Eg møtte ei dame på 75 stolte år, som bur på Austlandet, og som snakkar ei blanding av austnorsk og vestnorsk, noko mange vil kalle for «knot». Då eg spurde ho korfor ho ikkje brukte den vakre dialekta si som tydelegvis låg gøymd der ein stad, fekk eg til svar at dei blei mobba for dialekta si då dei flytta til Austlandet for femti år sidan. Det var ikkje mogleg å snakke dialekt den gongen. Folk nekta rett og slett å forstå, og ein var tvinga til å leggje om talespråket til bokmål eller austlending. Den vakre, vaksne dama hadde eit sørgmodig drag over andletet då ho fortalde at ho hadde mista den språklege identiteten sin og ein del av seg sjølv, og at ho sakna nynorsken som ho vaks opp med. Minner ikkje denne historia mistenkjeleg mykje om det som ein gjorde mot samisktalande?