Publisert som / published as: "Sexy språk" i Hamar Arbeiderblad, 20.03.2015, s. 19. [pdf]
Også publisert som: "Sexy språk" i Gudbrandsdølen Dagningen, 21.03.2015, s. 52. [pdf]
|
Sexy språk
________________________________________
JENS
HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark
Hamar dialekt- og mållag
________________________________________
Ein dag då eg gjekk på jobb, passerte eg nokon barnskoleungar som var svært engasjerte i ein høglydt samtale. Éin av gutane ropte plutseleg heilt forskrekka: «Oi, eg sa sex i staden for sexy!» Dette var språkleg bevisstheit på høgt nivå, tenkte eg. Ikkje berre skjønte denne ungen at det var forskjell mellom substantiv og adjektiv, men det var også ei klar forståing av at éin lyd eller bokstav kunne endre tydinga til eit ord ganske dramatisk. På mange måtar var denne refleksjonen på eit mykje høgare nivå enn når enkelte meiner at ordformer som boka, melka/mjølka og stua er meir «usexy» enn former som boken, melken og stuen.
|